Hoppa till huvudinnehållet
Osterøy kommune logo
Ledigt jobb

Heimetenesta tilkallingsvikar 2026

Osterøy kommune
  • OrtOsterøy
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan31 dec.
  • Publicerad5 jan.

Om tjänsten

Om stillinga

Her kan du søka dersom du ønsker å vera tilkallingsvikar i ein av dei 2 einingane til Heimetenesta:

Heimetenesta - yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera hjelp til stell, mattillaging, legemiddelutdeling, reinhald og liknande
Hauge Omsorgsbustad - inneheldt 16 leiligheter der bebuarane er heimebuande. Hauge Omsorgsbustad har eige personale og har eit tett samarbeid med Heimetenesta

Arbeidsoppgåver​

  • Omsorg til menneske i deira eigen heim
Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.
Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand
Samarbeid med pårørande
Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar

Kvalifikasjonskrav​

  • Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen
Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B1 test i norsk. For sjukepleiarar gjeld krav om bestått B2 test
Krav om førarkort klasse B i Heimetenesta, ikkje ved Hauge Omsorgsbustad

Vi tilbyr​

  • Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta
Gode pensjons- og forsikringsordningar, for tida plasserte hjå KLP

Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglYSpørsmål om stillinga

Om du får tilbod om stillinga må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §5-4. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månader.

Alle søknadar skal registrerast digitalt gjennom JobbNorge.

Behovet for vikarar er situasjonsstyrt og kan variere i både i tid og omfang. Me vil derfor ta kontakt med aktuelle søkjarar etter kvart som behovet dukkar opp.

Ved spørsmål om arbeidsstad eller arbeidsoppgåver er du velkomen til å ta kontakt med ein våre avdelingsleiarar. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida. Du er sjølvsagt velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat om du berre ønskjer å vite meir om arbeidet før du eventuelt vel å registrere ein søknad!