
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon · Skjåk
Vil du vere med og forme framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar til Bismotunet bufellesskap. Her får du ei...
Vil du vere med og forme framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar til Bismotunet bufellesskap. Her får du ei sentral leiarrolle med ansvar for fag, drift og utvikling -- i eit sterkt fagmiljø som satsar på meistring, kvalitet og ny teknologi.
Vi treng ny avdelingsleiar for Bismotunet bufellesskap i 100% stilling, og søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar som vil vere med og vidareutvikle tenestene -- både fagleg og organisatorisk. Stillinga er ledig frå august.
I Skjåk kommune arbeider vi aktivt for å utvikle framtidsretta helse- og omsorgstenester i takt med innbyggjarane sine behov. Vi har eit sterkt fagmiljø og eit moderne bufellesskap personar med behov for tilrettelagde tenester. Meistring, kvalitet og gode individuelle løysingar står sentralt i arbeidet vårt.
Vi er aktive i utviklinga av meistringsteknologi, og utforskar korleis teknologi kan støtte bebuarane si sjølvstende, tryggleik og deltaking i eige liv. Dette gir spennande moglegheiter for deg som leiar til å bidra i utviklingsarbeid.
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å sikre gode tenester til bebuarane våre og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for dei tilsette. Du har ansvar for dagleg drift, journalføring, samordning og leiing av tenesta, og fagleg kvalitet og personaloppfølging.
Du samarbeider tett med tenesteleiar om dagleg drift, bemanning og utvikling av tenestene, og er stedfortredar ved fråvær. Stillinga er for tida dagarbeid.
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Meir informasjon om å livet i bygda finn du på nettstaden www.skjak.no.
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Vil du vere med og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge i Kvinnherad? Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar til Familiestøtte – ei sentral teneste for førebygging, tidleg innsats og støtte til barn, unge og familiar. Dette er ei spennande leiarstilling for deg som brenn for å utvikle tenester i tett samarbeid med dyktige fagpersonar, samarbeidspartnarar og lokalsamfunnet. Du får ansvar for eit viktig fagområde med stor betydning for barn og unge si helse, meistring og livskvalitet. Om arbeidsplassen Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst i Kvinnherad kommune. Eininga samlar dei fleste hjelpetenestene for barn, unge og familiar i kommunen, og består av seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, familiestøtte, avlastning- og butiltak for barn og unge og tverrsektorielt psykologteam. Eininga held til i Husnes tenestesenter. Som avdelingsleiar for Familiestøtte får du ansvar for fagleg, administrativ og strategisk leiing av avdelinga, og rapporterer direkte til einingsleiar. Du blir ein del av eit tverrfagleg og utviklingsorientert fagmiljø med eit felles mål om å styrkje oppvekstvilkåra for barn og unge i Kvinnherad kommune. Om stillinga Frå 1. oktober 2026 har Eining Barn og familie ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar for avdeling Familiestøtte. Familiestøtte består av: Familieteamet tilbyr familierettleiing, samtalar og gruppetilbod til barn, unge og familiar. Ungdomsteamet omfattar ungdomslosar, utekontaktar og ungdomsleiarar med ansvar for kommunen sine ungdomsbasar og lågterskeltilbod til ungdom. Tiltakskonsulent har ansvar for rekruttering og oppfølging av oppdragstakarar i eining barn og familie. Avdelingsleiar har også funksjon som kommunen sin SLT-koordinator og skal leie og vidareutvikle det lokale SLT-arbeidet (Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak). Dette er eit systematisk samarbeid mellom kommune, politi og andre offentlege og private aktørar for å styrkje det førebyggjande arbeidet blant barn og unge. Avdelinga har særleg fokus på tverrfagleg samarbeid, førebygging og utvikling av lågterskeltilbod. Medarbeidarane er den viktigaste ressursen i tenesta, og det er sentralt å sikre høg fagleg kvalitet, god rettleiing og eit inkluderande arbeidsmiljø. Eining barn og familie er oppteken av å nytte ressursane slik at dei kjem tenestemottakarane best til nytte. Det kan difor bli endring i arbeidsoppgåver og samansetning i avdelinga. Stillinga inneber noko arbeid på ettermiddag, kveld og i enkelte tilfelle helg, for å sikre god fagleg støtte og oppfølging av medarbeidarane. Arbeid med søknader om prosjekt- og utviklingsmidlar er òg ein viktig del av stillinga. Arbeidsoppgåver Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for: • Personal-, økonomi- og fagansvar for avdelinga • Planlegging, koordinering og dagleg drift • Internkontroll, kvalitetsarbeid og fagutvikling • Kvalitetssikring av rapportering og dokumentasjon • Rettleiing og oppfølging av medarbeidarar • Saksbehandling etter helse- og omsorgstenestelova • Leiing og koordinering av kommunen sitt SLT-arbeid • Utvikling og styrking av tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar Vi søkjer ein leiar med relevant høgare utdanning innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag. Søkjarar med annan relevant utdanning vil også kunne bli vurderte. Det er ønskjeleg med: • Relevant vidareutdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller rettleiing • Erfaring frå leiing og personaloppfølging • Kjennskap til offentleg forvaltning • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi søkjer deg som: • Har evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar • Er engasjert i førebyggjande arbeid for barn og unge • Har god organisasjonsforståing • Er utviklingsorientert, strukturert og målretta • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Skaper tillit og gode relasjonar • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert • Har fokus på tverrfagleg samarbeid • Har god digital kompetanse • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Vi tilbyr • Ei spennande leiarstilling i ei teneste i utvikling • Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver • Moglegheit til å påverke utvikling og framtidig retning for tenestene • Fagleg og personleg utvikling • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar og lovverk • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP • Dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglar • Moglegheit for sletting av inntil 25 000 kroner av studielån etter eitt år for busette arbeidstakarar i Kvinnherad • Ingen eigedomsskatt på bustad, fritidsbustad eller næringseigedom per i dag • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage Politiattest Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding. Kravet er heimla i barnevernslova § 12-11, opplæringslova § 17-11, barnehagelova § 30, helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen. Hva vi ser etter Kvalifikasjonar • Autorisert sjukepleiar • Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid • Gode norskkunnskapar • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Engasjert i fag og utvikling • Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert • Gode samarbeidsevner og ein positiv rollemodell for kollegaer • Har evne til å handtere ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag • Ønskjer å bidra til utvikling av arbeids- og fagmiljøet Arbeidsoppgaver Stilling er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene. Arbeidstid er dagtid i vekedagane, samt arbeid kvar 5. eller 6. helg. Arbeidsoppgåver • Medansvar for fag, kvalitet og kompetanseheving • Rettleie og støtte kollegaer og studentar • Bidra til fagutvikling, oppfølging av prosedyrar og internundervisning • Delta i tverrfagleg samarbeid og pasientoppfølging • Bidra til god samhandling mellom heimetenesta og institusjon Vi tilbyr • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale. • Pensjonsordning i KLP.
Os vidaregåande skule er ein kombinert skule som tilbyr studiespesialisering og yrkesfag. Skulen har om lag 700 elevar og 130 tilsette fordelt på to lokasjonar: Kolgskogheiane og Gymnasvegen. Ved studiespesialiserande tilbyr skulen fordjuping innan idrettsfag, realfag eller språk- og samfunnsfag. Skulen tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv, og teknologi- og industrifag. I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagd opplæring. Skulen sitt elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Visjonen vår byggjer på føremålsparagrafen i opplæringslova: Vi arbeider med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke. Skulen har ledig 100 % fast stilling som miljøkoordinator og miljørettleiar. Den som vert tilsett skal arbeida som ein del av skulen si elevteneste og arbeida med skulen sitt samla skulemiljø og i læringsmiljø i enkeltgrupper. Miljøkoordinator skal: • arbeide med, og planleggje for, førebyggjande, kontaktskapande og sosialpedagogiske aktivitetar for elevane våre • i samarbeid med elevteneste og skuleleiing, vere sentral i vidareføring av skulen sitt arbeid med eit trygt og godt skule- og læringsmiljø Arbeidsoppgåver I rolla som miljøkoordinator vert dette arbeidsoppgåvene: 1) Førebyggjande arbeid: • ta initiativ til og fremje tiltak som aukar trivsel og styrkar miljøet ved skulen • ha særleg søkelyset retta mot tiltak som motverkar mobbing, vald, rasisme og rusmiddelbruk • oppfølging av tiltak knytt til særskilte målgrupper som t.d. hybelbuarar, russ m.m. • samarbeid med kommunale sosialpedagogiske tenester • haldningsskapande arbeid knytt til sosiale media og nettvett 2) Kontaktskapande arbeid: • skape best mogeleg kontakt mellom elevane og skulen • stimulere til aktiv deltaking i skulesamfunnet • stimulere til elevengasjement i opplæringa • arrangere/tilretteleggje for sosiale og faglege aktivitetar i og utanfor ordinær skuletid som t.d. leksehjelp, open skule m.m. 3) Sosialpedagogisk arbeid: • hjelpe elevar til å finne seg til rette på skulen • yte hjelp til elevar som har personlege vanskar og sosiale vanskar • oppfølging i mobbesaker • mekling mellom elevar i konflikt • støtte lærarar i elevsaker og bidra i arbeidet med utvikling av klassemiljø Miljøkoordinator vil løyse desse oppgåvene saman med elevtenesta og samarbeide med ein annan miljøkoordinator ved skulen. I rolla som miljørettleiar vert dette arbeidsoppgåvene: • Støtta faglærar i undervisinga av elevar med trong for særskilte pedagogiske, sosiale og helsemessige tilpassingar • Delta i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga • Delta i opplæringsaktivitetar i klasserom, gymsal, på kjøkken, i verkstader og utandørs eller på andre arenaer • Samarbeida med andre fagarbeidarar og lærarar om å planleggja og gjennomføra undervising i tråd med individuelle opplæringsplanar. Anna elevretta arbeid i tråd med utdanning og kompetanse kan verta aktuelt på andre avdelingar ved skulen i framtida. Kvalifikasjonar Vi søkjer etter deg som har 3-årig U/H-utdanning (min. 180 studiepoeng), med vekt på sosialpedagogiske fag som t.d. sosionom, vernepleiar, sjukepleiar og pedagogikk. Den som får stillinga skal: • ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar. • vera personleg eigna til arbeid med ungdomar. • ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar blir vektlagt. Vi ser etter deg som kommuniserer godt med elevar med særskilte behov og læringsutfordringar, og som kan samarbeide i team med føresette og kollegaer. Sterke relasjons- og samarbeidsevner vil bli vektlagt. Vi ønsker at du er: • trygg, tydeleg og inkluderande • er kreativ og initiativrik • deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane • meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver Vi tilbyr • eit miljø som er oppteke av utvikling for ungdom • eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår Stillinga følgjer eit ordinært arbeidsår pga. behov for tiltak etter skuletid og i feriar. KontaktinformasjonLars Arne Nilssen, avdelingsleiar, 93897988 ArbeidsstadKolskogheiane 14 5210 Os Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5150825874 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026