Hoppa till huvudinnehållet
Sogndal kommune Fjærland oppvekstsenter logo

Lærar ved Fjærland oppvekstsenter

Sogndal kommune Fjærland oppvekstsenter
  • OrtSogndal
  • Omfattning–
  • Sista ansökan19 dagar kvar
  • Publicerad9 nov.

Om tjänsten

Vil du vere lærar på ein liten skule der du får følgje elevane tett og vere med på å skape ein trygg, variert og lærerik skulekvardag?

Fjærland oppvekstsenter ligg i jordbruks og turistbygda Fjærland, mellom Sogndal og Skei. Bygda har eit aktivt lokalmiljø med mange lag og organisasjonar.

Oppvekstsenteret omfattar skule, SFO og barnehage, og ligg idyllisk til nær fjorden. I nærområdet finn du skog, idrettsbane og lysløype. Skulen har eige symjebasseng og gode undervisningsfasilitetar.

Skulen er fådelt, med elevar frå 1. til 7. trinn fordelte på småskule og mellomsteg. Inneverande skuleår har skulen 11 elevar. Storleiken gir gode føresetnader for å bli godt kjent med den enkelte eleven og gi tett oppfølging. Skulen har særleg merksemd på basisfaga og lesing, og arbeider med satsinga «Trygt og godt skule- og barnehagemiljø».

Om stillingaI perioden 1. januar 2027 til 1. januar 2028 har me ledig eit vikariat i 90 % stilling som grunnskulelærar. Rolla som kontaktlærar ligg til stillinga. Me har særleg behov for undervisningskompetanse i norsk, matematikk, kroppsøving og spesialpedagogikk.

ArbeidsoppgåverDu skal mellom anna:

  • Planleggje, gjennomføre og vurdere elevane si læring, individuelt og i grupper
  • Følgje opp elevane fagleg og sosialt
  • Ha ansvar som kontaktlærar
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
  • Samarbeide godt med elevar, føresette og kollegaer
  • Delta aktivt i skulen sitt profesjonsfellesskap
  • Bidra i skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid
  • Nytte nærmiljøet og naturen som læringsarena der det er relevant
  • Samarbeide på tvers av skule, sfo og barnehage når det er naturleg

KvalifikasjonarMe ser etter deg som:

  • Har utdanning som grunnskulelærar for 1. til 7. trinn
  • Har anna relevant grunnskulelærarutdanning som kan vurderast
  • Har gode digitale ferdigheiter
  • Har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Har god kjennskap til læreplanverket

Fagynskje: me ser gjerne at du har eitt eller fleire av faga norsk, matematikk, kroppsøving og spesialpedagogikk.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Kven er du?Me ser etter ein lærar som:

  • Skaper tryggleik, motivasjon og engasjement hos elevane
  • Ser den enkelte eleven og tilpassar oppfølginga etter behov
  • Er tydeleg, omsorgsfull og god til å byggje relasjonar
  • Samarbeider godt med elevar, føresette, kollegaer og andre fagpersonar
  • Arbeider sjølvstendig og tek ansvar
  • Er fleksibel og løysingsorientert i ein variert skulekvardag
  • Ønskjer å bidra til deling, refleksjon og fagleg utvikling
  • Trivst med å arbeide i eit lite miljø der alle bidreg på tvers

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

Me tilbyr

  • Ein variert og meiningsfull lærarjobb med tett kontakt med elevane
  • Gode moglegheiter for å tilpasse undervisninga og følgje kvar elev
  • Eit lite og oversiktleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass med nærleik til naturen og gode undervisningsfasilitetar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Link til søknadsskjema: Søk her

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 29 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Sogndal kommune Fjærland oppvekstsenter

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Sogndal och dölj konkurrerande annonser på sidan.