
Golvsengane barnehage, Stad kommune · Stad
Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe som barnehagelærar. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande fr...
Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe som barnehagelærar. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 15. august 2026 eller etter avtale.
Vi ser etter deg som er fagleg medansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide, leie og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje.
Hos oss får du eit godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, Operahuset med biblioteket og Sagastad/Sagaparken. Vår visjon er "Små og store hand i hand".
Vi ser etter medarbeidarar som ynskjer å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum for jobben.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden.
Vi ynskjer at du skriv opp referansar viss du har.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen eller stillinga, så må du gjerne kontakte styrar Øyvind Dypveit, tlf. 90 66 19 03.
KontaktinformasjonØyvind Dypveit, Styrar Golvsengane barnehage, 90661903, oyvind.dypveit@stad.kommune.no
ArbeidsstadGolvsengane 1
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5133805857
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Furuli barnehage ligg i vekstbygda Kaupanger i Sogndal kommune, 10 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Kaupanger, og mellom Lærdal/Årdal og Kaupanger. Barnehagen ligg på toppen av byggefeltet på Kaupanger. Me er ein stor barnehage, med 6 avdelingar. Det gjer at me deler oss på tre ulike uteleikeplassar. I tillegg har me flotte leikeområde med skog og bø rett utanfor porten til barnehagen. Me har ein lavvo og uteleikeplass i skogen, som gjev andre moglegheiter for leik. Det vert både korte og lengre turar i skogen og nærområdet. Me kan og bruka ballbingen, som skil oss berre med ei grind. Barnehagen har fine fasilitetar inne med gode romløysingar, motorisk rom som gjev moglegheit for ulike aktivitetar og sanserom. I Furuli barnehage jobbar me kontinuerleg med utvikling av leikekompetanse og vaksenrolla. Frå hausten 2026 vert det ledig følgande stilling som barnehagelærar i Furuli barnehage: Eit 100 % vikariat som barnehagelærar frå 10.08.2026 – 31.01.2027, med moglegheit for at denne stillinga kan bli forlenga ut barnehageåret (2. gongs utlysing). Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Arbeidsoppgåver: • Medverke til å skape eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø • Ansvar saman med pedagogisk leiar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet • Medverke til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet • Bidra fagleg til drifta av ei avdeling i barnehagen • Bidra til eit godt samarbeid med føresette • Bidra til eit godt samarbeid på tvers av avdelingane • Gi og ta imot rettleiing til/frå tilsette • Leggje til rette for og gjennomføre aktuelle dagsplanar og vere der for barna • Bidra til barna si utvikling og leik både inne og ute • Ta del i praktiske oppgåver som påkleding og rydding m.m. Kvalifikasjonar: • Godkjent barnehagelærarutdanning • Erfaring med arbeid med barn og unge • Beherske norsk godt, både lesing, skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar: • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar • Fysisk aktiv og leiken både inne og ute • Engasjert i barna, ta initiativ, ansvar og vere fleksibel • Fagleg engasjert • Evnar å skape gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar • Kunne samarbeide med andre • Taklar høgt tempo i kvardagen • Kunne planlegge og leie ulike aktivitetar med barna • Godt humør • Kunne gje og ta imot rettleiing Personlege eigenskapar vert vektlagt i prosessen. Me tilbyr: • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø • Kjekke og varierte dagar • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gode velferdsordningar • Oppfølging og rettleiing • Bedriftstrening • Gratis parkering Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Politiattest må leggast fram før tilsetjing. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknad må leverast innan fristen via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Link til søknadsskjema: Søk her
Stillingstype Det er ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar ved Tresfjord barnehage. Arbeidsoppgåver - arbeid på avdelingane med delansvar for det pedagogiske arbeidet - utviklingsarbeid i nært samarbeid med pedagogisk leiar - legge til rette for det pedagogiske tilbodet i avdelinga - foreldresamarbeid - har ansvar for at mål og visjonar for drifta av barnehagen vert fylgd - har ansvar for at barnehagen fylgjer gjeldande avtalar, lovverk og vedtekter Kvalifikasjonar - bachelor barnehagelærar - anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk kan vurderast - gode datakunnskapar - beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2 - ha gode kommunikasjonsevne Personlege eigenskapar - er aktiv, engasjert og opptatt av faget - har evne til å motivere, engasjere og rettleie øvrig personal - ha godt humør, evne og vilje til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling - er løysingsfokusert og fleksibel - har evne til å sjå og anerkjenne barn - er eit godt språkleg førebilde - bidreg til god dialog med barn, foreldre og andre tilsette og er ein positiv rollemodell - har gode samarbeidsevner og vil bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø - kan jobbe i team, men og sjølvstendig - det vert vektlagt at ein er personleg eigna Vi tilbyr - godt arbeidsmiljø og gode kollegaer - ein barnehagesektor med fokus på utvikling - løn etter gjeldande avtaleverk - kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid - pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju. Referansar Oppgi referansar Søknad Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju. Søkjarlista kan bli offentleggjort Link til søknadsskjema: Søk her
Veitastrond oppvekstsenter er ein kombinert barnehage og skule, som ligg idyllisk til ved enden av Veitastrondsvatnet. Oppvekstsenteret har ei unik plassering midt i bygda, omkransa av variert natur på alle kantar. Bygda har dei siste åra hatt ei svært positiv utvikling og ber preg av eit ungt, framtidsretta miljø med godt samhald på tvers av ulike aldersgrupper. Barnehagen har éi avdeling med kapasitet på 24 plassar, og per dags dato er det fem tilsette, i tillegg til styrar. Frå barnehageåret 2026/27 reknar me med å ha 12 ungar mellom 1-5 år. Barnehagen deler bygg med skulen og SFO. Det er mykje samarbeid mellom barnehage og skule, blant anna lesing, tur, spesielle dagar som t.d. påske, karneval, skidag og liknande, og me sikrar slik ein flytande overgang frå barnehagebarn til skuleelev. Elles satsar barnehagen på å skapa ein aktiv kvardag for barna, der me er opptekne av vaksenrolla i leiken. Visjonen vår er leik, omsorg og læring i ein trygg og aktiv kvardag. I dette ligg det at me har stort fokus på trivsel, og korleis me kan gjera dagane best mogleg for kvart einskild barn. Me er opptekne av fysisk aktivitet og glede over naturen og nærmiljøet. Stillingsinformasjon: • Inntil 100% fast stilling som barnehagelærar Kvalifikasjonar: • Barnehagelærarutdanning • Me legg vekt på personlege eigenskapar Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på: • Gode samarbeidsevner • Relasjonskompetanse • Løysingsorientert • Tydeleg vaksenperson, som både er omsorgsfull og kan setja grenser • Engasjement for, og evne til, å samarbeida med barn, kollegaer og føresette for å skapa eit trygt og godt barnehagemiljø • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar • Likar leik og aktivitet Me kan tilby • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk Andre opplysningar • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit Link til søknadsskjema: Søk her