Heimetenesta ytre Sula har base ved Stadsnesvegen 9b i sentrum av Langevåg, 20 min. å kjøre frå Moa. Avdelinga har omlag 22 årsverk, og dekker området vest for Veddefabrikken. Avdelinga har ledig eit vikariat for sjukepleiar i perioden 1.1.27-22.08.27. Vi kan vere fleksibel på oppstart, og ekstravakter kan påreknas om ønskeleg. 2 delt turnus med arbeid kvar 3 helg. Arbeidstid mellom 08.00-22.00 Arbeidsoppgåver
Vi yt sjukepleie, praktisk og personleg bistand til heimebuande etter vedtak, og avdelinga har brukarar i alle aldersgruppe. I heimetenesta får du arbeide sjølvstendig, og arbeidet er både spanande og fagleg utfordrande. Arbeidet består i alt frå stell, sjukepleieprosyre og medisinering til terminalpleie i tett og god dialog med fastlegane. Avdelinga har godt omdøme og god fagkunnskap å lære vekk, så ikkje bli skremd frå å søke om du er ny. Ta gjerne ein telefon eller ein tur innom om du lure på om dette kan vere stillinga for deg. Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar med datakunnskap og gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar
Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein stabil, fleksibel, tolmodig og pliktoppfyllande kollega med god framferd. Du må like å arbeide med menneske med ulike utfordringar Du må vere ressurs og løysingsorientert, ha evne til å arbeide både sjølvstendig å i team Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendigar. Arbeidet kan vere fysisk belastande. Personlege eigenskapar vert vektlagd Vi tilbyr
I tillegg til tariffløn har kommunen eit generelt tillegg på 6500,- for sjukepleiarar + 8000 ekstra som kompensasjon for arbeid på helg Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning Tilsetting på vanlege kommunale vilkår Eit stabilt og godt arbeidsmiljø med god fagkompetanse. Ein sosial gjeng både på arbeid og på fritida. Vi har fine arbeidslokale og gratis parkering Vi nyttar kommunale bilar i tenesta Kontaktinformasjon
Solgunn Eide , Avdelingsleiar, 95710263, Solgunn.Eide@sula.kommune.no
Torunn Veddeng, Einingsleiar, +47 95710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Stadsnesvegen 9B
6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5205128477
Stillingsprosent: 82%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 22.08.2027
Søknadsfrist: 18.11.2026