Om tjänsten
Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennende arbeidsoppgåver?
Korttids/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet gir tilbod til brukarar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov. Vi tilbyr opptrening/vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Fokus for arbeidet i avdelinga vil være å ivareta og styrke brukarane sine eigne ressursar.
Vi har nært samarbeid med legekontor og rehabiliteringstenesta.
Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar.
Avdelinga har flinke, engasjerte fagfolk og spennande arbeidsoppgåver. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen.
Vi har besøkshund tilknytta avdelinga.
Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar.
Oppgi i søknaden om du ønsker anna stillingsbrøk.
Arbeidsoppgåver
- Grunnleggande sjukepleiaroppgåver som praktisk hjelp, medisinering, palliasjon
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ein autorisert sjukepleiar/vernepleiar
Personlege eigenskapar
- Du må være fleksibel og villeg til å omstille deg om det er behov for det
Vi tilbyr
- Et positivt og engasjert fagmiljø
KontaktinformasjonLine Østrem Bjørnevik, Avdelingsleiar korttids/rehabiliteringsavdelinga, 47518270, Line.Ostrem.Bjornevik@sula.kommune.no
Grethe Juul Molvær, Einingsleiar, 95710256, grethe.juul.molvaer@sula.kommune.no
ArbeidsstadStadsnesvegen 23
6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5128007258
Stillingsprosent: 61%
Fast
Søknadsfrist: 13.12.2026