Hoppa till huvudinnehållet
Langevåg skule, Sula kommune logo
Ledigt jobb

Tilkallingsvikar skuleåret 2026/2027 Langevåg skule og SFO

Langevåg skule, Sula kommune
  • OrtSula
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan30 apr.
  • Publicerad18 aug.

Om tjänsten

Langevåg skule søker tilkallingsvikarar for skuleåret 26/27. Oppstart snarast.

Skulen har om lag 460 elevar frå 1.-7. trinn og  SFO og er samlokalisert med kulturskulen.

Vi har eit flott uteområde og nærleik til flotte naturområde med både fjell, vatn og turstiar.

Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.

Arbeidsoppgåver​Langevåg skule og skulefritidsordning har behov for tilkallingsvikarar for lærarar og fagarbeidarar/assistentar.Kvalifikasjonar​Det er ønskjeleg med arbeidserfaring frå skule eller SFO, og ein fordel om med pedagogisk utdanning/fagbrev.

Gyldig politiattest må leggast fram.Personlege eigenskapar​Vi legg vekt på at ein er positiv og fleksibel, kan samarbeide og har evne til å byggje relasjonar til elevane, føresette, kollegaer og leiinga.

Det er ein fordel om ein har erfaring frå bruk av IKT-verkty.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Skulen nyttar nynorsk som målform.Vi tilbyr​Løn etter gjeldande avtalar.Kontaktinformasjon​Ole Martin Tonheim, Rektor

Harald Weibust, Undervisningsinspektør

ArbeidsstadBratthaugmyra 39

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5167430348

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 24.08.2026

Sluttdato: 31.07.2027

Søknadsfrist: 30.04.2027