Hoppa till huvudinnehållet
Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune logo
Ledigt jobb

Vil du bli vår nye sjukepleiar ?

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune
  • OrtSykkylven
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan7 dagar kvar
  • Publicerad9 okt.

Om tjänsten

Er du sjukepleiar og på jakt etter nye, spennande utfordringar?

Vil du jobbe i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og utviklande arbeidsoppgåver?

Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) sone 2, søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling.

Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, per i dag. Vi er i prosess med planer om å lage årsturnus og langvakter for den som ønsker det.

Ved å velje BUAS får du:

💙 Ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre.

💙 Støtte av eiga sjukepleiargruppe som bistår avdelingane etter behov

💙 Gode moglegheiter for fagleg utvikling

💙 Tverrfagleg samarbeid og kompetansedeling

💙 Dyktige og engasjerte  kollegaer i eit godt arbeidsmiljø

Bli ein del av laget vårt! 💙

Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søkje.

Tilsetting kan skje fortløpande.

Arbeidsoppgåver​

  • Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar med samansette behov
Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon
Medikamenthandtering og ulike behandlingstiltak
Rehabilitering og palliativ omsorg
Samhandling med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre tenester
Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta
Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar​

  • Autorisasjon som sjukepleiar
Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer

Personlege eigenskapar​

  • Vere strukturert og løysingsorientert
Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
Evne til å halde seg fagleg oppdatert
Vise fagleg engasjement
Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr​

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Rekrutteringstillegg til nytilsette
Gratis parkering

Offentlegheit​

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.​

KontaktinformasjonAstrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar BUAS sone 2, 95947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no

Wenche Oldeide, Einingsleiar BUAS, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

ArbeidsstadHaugneset 16

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5193009184

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.10.2026