Er du sjukepleiar og på jakt etter nye utfordringar? Bli vår kollega då vel!
Voss Medisinsk seksjon, Helse Bergen HF, Voss sjukehusOm tjänsten
Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar i medisinsk seksjon, sengepost.
Dersom du ynskjer å opparbeida deg solid erfaring og god kompetanse innanfor fleire spanande fagområder ynskjer me DEG med på laget!
Medisinsk seksjon består av merkantilt personell, poliklinikkar, dialyseavdeling og sengepost.
Som sjukepleiar på sengepost vil du bli ein del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Her vil du samarbeida med ulike profesjonar som helsefagarbeidar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell.
Arbeidsoppgåver
- Medikamenthandtering
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Personlege eigenskapar
- Bidreg positivt fagleg og kollegialt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 56533780, sissel.marie.finne@helse-bergen.no
Stine Hernes, Ass seksjonsleiar, 56533780, stine.hernes@helse-bergen.no
ArbeidsstadSjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5193858719
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2026