Om tjänsten
Om stillinga
Miljødirektoratet er overordna viltmyndigheit, og har ansvar for forvaltninga av viltet. Forvaltning av villrein er eit satsingsområde med mange og store oppgåver. Vi kartlegg kunnskapsbehov, finansierer forsking og overvaking av tilstand og gir faglege råd om forvaltning av villrein og leveområda til villreinen. Vi har også ansvar for rettleiing for kommunar, statsforvaltarar og andre i spørsmål knytt til arealforvaltning og konsekvensutgreiing.
Miljødirektoratet har ei sentral rolle i oppfølging av oppgåver med bakgrunn i stortingsmeldinga om villrein og tiltaksplanar for villreinområde. Stillinga er knytt til eit spennande og komplekst saksfelt under stadig utvikling, og omfattar mykje samarbeid på tvers, både internt i direktoratet og med andre sektorar.
Stillinga er plassert i viltseksjonen, som er ein av sju seksjonar i land- og friluftslivsavdelinga. Seksjonen har ansvaret for forvaltning av store rovdyr, fleire trua artar og villrein. Seksjonen har 15 tilsette og stillinga har kontorstad i Trondheim.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- Sakshandsaming av oppgåver knytt til stortingsmeldinga om villrein og tiltaksplanar for villreinområde.
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
Eigenskapar
Vi tilbyr
- fast stilling som rådgjevar eller seniorrådgjevar med lønn i lønnsspennet frå kr. 600 000 - 900 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkarar kan vurderast høgare.
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Vebjørn Knarrum, tlf. 952 31 575 eller e-post vebjorn.knarrum@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 85-2026 LVI når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.