Om tjänsten
Søkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø?
Velkomen til Voss!
Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter nye kollegaer. Me har ledig 100% fast stilling som gynekolog og kan tilby pendlarvennleg turnus.
Me søkjer deg som har erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova. Du må samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde. Vaktordninga er for tida 6-delt med heimevakt på kveld og natt.
Det blir født kring 400 born på Voss i året. Ved sida av å ha sett til at alt gjekk fint for seg med dei, gjennomfører vi kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar. Vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og vi ventar at du har det samme. Vi samabeider tett med Kvinneklinikken på Haukeland.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinikk
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i gynekologi
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Voss sjukehus vil kunne hjelpe med passande
bustad
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKathrine Woie, Seksjonsleiar, +47 97176463
ArbeidsstadSjukehusvegen 16
5704 Voss
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5192030542
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026