Ynskjer du jobb som pleieassistent?Søk jobb hjå oss då vel!
Voss sjukehus/ Medisinsk seksjon, Helse Bergen HFOm tjänsten
Voss sjukehus har ledig 20% fast stilling som pleieassistent i medisinsk seksjon, sengepost.
Me søkjer deg som har relevant erfaring innan helse. Dersom du til dømes er sjukepleiarstudent vil ei slik stilling gje deg erfaringar som du vil dra nytte av i utdanninga og inn i arbeidslivet. Lat ikkje denne moglegheita gå ifrå deg!!!
Medisinsk seksjon består av sengepost, poliklinikkar og dialyseavdeling. Som pleieassistent på sengepost vil du bli ein del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Her vil du samarbeida med ulike profesjonar som helsefagarbeidar, sjukepleiar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell.
Oppstart snarast eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og oppfølging av pasientar med genrelle indremedisinske diagnosar
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring. Fortrinnsvis sjukepleiar, vernepleiar eller medisinstudent
Personlege eigenskapar
- Vere ein god teamarbeidar
Vi tilbyr
- Lærerik og spennande jobb i aktivt miljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 95899553
ArbeidsstadSjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5195667401
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 30.10.2026