Om tjänsten
Om avdelinga
ROP-huset ligg på Søre Bildøy og er eit døgnbemanna butilbod for vaksne med samansette utfordringar knytte til rus og psykisk helse. Vi arbeider for å skapa ein trygg, føreseieleg og meiningsfull kvardag for bebuarane våre, med vekt på relasjonsbygging, meistring, medverknad og respekt.
Vi tilbyr individuelt tilpassa tenester og arbeider målretta for å styrkja ressursane og moglegheitene til kvar enkelt. Dette krev tett oppfølging, fagleg refleksjon og godt samarbeid både internt og med pårørande og andre samarbeidspartnarar. Vi har ei personalgruppe med høg fagleg kompetanse og relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Vi arbeider tett saman i team og samarbeider med pårørande og andre faginstansar for å gi brukarane trygge og heilskaplege tenester.
Vi ønskjer å vera ein arbeidsplass prega av openheit, engasjement og fagleg utvikling, der medarbeidarane støttar kvarandre og arbeider mot felles mål.
Vi har no ledig 2 x 100 % faste stillingar ved ROP-huset
Stillingane har ei gjennomsnittleg arbeidstid på 35,5 timar per veke over ein periode på 52 veker. Tenestene er utforma med utgangspunkt i brukarane sitt behov for kontinuitet, tryggleik og føreseielegheit. For tida er arbeidet organisert i døgn-/medleverturnus. Medarbeidarane arbeider i samanhengande arbeidsperiodar på 2 til 3 døgn, etterfølgt av friperiodar. Turnusordninga legg til rette for stabile relasjonar, tett oppfølging og god kontinuitet i tenestene.
Arbeidstidsordninga er etablert for å møta behova i tenesta og kan endrast dersom behova til brukarane eller andre rammevilkår tilseier det.
Arbeidsoppgåver
- Gje oppfølging og miljøterapeutisk bistand til brukarane i tråd med vedtak, mål og individuelle behov, og bidra til meistring, sjølvstende og livskvalitet.
KvalifikasjonarMå ha
- Bachelor i vernepleie eller sjukepleie med vidareutdanning innan psykisk helse- og rusarbeid.
Ønskjelege kvalifikasjonar
- Erfaring frå døgnbemanna tenester.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og evna til samarbeid.
Anna
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Vi tilbyr:
- Ei meiningsfull og fagleg spennande stilling der du kan gjera ein forskjell.
Kontakt:
Avdelingsleiar: Rikke Etim tlf: 488 96 196
Rikke.etim@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her