Hoppa till huvudinnehållet
Øystre Slidre kommune logo

Vikariat i 80% som frisklivskoordinator og fysioterapeut

Øystre Slidre kommune
  • Ortøystre Slidre
  • Omfattning–
  • Sista ansökan20 dagar kvar
  • Publicerad9 nov.

Om tjänsten

Ønskjer du å bidra til auka helsekompetanse og betre livskvalitet for innbyggjarane i Øystre Slidre kommune?

Øystre Slidre kommune har ledig eit 80% vikariat som frisklivskoordinator og fysioterapeut i perioden 12.01.2027-03.01.2028, med moglegheit for forlenging.

Dette er ei variert og meiningsfull stilling som gir deg moglegheit til å kombinere direkte brukaroppfølging med koordinerande og utviklingsretta oppgåver innan førebyggande og helsefremmande arbeid. Du vil være ein ressurs i arbeidet med å styrkje innbyggarane si helse og meistringsevne, samtidig som du samarbeider tett med den kommunale fysio- og ergoterapeuttenesta og andre relevante samarbeidspartnarar.

Som frisklivskoordinator vil du ha ansvar for drift og vidareutvikling av Frisklivssentralen. Frisklivssentralen er ei kommunal helsefremmande og førebyggjande helseteneste, som støttar innbyggarane i arbeidet med å meistre eiga helse gjennom individuelle samtaler, kurs og gruppetilbod innan mellom anna fysisk aktivitet, kosthald, tobakksslutt og søvn.

Stillinga inneber også fysioterapeutiske arbeidsoppgåver, der du vil bidra inn i den kommunale fysioterapitenesta med vurdering, kurativ behandling og oppfølging av brukarar.

Det er krav om politiattest før tilsetting, jfr helsepersonelloven §20a.

Arbeidsoppgåver

  • Førebyggjande helsearbeid gjennom frisklivsrettleiing og folkehelsearbeid
  • Drift, koordinering og vidareutvikling av Frisklivssentralen
  • Individuelle helsesamtalar og oppfølging av deltakarar
  • Støtte og motivere deltakarar til å endre levevanar og meistre eigne helseutfordringar
  • Ansvar for organisering og koordinering av Sterk og Stødig-grupper og aktivitetskontaktane til Frisklivssentralen
  • Gjennomføre gruppetreningar som gågrupper, barseltrening og treningstilbod for heimebuande med og utan ganghjelpemiddel
  • Organisere og gjennomføre årlege helsefremjande kurs og gruppetilbod som «Sov godt» og «Bra Mat», samt bidra på kommunen sine seniorseminar og aktivitetsdagar
  • Ansvar for treningsrommet
  • Gje fysioterapi til pasientar i kurativ behandling
  • Bistå ved hverdagsrehabiliteringsteamet
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Interesse for, og gjerne erfaring frå, helsefremjande og førebyggjande arbeid
  • Erfaring som gruppeinstruktør er ein fordel
  • Erfaring med motiverande intervju (MI) er ein fordel
  • Sterk og Stødig-rettleiarsertifisering er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein positiv, motivert og engasjert medarbeidar
  • Du må vere løysningsfokusert, fleksibel og ha evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • God evne til samarbeid, og til å motivere andre
  • God evne til struktur og gjennomføring av tiltak i tenesta
  • Ansvarsbevisst, initiativrik og med positiv haldning til tverrfagleg samarbeid

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande stilling i ein kommune i utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønns- og arbeidsvilkår etter tariff
  • Eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø, med faglege utfordringar og gode moglegheiter for personleg utvikling

Kontaktinformasjon

Gina Kvale Myreng, Avdelingsleiar helsetenesta, +47 90525192

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5205969172

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Sluttdato: 03.01.2028

Søknadsfrist: 30.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 30 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Øystre Slidre kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Øystre Slidre och dölj konkurrerande annonser på sidan.