Vil du kombinere studiene dine med en lærerik jobb - og få stipend samtidig? Hos oss får du ikkje berre ein jobb, men ei moglegheit til å lære mykje om korleis det er å jobbe som bioingeniør. Som bioingeniørstudent kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får lønn, fagleg utvikling, og i tillegg eit stipend! Vi har laboratorium i Haugesund, Odda og på Stord, der du kan få relevant arbeidserfaring: • På laboratoriet for medisinsk biokjemi og immunologi- og transfusjonsmedisin i Haugesund, samt på laboratoriet på Stord og Odda, kan du jobbe i feriar og helger. • Ved laboratoriet for medisinsk mikrobiologi kan du arbeide på laurdagar og i feriar. På patologiavdelinga i Haugesund kan du jobbe i feriar. Les meir om alle fordelane vi tilbyr! I søknaden kan du skrive om du ønskjer å jobbe ved eit spesifikt laboratorium, eller sende ein open søknad. 👉Vi tilset kvalifiserte søkjarar fortløpande – søk no og bli med på laget! Kva går jobben ut på • Prøvetaking av polikliniske og inneliggande pasientar • Prøvehandtering og preanalytisk arbeid • Pasientnær analysering • Enkelt laboratoriearbeid Kva kompetanse er viktig i denne rolla • Du er bioingeniørstudent • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Kva ser vi etter hos deg Hos oss er det viktig at du: • er sjølvstendig • trivest i ein travel kvardag og har høg arbeidsmoral • samarbeider godt med andre og bidrar til eit godt arbeidsmiljø • er strukturert • er lærevillig og nysgjerrig Kvifor skal du velje oss • Ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt. • Eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida. • Medverknad til at du får utvikle breidda i bioingeniørfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø. Vitnemålsportalen vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at kokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonRita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, +47 53491094 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5087517351 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.