Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for deg! Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 61 % fast stilling som p.t nattevakt. Vi søkjer primært etter helsefagarbeidar, men andre med tilsvarande utdanning eller erfaring kan og søkje. Om du ikkje har relevant utdanning kan stillinga eventuelt verte omgjort til eitt års vikariat. Personleg eignaheit vert vektlagd. Stillinga er ledig frå dags dato. Eining Bu- og Rehabiliteringstenestene yt tillegg til barne- og avlastingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsnedsettingar som inkluderar mellom anna fleire bufelleskap, dagsenter, avlastingstenester og støttekontakt. Arbeidsoppgåver • Helse, omsorgs og pleiefagleg oppfølging • Miljøarbeid og ivaretaking av tenestemottakar i samsvar med gjeldande enkeltvedtak • Bidra til fagleg kvalitet tråd med faglege og etiske retningsliner • Arbeidsoppgåver delegert frå næraste leiar • Dokumentasjon i EPJ • Førefallande arbeid • Legemiddelhandtering kan verte aktuelt • Kontakt med foresatte og andre samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar • Autorisert helsefagarbeider eller eventuelt anna relevant utdanning/erfaring • Erfaring frå arbeid med pleie og omsorgsarbeid ein fordel • Du har gjerne erfaring med arbeid frå målgruppa • God datakunnskap • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg • Du evnar og har vilje til å sette deg inn i gjeldande lovverk for aktuelle område • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Vi søkjer deg som har ei særleg interesse for å arbeide med born og unge • Du er omsorgsfull og evnar å vere ein trygg og ansvarsfull vaksen • Du må ha stå på vilje og kunne handtere utfordrande situasjonar • Du er fleksibel og løysingsorientert • Du er aktiv bidragsytar til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø • Du evnar å arbeide godt sjølvstendig, og tek sjølvstendig ansvar • Du har gode samarbeidsevner • Du held deg fagleg oppdatert • Du er open, lojal og til å stole på • God omstillingsevne Personleg egnaheit vert vektlagt Vi tilbyr • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KL • Gratis parkering Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonEva Eline Nygaard Tandstad, Avdelingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 94156291, eva.tandstad@sykkylven.kommune.no Lisbeth Vinjevoll Schei, Einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadHaugneset 20 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5181269263 Stillingsprosent: 61% Fast Startdato: 01.11.2026 Søknadsfrist: 25.10.2026
Bu- og rehabiliteringstenestene i Sykkylven kommune søkjer etter fleire støttekontakter og avlastarar. Vi har behov for fleire støttekontakter og personar som kan vere avlastrar på timebasis og avlastarar i privat heim. Vi oppmodar vaksne menn til å søkje! Har du tid til og interesse for å bidra med dette? Då kan kanskje dette vere noko for deg! Som støttekontakt kan du arbeide både med barn og unge - samt vaksne med funksjonsnedsettingar. Arbeidstad Eigen heim eller fritidsaktivitetar Som støttekontakt/avlastar blir du pålagt å fremsyne politiattest før tiltreding jf. § 5-4 i Helse og omsorgstenestelova. Arbeidsoppgåver • Støttekontakt: Bidra til at brukar skal ha ei meiningsfull fritid, følgje til aktivitetar ol • Avlastning: bidra til at omsorrgsytar får naudsynt avlastning Kvalifikasjonar • Må vere fylt 18 år • Du må vere glad i å vere i lag med born/unge som har behov for ekstra støtte til å delta på fritidsaktivitetar. • Ikkje utdanningskrav • Førarkort klasse B er ein fordel Personlege eigenskapar • Du må være pålitelig, sosial og ha evne til å vise respekt overfor brukaren KontaktinformasjonEva Tandstad, avdelingsleiar barne - og avlastingsbustad, 48159110, eva.tandstad@sykkylven.kommune.no Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadHaugneset 16 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 4748383707 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.