Vil du gjera ein forskjell? Ønskjer du ein meiningsfull arbeidskvardag der du får nytta den sjukepleiefaglege kompetansen din til å gjera ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar og ROP-lidingar? Svertingstad og Kolheia bufellesskap er ein del av verksemda Psykisk helse og rus i Time kommune. Bufellesskapa er organiserte som ei avdeling, med eit felles fagmiljø som samarbeider tett for å gje gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane. Svertingstad bufellesskap • er døgnbemanna • gir tenester til vaksne innbyggjarar med samansette behov • har fokus på auka meistring, sjølvstende og livskvalitet • arbeider med individuelt tilpassa oppfølging, relasjonsarbeid og målretta miljøterapeutisk arbeid Kolheia bufellesskap • gir tenester til vaksne innbyggjarar med psykiske lidingar • er ikkje døgnbemanna Hos oss blir du ein del av eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø med sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar og fagarbeidarar som brenn for å gjera ein positiv forskjell i kvardagen til dei me følgjer opp. Me legg vekt på: • fagleg kvalitet • respekt og gode relasjonar • samarbeid og tverrfagleg arbeid • fagleg utvikling • engasjement og ansvar Me søkjer no etter sjukepleiarar til to stillingar: • ein sjukepleiar i 67 % fast stilling på natt ved Svertingstad bufellesskap, våkne nattevakter med arbeid kvar 3 helg • eit 100 % vikariat for sjukepleiar, frå 25.01.2027 til 23.01.2028. Ordinær turnus med dag-, kveld- og langvakter. Arbeid kvar fjerde helg med langvakter Bli ein del av laget vårt Hos oss får du høve til å bli ein del av eit sterkt fagmiljø og vera med på å vidareutvikla tenestene til menneske med psykiske helse- og rusutfordringar. Kvar arbeidsdag gir deg høve til å gjera ein reell forskjell i andre menneske sine liv. Me håpar du vil bli ein del av laget vårt! Arbeidsoppgåver Som sjukepleiar hos oss vil du ha varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver. Du vil mellom anna: • ha sjukepleiefagleg oppfølging av innbyggjarar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar • kartleggja, observera og gjera kliniske vurderingar av psykisk og somatisk helsetilstand • følgja opp somatiske helseutfordringar, inkludert sårstell og sårbehandling • ha ansvar for legemiddelhandtering i tråd med gjeldande rutinar og regelverk • utarbeida, følgja opp og evaluera tiltaksplanar og helsehjelp • utføra målretta miljøterapeutisk arbeid med fokus på meistring, sjølvstende og livskvalitet • dokumentera og journalføra i elektronisk pasientjournal • bidra til å førebyggja og handtera utfordrande situasjonar på ein fagleg og trygg måte • samarbeida med fastlege, spesialisthelsetenesta, NAV, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar • gi rettleiing og fagleg støtte til kollegaer og studentar • delta i fagutvikling, kvalitetsforbetring og vidareutvikling av tenestene • bidra til eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø For 67 % fast stilling som vaken nattevakt I nattstillinga vil du i tillegg ha eit sjølvstendig sjukepleiefagleg ansvar gjennom natta. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vera: • oppfølging av innbyggjarane gjennom natta • observasjon og vurdering av endringar i psykisk og somatisk helsetilstand • handtering av akutte situasjonar og sjølvstendige helsefaglege vurderingar • oppfølging av sår, infeksjonar og andre somatiske problemstillingar ved behov • vurdering av behov for kontakt med legevakt, ambulanse eller andre helsetenester • fagleg støtte, rettleiing og opplæring til andre tilsette som arbeider natt • bidra til kompetanseheving og fagleg tryggleik • sikra ro, tryggleik og kontinuitet i tenestene gjennom natta Kvalifikasjonar Me ser etter deg som har: • norsk autorisasjon som sjukepleiar • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å nytta elektronisk pasientjournal og aktuelle fagsystem • førarkort klasse B Det er ein fordel om du har: • erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus • erfaring med miljøterapeutisk arbeid • erfaring med oppfølging av personar med samansette utfordringar • god kompetanse innan observasjon, vurdering og oppfølging av både psykisk og somatisk helse Nyutdanna sjukepleiarar vert òg oppmoda om å søkja. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen • bidreg til gode relasjonar med innbyggjarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar Vi tilbyr • Gode pensjonsordningar • Løn etter tariff • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. KontaktinformasjonAstrid Rosland, Avdelingsleder, 95915934 ArbeidsstadArne Garborgs veg 30 4344 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5184526182 Stillingsprosent: 100% Anna Startdato: 25.01.2027 Søknadsfrist: 08.11.2026
Vil du ha ein meiningsfull ekstrajobb? Har du lyst til å bruke ferie – eller ledige dagar elles i året – på å gjere ein forskjell for menneske som treng støtte, meistring og omsorg? Time kommune søkjer no engasjerte tilkallingsvikarar innan psykisk helse og rus. Hos oss får du: Verdifull erfaring innan helse- og omsorgsarbeid Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Moglegheit til å bidra til at menneske får ein trygg og meiningsfull kvardag Me kallar inn til intervju fortløpande – så ikkje vent med å søke! Slik søker du: Skriv i søknaden kva for ei avdeling du ønskjer å jobbe ved – og gjerne kvifor Oppgi om du søker som helgestilling, tilkallingsvikar – eller begge deler Merk om du ønskjer å jobbe dag/kveld/natt/langvakt. Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag. Våre avdelingar: Rørvika omsorgsbustadar Heildøgns omsorgsbustadar for menneske med fysisk, psykisk og/eller kognitiv svikt. Turnus: dag/kveld/natt/langvakt Kontakt: avd.leiar Bjørg Bø McDowell, tlf. 958 18 646 Svertingstad/Kolheia bufellesskap Svertingstad: Døgnbemanna bufellesskap for menneske med samtidig psykisk- og rusliding Kolheia: Bufellesskap for menneske med psykiske lidingar Turnus: dag/kveld/natt/langvakt Krav: førarkort klasse B (manuell) og alder over 18 år Kontakt: avd.leiar Astri Rosland, tlf. 959 15 934 Meistringssenteret Gir oppfølging til menneske med utfordringar innan psykisk helse og/eller rus. Krav: førarkort klasse B (manuell) Kontakt: avd.leiar Cathrine Kleppe, tlf. 473 88 387 Svendsenhuset Dag- og aktivitetssenter som tilbyr eit variert aktivitetstilbod for personar over 18 år. Krav: søkar må vere over 18 år Kontakt: avd.leiar Cathrine Kleppe, tlf. 473 88 387 Dette er jobben for deg som er engasjert, fleksibel og ønskjer å bidra til eit varmare samfunn. ArbeidsoppgåverSom vikar skal ein være med å gje nødvendig helsehjelp og stell etter dei retningslinjene som ligg føre i kvar avdeling.Kvalifikasjonar Me treng fleire gode vikarar med ulik bakgrunn for eksempel: - offentlig godkjendt vernepleiar/sjukepleiar - helsefagarbeidar og hjelpeplaiar - sjukepleiar/vernepleiar studentar - elevar med helsefaglig bakgrunn - assistentar - Erfaringar fra arbeid innen helse og omsorg er ein fordel, men opplæring blir gitt. - Dersom du har anna morsmål enn norsk må du dokumentra at du har tilsvarende B2 nivå - krav om politiattest - du forpliktar deg til arbeide i heile perioden du oppgjer Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen Vi tilbyr • Gode pensjonsordningar • Løn etter tariff/avtale • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. KontaktinformasjonAstrid Rosland, Avdelingsleder ArbeidsstadArne Garborgs veg 30 4344 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5016719283 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 31.12.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.