Vi søkjer ein idérik og strukturert turprodusent som vil vere med på å vidareutvikle Footprint Tours-- satsinga vår på temareiser for den utanlandske marknaden. Om stillinga Som turprodusent får du ansvar for • Planlegging og gjennomføring av temareiser • Utvikling av prosjekt frå ide til ferdig reise • Utvikling av nye reisemål og opplevingar i samarbeid med lokale aktørar Vi ser etter deg som • Har evne til å ta ansvar for eigne prosjekt og jobbar sjølvstendig • Er initiativrik og kreativ med god gjennomføringsevne • Har innsikt i norsk reiseliv og interesse for historie og kultur • Kommuniserer godt både skriftleg og munnleg • Har erfaring frå incoming-arbeid • Har erfaring med bruk av kunstig intelligens (KI) som arbeidsverktøy • Er strukturert, har auge for detaljar og trivst med oppgåver som krev nøyaktigheit og god oversikt. Vi tilbyr • Ein spennande og variert arbeidskvardag • Moglegheit til å forme framtidas temareiser • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø • Konkurransedyktige vilkår
Compare hiring history, company facts and open roles.