Fyresdal barnehage søkjer ein engasjert og fagleg sterk barnehagelærar i 60 % fast stilling, med moglegheit for utviding til 100 %. Du får bidra til leik, læring og utvikling i eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på trygge relasjonar, fagleg utvikling og eit godt samarbeid til beste for barna. Hva vi ser etter • Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel • Gode samarbeidsevner • Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid • Likar utfordringar • Evne til å bidra med å sikre eit godt samarbeid mellom barnehage og heim • Gode digitale ferdigheiter Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad. Kvalifikasjonar • Godkjend barnehagelærarutdanning • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, eventuelt minimum bestått norskprøve B2 • Gode evner til å samarbeide, organisere og vere løysingsorientert • Gode evner til å arbeide i team for barnets beste Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgåver • Medansvar for utvikling og kompetanseheving i høve barnehagen som pedagogisk verksemd tilpassa det enkelte barn og barnegruppa • Medansvar for pedagogisk planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av barnehagens oppgåver og pedagogiske innhald • Aktivt nærvære i leik og samspel med barn i kvardagslege aktivitetar • Medansvar for barnehagen som ei heilskapleg eining, samarbeid med kollegaer, foreldre, leiing og eksterne samarbeidspartnarar • Medansvar for eit godt arbeidsmiljø i barnehagen Vi tilbyr • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du kan gjere ein forskjell for barna. • Ein barnehage som satsar på fagleg utvikling og kompetanseheving. • Eit fantastisk uteområde og den flotte naturen rett utanfor døra, noko som gir oss unike moglegheiter for leik, utforsking, læring og gode naturopplevingar gjennom alle årstidene. • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning • Løn etter avtale • Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
Compare hiring history, company facts and open roles.