Vil du bli ein del av laget vårt? Vi søkjer ein engasjert og trygg sjukepleiar til 94% fast stilling i avdeling for personar med demens! Hos oss får du ein arbeidskvardag som er både meiningsfull, variert og – ikkje minst – full av menneskemøter. Vi ønskjer oss ein kollega som ser mennesket bak sjukdommen, som møter andre med varme og respekt, og som bidreg til at både bebuarar og kollegaer har gode dagar. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg. Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden. Arbeidsoppgåver • Vanlege oppgåver innan pleie, omsorg og praktisk bistand. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleier • Gjerne vidareutdanning i geriatri eller alderspsykiatri • God digital kompetanse • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg • Sertifikat for bil • Oppmoder menn til å søke Personlege eigenskapar • Du er omsorgsfull, positiv og trygg i møte med menneske. • Du har interesse for demensomsorg og ønskjer å gjere ein forskjell. • Du er ein lagspelar som bidreg med godt humør og gode idear. • Du er fleksibel, løysingsorientert og ser moglegheiter i kvardagen. • Du ønskjer å vere med på å skape ein trygg og aktiv kvardag for bebuarane våre. Vi tilbyr • Ein meiningsfull jobb der du får brukt både hovud og hjarte. • Gode og engasjerte kollegaer som støttar kvarandre. • Ein variert arbeidsdag – ingen dagar er heilt like! • Moglegheit til å utvikle deg fagleg og personleg. • Ein arbeidsplass der vi ønskjer at du skal trivast, bli sett og kjenne at du betyr noko. Vi trur på at gode dagar blir skapte saman. Så – har du lyst til å bli ein del av laget vårt? Då håpar vi å høyre frå deg! Kontaktinformasjon Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630 Helen Gjerde, nestleiar, 90249808 Arbeidsstad Reset 14 6040 Vigra Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5198541434 Stillingsprosent: 94% Fast Søknadsfrist: 12.11.2026
Vi har ledig fast 90% stilling som sjukepleiar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt, Godøy bukollektiv. Stillinga er ledig frå 25.01.2027. Stillinga inngår i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar med fokus på god og trygg pasientbehandling. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga. Det er krav om gyldig politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden. Arbeidsoppgåver • Dei vanlege sjukepleieoppgåvene som til ei kvar tid gjeld i bukollektiv for eldre. Arbeidsoppgåver blir endra ved behov. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar, og gjerne med vidareutdanning i geriatri. Helsefagarbeidarar kan òg søkje vikariatet og vil bli vurderte om vi ikkje får tilsett sjukepleiar i stillinga. • Erfaring frå arbeid med geriatri og demensomsorg er ønskjeleg. • God digital kompetanse. • Sertifikat for bil. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar • Interesse for geriatri og demensomsorg. • Fleksibel og løysingsorientert. • Gode samarbeidsevner. • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig. Vi tilbyr • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. • Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø. Kontaktinformasjon Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, 90248034 Helen Gjerde, nestleiar, 90249808 Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630 Arbeidsstad Reset 14 6040 Vigra Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5196098441 Stillingsprosent: 90% Fast Startdato: 25.01.2027 Søknadsfrist: 01.11.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.