Om stillinga Om stillinga Høgskulen i Volda lyser ut stilling som stipendiat i helse- og sosialfagleg arbeid. Stillinga er ved Institutt for sosialfag, Avdeling for samfunnsfag og historie, og er kopla til doktorgradsprogrammet i helse- og sosialfag. Innretninga på doktorgradsprosjektet skal vere relevant for den faglege profilen ved instituttet (jf. innretninga på studietilbodet ved instituttet: https://www.hivolda.no/studietilbod). Relevante tema kan for eksempel vere: • arbeid med familiar og nettverk • rus • psykisk helsevern • fleirkulturelt arbeid • tverrprofesjonelt / tverretatleg samarbeid med relevans for sosialt arbeid • Etiske eller juridiske problemstillingar med relevans for sosialt arbeid • habilitering og rehabilitering • folkehelse • oppfølging av personar med kronisk sjukdom • sosialt arbeid i skulen Vi inviterer søkarar til eit digitalt seminar fredag 2. oktober kl. 10-11. Der vil vi orientere om utlysinga, gi tips til utarbeiding av gode prosjektskisser og orientere om kva som blir vektlagt i vurderinga av søknader. Det blir høve til å stille spørsmål. Du kan melde deg på til søkarseminaret her: https://nettskjema.no/a/647143 Stipendiatstillingane er utdanningsstillingar som først og fremst skal gi lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillingane har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiatstillingane er viktige rekrutteringsstillingar til vitskapelege stillingar ved universitet og høgskular. Stipendiatane vert normalt tilsette for ein periode på tre år med rein forskarutdanning, eventuelt fire år med forskarutdanning og 25 prosent karrierefremjande arbeid. Arbeidet kan bestå av undervisning, rettleiing og liknande. Ordninga med fire år forskarutdanning må avtalast særskilt med avdelingsleiinga ved tilsetting. Oppstart i stipendstillinga er i 2027. Endeleg tidpunkt for tilsetjing blir avklara i tilsetjingsprosessen. Arbeidsstad er Høgskulen i Volda. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar tenlege kontor og utstyr, og får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar. Eit vilkår for å starte i stillinga er opptak i doktorgradsprogrammet i helse og sosialfag ved Høgskulen i Volda/Høgskolen i Molde. Dokumentasjonen på opptak i doktorgradsprogrammet må ligge føre innan seks månader etter at ein har fått tilbod om stipendiatstilling. Ein vil då inngå endeleg avtale om å starte i stillinga. Vilkår for opptak til doktorgradsprogrammet går fram i Utfyllende retningslinjer for ph.d.-studium i helse- og sosialfag som du finn HER. Om ph.d.- programmet i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving; vilkår og utvikling Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde tilbyr i fellesskap doktorgradsutdanninga Helse- og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling. Programmet er tverrprofesjonelt og tverrfagleg. Utdanninga rettar seg mot alle profesjonar i helse- og sosialsektoren, og inkluderer bidrag frå fleire vitskapsdisiplinar. Programmet har eit breitt fagleg fellesskap av kandidatar og rettleiarar. Hausten 2026 er det 42 kandidatar i programmet. Doktorgradprosjekta i utdanninga nyttar både kvantitative og kvalitative metodar og ‘mixed methods’. Doktorgradsprogrammet er eit tilbod til kandidatar som har relevant fagbakgrunn og master / hovudfag. Les meir om ph.d.-programmet HER. Kvalifikasjonar Søkjarar må ha fullført mastergradutdanning som er relevant for utlysinga innanfor sosialfag, helsefag, samfunnsvitskaplege fag eller rettsvitskap, eller tilsvarande, og normalt med karakteren B eller betre på masteroppgåva. Dersom du har tilsvarande utdanning til mastergrad, eller utdanning frå utlandet, må du legge ved godkjenning frå NOKUT. Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad, som er relevante for fagområda til stillinga, vil også bli vektlagde. Det same gjeld relevant arbeidserfaring frå undervisning. Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på prosjektideen og prosjektskissa som ligg ved søknaden. Prosjektskissa skal vere på maksimalt 10 sider. Det skal kome fram kva du ønskjer å forske på, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Skissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet og for kva empiri/datagrunnlag ein tek sikte på å bruke. Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere personlege føresetnadar for å gjennomføre forskarutdanninga. Motivasjon og potensial for forsking innanfor fagfeltet er viktige føresetnader. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert og ha forståing for at eit doktorgradsløp er ein krevjande læringsprosess. Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere nytenkande og kreativ. Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Vi tilbyr HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei spanande og viktig verksemd. Avdeling for samfunnsfag og historie har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling. Høgskulen i Volda har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt. Pensjonsordningane ved høgskulen er gode. Stipendiatstillinga er løna i statens lønsregulativ, og ved HVO er stipendiatar, stillingskode 1017, si startløn kr. 580 000,- med inntil 4 år med 3 % årleg stigning. Startlønna vil bli justert opp i løpet av september 2026. Generell informasjon Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen. Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse. Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga. Om søknaden Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge. Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden: • vitnemål og attestar • CV • masteroppgåve • eventuelle andre vitskaplege arbeid • prosjektskisse, sjå informasjon lenger oppe i teksten Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søkjarane blir vurderte av eit sakkunnig utval. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval. Kontakt Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til: • Kjartan Leer-Salvesen, e-post: Kjartan.Leer-Salvesen@hivolda.no mobil: 416 59 805, programansvarleg for doktorgradsprogrammet • Finn Ove Båtevik e-post: batevik@hivolda.no, tlf. 70 07 52 13, instituttleiar ved ISF • Randi Bergem, e-post: randi.bergem@hivolda.no, tlf. 48 15 72 71, dekan ved ASH Om instituttet Institutt for sosialfag er eit institutt ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Institutt for sosialfag har 19 tilsette i faste vitskaplege stillingar og per i dag ni stipendiatar. Ved instituttet er det omlag 450 studentar. Instituttet har ansvar for to bachelorprogram i sosialt arbeid: barnevernspedagog og sosionom, med meir enn 300 studentar fordelte på tre studieår. Instituttet tilbyr mastergradutdanning i helse- og sosialfag og mastergradutdanning i barnevernsarbeid. Innhaldet i dei to mastergradane er omtalt i studieplan for Master i helse- og sosialfag og i studieplan for Master i barnevernsarbeid. Alle emna i masterprogrammet og vidareutdanningstilboda er samlingsbaserte. Om avdelinga Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1350 studentar, fordelte på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI). Studiebygda Volda Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar. Les meir på www.hivolda.no Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
Om stillingen Høgskolen i Volda søker etter stipendiat innenfor fagområdet ledelse. Stipendiatstillingene ved Høgskolen i Volda har forskerutdanning frem til doktorgrad (ph.d.) som mål, og kvalifiserer kandidater til forsknings- og undervisningsstillinger ved forskningsinstitutter, universiteter og høgskoler. Et vilkår for å starte i stillingen er opptak i doktorgradsprogrammet i helse- og sosialfag ved Høgskolen i Volda/Høgskolen i Molde. Dokumentasjonen på opptak i doktorgradsprogrammet må foreligge innen seks måneder etter at man har fått tilbud om stipendiatstilling. Man vil da inngå endelig avtale om å starte i stillingen. Vilkår for opptak til doktorgradsprogrammet fremgår av Utfyllende retningslinjer for ph.d.-studium i helse- og sosialfag, som kan leses her. Stipendiaten blir ansatt for en periode på tre år med rein forskerutdanning. I særskilte tilfeller kan det avtales fireårig stipendiatperiode, som inkluderer 25 prosent karrierefremmende arbeid. Arbeidssted er ved Høgskolen i Volda. Oppstart i stipendstillinga er i 2027. Endelig tidspunkt for ansettelse blir avklart i ansettelsesprosessen. Kvalifikasjoner Søkere må ha fullført relevant mastergradutdanning. Søkere som har mastergrader i særlig ledelsesrelevante disipliner vil under ellers tilnærmet like vilkår bli foretrukket. Det gjelder mastergrader innenfor disipliner som sosiologi, statsvitenskap og psykologi eller nært beslektede disipliner. Andre masterutdanninger kan også være relevante. Søkere som har tilsvarende utdanning som mastergrad, eller utdanning fra utlandet, må legge ved godkjenning fra NOKUT. Eventuelle vitenskapelige kvalifikasjoner utover mastergrad vil også kunne bli vektlagt. Aktuelle kandidater må ha gode norsk- og engelskkunnskaper, både skriftlig og muntlig. Undervisnings- og administrasjonsspråket ved høgskolen er norsk. Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidater for å vurdere personlige forutsetninger for å gjennomføre forskerutdanningen. Motivasjon og potensial for forskning innenfor fagfeltet er viktige forutsetninger. Stipendiater må ha stor arbeidskapasitet og selvstendighet, og mulighet til å prioritere arbeidet med avhandlingen i stipendiatperioden. Prosjektskisse I forbindelse med søknaden skal det utarbeides en prosjektskisse på inntil 10 sider. Skissen skal være skrevet på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Den skal ta utgangspunktet i at arbeidet i stipendiatperioden skal munne ut i en artikkelbasert ph.d.-avhandling bestående av tre eller fire vitenskapelige artikler og en sammenstilling (kappe) som gjør rede for helheten i avhandlingen. Ved vurdering av søkerne vil det bli lagt betydelig vekt på prosjektskissen, både når det gjelder kvalitet og relevans. Prosjektskissen skal angi et tema og hvorfor dette temaet er relevant for fagområdet ledelse. Skissen skal gjøre rede for forskingsstatus på feltet. Den skal også gjøre rede for de teoretiske og metodiske utgangspunktene for prosjektet og hvilket datagrunnlag søkeren tar sikte på å bruke. Skissen bør inneholde beskrivelser av tentativ metode og tentativt innhold i hver enkelt av de tre eller fire artiklene i avhandlingen. Vi inviterer søkere til et digitalt informasjonsmøte fredag 2. oktober kl. 10.00 – 11.00. Der vil vi orientere om utlysingen, gi råd om utarbeiding av prosjektskisse og informasjon om hva som blir vektlagt i vurderingen av søknader. Det blir anledning til å stille spørsmål. Påmeldingsskjemaet til informasjonsmøtet er her: https://nettskjema.no/a/647143 Om avdelingen Stipendiaten vil bli ansatt ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Avdelingen har undervisningsansvar for ca 1350 studenter, fordelt på tre institutter: Institutt for planlegging, administrasjon og skoleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI). Om ph.d.- programmet i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving; vilkår og utvikling Høgskolen i Volda og Høgskolen i Molde tilbyr i fellesskap doktorgradsutdanningen Helse- og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling. Programmet er tverrprofesjonelt og tverrfaglig. Utdanningen retter seg mot alle profesjoner i helse- og sosialsektoren, og inkluderer bidrag fra flere vitenskapsdisipliner. Programmet har et bredt faglig fellesskap av kandidater og veiledere. Høsten 2026 er det 42 kandidater i programmet. Doktorgradprosjektene i utdanningen bruker både kvantitative og kvalitative metoder og ‘mixed methods’. Vi tilbyr HVO tilbyr varierte arbeidsoppgaver i en spennende og viktig virksomhet Avdeling for samfunnsfag og historie har et inkluderende og godt faglig arbeidsfellesskap, der det er mulighet til faglig og personlig utvikling. Høgskolen i Volda har gode vilkår for forskning, og det finnes flere aktive forskergrupper på ulike fagfelt. Pensjonsordningene ved høgskolen er gode. Stipendiatstillingen er lønnet i statens lønnsregulativ, og ved HVO er stipendiater, stillingskode 1017, si startlønn kr. 580.000,- med inntil 4 år med 3 % årlig stigning. Generell informasjon Vi oppfordrer interesserte til å søke på stillingen uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Kandidater som ikke kan vise til en sammenhengende yrkeskarriere er også velkommen til å søke. Stipendiater ved høgskolen får hensiktsmessig kontor og utstyr, og får tildelt årlige driftsmidler etter gjeldende satser. Lokalene ved høgskolen er universelt utformet, og vi legger til rette for ansatte med nedsatt funksjonsevne. Dersom man har nedsett funksjonsevne, innvandrerbakgrunn eller hull i CV kan man bli positivt særbehandlet om man krysser av for dette ved innsending av søknaden. Vi vil invitere minst én kvalifisert søker i hver av disse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandlet på denne måten, må man oppfylle visse krav. Les mer om dette HER. Ansettelse skjer på de vilkårene som følger av lov om offentlige tjenestemenn, regulativ, reglement og instrukser som til enhver tid gjelder for stillingen, mellom annet lovfestet innskudd i Statens pensjonskasse. Aktuelle kandidater vil bli invitert til intervju. Søkere som blir invitert til intervju, må ta med originaler av vitnemål og attester for å dokumentere de elektronisk innsendte vedleggene. Om søknaden Søknad sendes digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge, og blir vurdert ut fra informasjon som foreligger ved utløpet av søknadsfristen. Offentlig søkerliste blir utarbeidet etter at søknadsfristen er ute. Dersom man ønsker å reservere seg fra oppføring på offentlig søkerliste, må dette grunngis i Jobbnorge. Man blir varslet dersom eventuell reservasjon ikke blir tatt til følge. Følgende dokument/filer skal legges ved den elektroniske søknaden: • prosjektskisse • vitnemål med karakterutskrifter • attester fra eventuelle tidligere relevante arbeidsforhold • CV • masteroppgave • eventuelle andre vitenskapelige arbeider Vedleggene skal ha navn som samsvarer med innholdet i filen. Søkere blir vurdert av et sakkyndig utvalg. Alle innkomne søknader blir først vurdert av avdelingen. Søknader som åpenbart ikke tilfredsstiller kravene for stillingen blir ikke sendt videre til vurdering i det sakkyndige utvalget. Kontaktinformasjon For spørsmål om stillingen: Ådne Meling, professor / instituttleder. E-post: adne.meling@hivolda.no, tlf. 70075317 Studiebygda Volda Mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finner du Høgskolen i Volda, med sine lange tradisjoner. Les mer på www.hivolda.no Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
Compare hiring history, company facts and open roles.