Radiologisk avdeling i Helse Bergen er ein moderne og høgteknologisk arbeidsplass som nyttar Sectra RIS og PACS-system, og ein utstyrspark i toppklasse. Her jobbar over 350 flinke folk, kring 160 av dei er radiografar, fordelt på fleire seksjonar med eiga fagmiljø og leiing. Seksjon for Barn/Unge CT/Generell har fleire ledige vikariat frå starten av 2027. Hovudsakleg 100% vikariat, men deltidsvikariat kan og vera aktuelt. På vår seksjon jobbar radiografane med varierte oppgåver; konvensjonell røntgen, gjennomlysning, CT, MR, og dei bistår også radiologar med ultralyd. Det er mogeleg med både utelukkande dagtidsarbeid, eller turnusarbeid med varierande vaktbelastning. Arbeidsoppgåver • Radiograffaglege oppgåver • Merkantile oppgåver • Pasientadministrasjon • Delta i seksjonane sine interne kontrollrutinar • Delta i fagleg utvikling Du må • Ha norsk autorisasjon som radiograf • Meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg • Ha gode IKT-kunnskapar Vi ser føre oss at du • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt • Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo • Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik • Er fagleg interessert, fleksibel og sjølvstendig • Er strukturert, nøyaktig og påliteleg Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø • Høgt fagleg nivå Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHege Kristin Hommedal Blom, Seksjonsleiar, +47 55975221, hege.kristin.hommedal.blom@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 BERGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5194101380 Stillingsprosent: 80% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 25.10.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.