Har du lyst til å bidra til at barna får ein trygg, aktiv og kjekk SFO-kvardag? Då ønskjer vi å høyre frå deg! Orre skule i Klepp kommune søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar til eit 40 % vikariat på SFO, med tiltreding etter avtale. Vikariatet varer til 31.07.2027. Stillinga kan passe godt for deg som er student og ønskjer å kombinere jobb med studium, eller for deg som ønskjer ei mindre deltidsstilling. Det kan òg vere aktuelt med ei mindre stilling på morgon-SFO, dersom dette passar for deg. Arbeidsoppgåver Som medarbeidar på SFO vil du mellom anna: • Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna • Delta i leik og ulike aktivitetar inne og ute • Bidra til eit godt og inkluderande miljø • Følgje opp barna sine behov og bidra til gode relasjonar • Samarbeide med dei andre tilsette på SFO og skulen • Bidra til praktiske oppgåver knytte til SFO-kvardagen Kvalifikasjonar • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg • Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel • Studentar innan barnehage, grunnskule, pedagogikk eller andre relevante fagområde er velkomne til å søkje • Gode samarbeidsevner og evne til å skape trygge og gode relasjonar til barn • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Personlege eigenskapar • Er trygg, positiv og omsorgsfull • Likar å vere saman med barn og ser verdien av leik og aktivitet • Er engasjert og tek initiativ • Er fleksibel og samarbeider godt med andre • Har gode relasjonelle ferdigheiter • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø • Moglegheit til å kombinere arbeid med studium • Moglegheit for ekstra arbeid på morgon-SFO etter avtale • Ein arbeidsplass der du får vere med på å skape gode dagar for barna KontaktinformasjonKenth Magne Åsebø-Trodal, Rektor, +47 90790216 ArbeidsstadRoslandsvegen 366 4343 Orre Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5197185543 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.11.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.