Vil du bidra til å vidareutvikle HR-faget i Leirvik? Vi søkjer ein erfaren og engasjert Senior HR-rådgjevar som vil vere ei sentral støtte for leiarar og tilsette i verksemda. Rolla har eit særskilt ansvar for rådgjeving innan arbeidsrett, tariffavtalar, arbeidstidsordningar, bemanning og omstillingsprosessar, og vil bidra til å sikre ein profesjonell og einskapleg HR-praksis på tvers av organisasjonen. Arbeidsoppgaver • Rådgjeving og støtte til leiarar innan HR, arbeidsrett og personalforvaltning • Ansvar for, og vidareutvikling av prosessar knytte til tariffavtalar, arbeidstidsordningar, overtid og rotasjonsordningar • Bistå i bemanningsplanlegging og rekruttering • Ansvar for innleige og rammeavtalar • Bistå ved omstillingar, permitteringar og nedbemanningsprosessar • Samarbeid, drøftingar og forhandlingar med tillitsvalde og fagforeiningar • Oppfølging av sjukefråvær og IA-arbeid i samarbeid med leiarar • Koordinering og oppfølging av kompetanseutvikling og opplæringstiltak • Bidra til utvikling og standardisering av HR-system, rutinar og prosessar • Samarbeide tett med HR-teamet for å sikre einskapleg HR-praksis i organisasjonen Kvalifikasjoner • Relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing eller tilsvarande. Lang og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning. • Solid erfaring frå operativt og strategisk HR-arbeid, gjerne frå industriell eller operativ verksemd • God kunnskap om arbeidsmiljølova, tariffavtalar og kollektiv arbeidsrett • Erfaring med arbeidstidsordningar, bemanning og arbeidsrettslege problemstillingar • Erfaring med forhandlingar og samarbeid med tillitsvalde og fagforeiningar • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Personlige egenskaper • Er ein tydeleg og tillitsskapande rådgjevar • Arbeider strukturert, nøyaktig og løysingsorientert • Har høg integritet og god rolleforståing • Er sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre Vi tilbyr • Ei sentral rolle i utviklinga av HR-arbeidet i Leirvik • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver • Eit kompetent og inkluderande arbeidsmiljø • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling • Konkurransedyktige vilkår KontaktinformasjonJanne Ertresvåg, SVP HR & HSEQ, +47 40 21 80 11, Janne.ertresvag@leirvik.com ArbeidsstedStorhaugvegen 130 5416 Stord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Leirvik AS Referansenr.: 5189115162 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.10.2026
Leirvik AS utviklar løysingar for bruk av aluminium i berande brukonstruksjonar og anna infrastruktur. I 2025 leverte vi Hangarbrua, ei 55m lang nettverksbogebru i aluminium til Statens Vegvesen. I sommar opna Marinebroen i Bergen, også den prosjektert og bygd av Leirvik AS. Me har gjennom fleire studiar og forprosjekt vist at aluminium er eit godt eigna materiale i alt frå korte gang- og sykkelbruer til lange køyrebruer. Leirvik AS har i lang tid levert store aluminiumskonstruksjonar til offshoreindustrien, og denne unike kompetansen og lange erfaringa vil me vidareføre til nye marknader. Me søkjer difor etter deg som kan vera med å utvikla Leirvik AS til å bli ein viktig aktør innan brukonstruksjonar og anna infrastruktur i aluminium. Arbeidsstad: Stord, men anna lokasjon kan vurderast ved rette kandidat. Arbeidsoppgåver • Kundekontakt og oppfølging av eksisterande og nye kundar • Identifisere prosjekt/produkt/leveransemodellar, og delta i utviklinga av desse • Marknadsføre Leirvik AS som leverandør av aluminiumskonstruksjonar • Bidra i strategiarbeid og utvikling av Leirvik AS si satsing innan infrastruktur Ønska kvalifikasjonar • Relevant erfaring frå entreprenør- eller prosjekteringsselskap • God kjennskap til produkt, marknad og gjennomføring av prosjekt • God teknisk og praktisk forståing • Utdanning frå høgskule/universitet (erfaring kan kompensera for manglande utdanning) • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk og engelsk Personlege eigenskapar • Positiv, proaktiv og ein sterk relasjonsbyggjar • God kommunikator og lagspelar • Kommersiell og strategisk tilnærming • Interesse for utviklingsarbeid og for å finna nye moglegheiter Vi tilbyr • Utviklande og spanande arbeidsoppgåver • Eit triveleg og støttande arbeidsmiljø • Gode velferds- og pensjonsordningar • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Konkurransedyktige vilkår KontaktinformasjonGeir Mosaker, VP Infrastructure, +47 40041685 Stine Halleraker Westerheim, Senior HR-rådgivar, 93484910 ArbeidsstedStorhaugvegen 130 5416 Stord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Leirvik AS Referansenr.: 5184328864 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.10.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.