Fast jobb, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt! Likar du at dagane flyg av garde fordi du alltid har noko viktig å bidra med? Hos oss er ingen dagar heilt like. Nokre dagar er det fullt trøkk og høgt tempo, medan andre gir tid til gode faglege refleksjonar og ein prat med kjekke kollegaer. Vi tilbyr òg langvakter, og du får vere med og påverke din eigen turnus. Kanskje er dette arbeidsplassen for deg? Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar. Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra. 👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget! Kva går jobben ut på? • Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar. • Gje pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane. • Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar. • Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga. • Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta. • Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. • Må ha gode IKT-kunnskapar • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit også når du skal be om råd • har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først • er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer • trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt Vi legg vekt på personleg eignaheit. Kvifor skal du velje oss? Jo, fordi vi har: • Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring. • Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag. • God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren. • Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben. • Tilrettelagt turnus – her får du tilbud om langvakter og vi har i tillegg ønsketurnus. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier, 53651013, kristin.espe.jensson@helse-fonna.no Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, 40518183, andreas.jacobsen@helse-fonna.no ArbeidsstadSjukehusvegen 10 5750 ODDA Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5194513472 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 22.02.2027 Søknadsfrist: 06.11.2026
Då er dette ein smart måte å starte karrieren på. Hos oss får du 20 000 kr i stipend, jobb ved sida av studiet og erfaring frå sjukehus medan du framleis studerer. Du blir del av eit fagmiljø, får opplæring og kjem tett på pasientane i ein trygg ramme. 🏥 Du jobbar helger og 5 veker i sommarferien, og vi prøver å tilpasse turnusen til studiekvardagen din. Vel fagområde du er nysgjerrig på – medisin, kirurgi eller psykisk helsevern. 💡 Vi tilset fortløpande – så ikkje vent med å søkje. Kva går jobben ut på? Hos oss får du mellom anna: • ta del i den daglege behandlinga og pleia – og er tett på pasientane • bli ein del av det tverrfaglege teamet som samarbeider om pasientane – kvar dag Kvalifikasjonar • Du er 2. års sjukepleiarstudent. • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: • møter pasientar og kollegaer med respekt, varme og ro • trivst med å jobbe tett saman med andre og har eit godt lag med folk • tek ansvar og er sjølvstendig • er nysgjerrig og liker å lære Kvifor skal du velje oss? Jo, for hos oss får du: • Lønn, stipend og praksis i ett. • Verdifull erfaring. • Tilhørighet i eit fagleg miljø. • Moglegheit til tilpassa arbeidstid etter din studiekvardag. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonGunvor Line Steinsland, HR rådgivar, gunvor.line.steinsland@helse-fonna.no ArbeidsstadSjukehusvegen 10 5750 Odda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5136047356 Stillingsprosent: 0% Vikariat Søknadsfrist: 31.12.2026
Då er dette ein smart måte å starte karrieren på. Hos oss får du 30 000 kr i stipend, jobb ved sida av studiet og erfaring frå sjukehus medan du framleis studerer. Du blir del av eit fagmiljø, får opplæring og kjem tett på pasientane i ein trygg ramme. 🏥 Du jobbar helger og 5 veker i sommarferien, og vi prøver å tilpasse turnusen til studiekvardagen din. Vel fagområde du er nysgjerrig på – medisin, kirurgi eller psykisk helsevern. 💡 Vi tilset fortløpande – så ikkje vent med å søkje. Kva går jobben ut på? Hos oss får du mellom anna: • ta del i den daglege behandlinga og pleia – og er tett på pasientane • bli ein del av det tverrfaglege teamet som samarbeider om pasientane – kvar dag Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Du er 3. års sjukepleiarstudent. • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: • møter pasientar og kollegaer med respekt, varme og ro • trivst med å jobbe tett saman med andre og har eit godt lag med folk • tek ansvar og er sjølvstendig • er nysgjerrig og liker å lære Kvifor skal du velje oss? Jo, for hos oss får du: • Lønn, stipend og praksis i ett. • Verdifull erfaring. • Tilhørighet i eit fagleg miljø. • Moglegheit til tilpassa arbeidstid etter din studiekvardag. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonGunvor Line Steinsland, HR rådgivar, gunvor.line.steinsland@helse-fonna.no ArbeidsstadSjukehusvegen 10 5750 Odda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5136046684 Stillingsprosent: 0% Vikariat Søknadsfrist: 31.12.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.