Vil du bli ein del av eit supert arbeidsmiljø, med faglege og spennande utfordringar kvar dag? Sengepost nevrologi har no ledig ei 50 % fast stilling. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø med høg kompetanse og varierte arbeidsdagar. Vi ser etter deg som trivst med pasientretta arbeid, både i samarbeid med andre og når du arbeider sjølvstendig. Du er positiv, fleksibel, nysgjerrig og tek initiativ i kvardagen. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, gode kollegaer, fagleg vekst, varierande og spennande oppgåver. Har du spørsmål om stillinga eller ønsker å vite meir om seksjonen, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt. Ved interne omrokkeringar kan det òg bli ledig andre stillingsstorleikar. Kikk gjerne innom vår instagramkonto sengepostnevrologi_SNR. Arbeidsoppgåver • Sjukepleie til den nevrologiske pasienten • Stell og pleie • Tverrfagleg samarbeid • Bygge kompetanse og fag • Rettleiing av sjukepleiestudentar • Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på prosedyrer og retningslinjer på sengeposten • News-målinger • Observasjon • Dokumentasjon Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjons som sjukepleiar • Må beherske norsk, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Du har ønske om å jobbe med nevrologiske pasientar • Du har gode samarbeidsevner, og evner å jobbe både i team og sjølvstendig • Du har ei positiv innstilling og har evne til å ta initiativ • Du er ansvarsfull, påliteleg, fleksibel og løysingsorientert • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. KontaktinformasjonMonika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 915 73041, monika.bolsones.knutsen@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5177458804 Stillingsprosent: 50% Fast Startdato: 30.11.2026 Søknadsfrist: 03.11.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.