Vil du vere med og gjere det enkelt for folk å reise i Vestland – også når dagen ikkje går heilt etter planen? Kvar dag er mange avhengige av Skyss for å kome seg til arbeid, skule og fritidsaktivitetar. Korleis vi møter kundane og løyser utfordringar undervegs, har stor betydning for kvardagen til mange vestlendingar. Vi treng ein leiar for den nyoppretta avdeling operasjon. Her får du ansvar for at kundane møter eit tilbod som fungerer godt, dag ut og dag inn. Du samlar arbeidet med reiseinformasjon og kundeservice, og samarbeider tett med operatørane som køyrer for oss gjennom god og tett avtaleoppfølging. Når noko ikkje går som planlagt, skal kundane få god informasjon, og avdelinga skal vere rusta til å handle raskt. Arbeidsoppgåver Du skal òg bruke det vi lærer av dei reisande, operatørane og hendingar i drifta, til å gjere tilbodet betre. Målet er å førebyggje problem og sørgje for at erfaringar frå den daglege drifta blir tekne med når Skyss utviklar nye løysingar og kjøper inn tenestene. Du har ansvar for at avdelinga har gode planar og arbeidsmåtar for å handtere uventa hendingar Kvalifikasjonar (overskrift)Som avdelingsleiar inngår du i direktøren si leiargruppe, og har tre gruppeleiarar som rapporterer til deg. Vi ser etter deg som har leiarerfaring og relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre denne rolla treng du erfaring med å utvikle gode kundeopplevingar, forbetringsarbeid og organisasjonsbygging. Erfaring frå samferdsel eller kollektivtransport, og kunnskap om offentleg forvaltning er ein fordel. Du er tydeleg som leiar, gir medarbeidarane tillit og får fagmiljøa til å samarbeide. Du ser heilskapen og byggjer ei avdeling som jaktar forbetringar, utan at du sjølv må løyse kvar hending. Hos Skyss møter du engasjerte medarbeidarar som bryr seg om dei gode kvardagsreisene. Du får ei rolle der arbeidet ditt betyr mykje for mange menneske i heile fylket, ei viktig rolle for å løyse samfunnsoppdraget til Skyss. Andre opplysningar: • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader • Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf.908 72 622, Julian Smørdal tlf. 932 29 249 eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf. 916 53 176. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen. KontaktinformasjonMålfrid Vik Sønstabø, direktør, 91653176 Matae v/ Merethe Mæland, 908 72 622 Matae v/ Julian Smørdal, 932 29 249 ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5190303348 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026
Vil du vere med og skape samanheng mellom strategien til Skyss, styringa og det som skjer i kvardagen? Skyss søkjer ein leiar som kan samle sterke fagmiljø i ei ny avdeling, styrkje avgjerdsprosessane våre og bidra til gode og berekraftige mobilitetstilbod i heile fylket. Arbeidsoppgåver Vi treng ein leiar for den nyoppretta avdeling stab. Her får du ansvar for å vidareutvikle korleis Skyss planlegg, prioriterer og følgjer opp arbeidet sitt. Du skal bidra til at mål, planar og økonomi heng saman, og gi organisasjonen eit godt grunnlag for viktige vegval. Samtidig skal du utvikle arbeidsmåtar som gjer det enklare for fagmiljøa å samarbeide og bruke ressursane godt på tvers. Du vil leie ei avdeling som samlar verksemdstyring, økonomi og administrasjon, kommunikasjon, strategi- og organisasjonsutvikling og leiarstøtte. Du har òg overordna ansvar for intern og ekstern kommunikasjon. Våre tenester er nytta av svært mange, og får stor merksemd. Gjennom kommunikasjonen vår skal vi få fram at Skyss er dyktig, påliteleg og imøtekommande. I denne rolla skal du skape samanheng mellom faglege vurderingar og verksemdsstyring – og formidling vidare til administrativ og politisk styring i fylkeskommunen. Du er ein del av direktøren si leiargruppe og har personalansvar for leiaren av gruppa for økonomi og administrasjon og for dei andre medarbeidarane i staben. Kvalifikasjonar (overskrift) Vi ser etter deg med relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre rolla treng du leiarerfaring og erfaring med verksemdsstyring. Du treng også forståing for korleis økonomi påverkar styring og strategiske prioriteringar. Du har god organisasjonsforståing og interesse for korleis ulike faglege og politiske omsyn verkar saman. Som leiar gir du dyktige medarbeidarar tillit og handlingsrom, samtidig som du er tydeleg på retning og ansvar. Hos Skyss får du arbeide med engasjerte fagmiljø og påverke korleis vi løyser eit samfunnsoppdrag som betyr mykje for innbyggjarar i heile fylket. Andre opplysningar: • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader • Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf.908 72 622, Julian Smørdal tlf. 932 29 249 eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf. 916 53 176. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen. KontaktinformasjonMatae v/Merethe Mæland, 908 72 622 Matae v/Julian Smørdal, 932 29 249 Målfrid Vik Sønstabø, direktør, 91653176 ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5190321037 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026
Vil du vere med og forme digitale løysingar bak dei gode kvardagsreisene? Skyss har eit viktig samfunnsoppdrag og er ein synleg del av kvardagen i Vestland. Vi treng ein leiar som ser korleis teknologi kan gjere det enklare å reise kollektivt og bidra til den digitale utviklinga i Skyss. Dette er eit viktig grunnlag for nøgde kundar og vidare passasjervekst. Vi treng ein leiar for avdeling teknologi. Her skal du samle behova i Skyss, skape tydelege prioriteringar og sørgje for at teknologiske val gir nytte for organisasjonen og kundane. Du skal synleggjere moglegheiter og gi organisasjonen eit godt grunnlag for avgjerder. Saman med fagmiljøa skal du utvikle arbeidsprosessar og bidra til at nye digitale løysingar blir tekne i bruk på ein god måte. Arbeidsoppgåver Skyss er del av eit bransjesamarbeid for digital tenesteutvikling. Som leiar for teknologi vil du få ei sentral rolle med å utvikle dette samarbeidet for Skyss. Dataforvaltning og analyse, IT-arkitektur og personvern er også del av ansvarsområdet ditt. Avdelinga skal sikre at system og data heng saman og støttar behova våre, både i dag og framover. I denne rolla vil du ha tett samarbeid med fagmiljø, leverandørar og andre aktørar i kollektivbransjen. Du skal samle og representere Skyss sine digitale utviklingsbehov i bransjesamarbeid om digital tenesteutvikling. Du er ein del av direktøren si leiargruppe og har personalansvar for medarbeidarane i avdelinga. Kvalifikasjonar (overskrift) Vi ser etter deg med relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre rolla treng du erfaring med prosess- og prosjektleiing, og kunne sjå korleis digital innsikt og utvikling kan brukast strategisk for å styrkje verksemda. Du evnar å gjere det komplekse forståeleg, og formidlar moglegheiter og konsekvensar på ein måte som legg grunnlag for gode avgjerder. Har du også leiarerfaring eller erfaring med endringsleiing, gjerne frå offentleg sektor, er det ein fordel. Du har god prosessforståing og teknisk innsikt og er nysgjerrig på nye moglegheiter. Du ser heilskapen, prioriterer mellom ulike behov og formidlar moglegheiter, konsekvensar og vegval på ein forståeleg måte. Som leiar skaper du tillit og gir dyktige medarbeidarar tydeleg retning og handlingsrom. Hos Skyss får du arbeide med engasjerte fagmiljø og påverke korleis teknologi bidreg til gode og berekraftige reiser i heile fylket. Andre opplysningar: • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader • Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf.908 72 622, Julian Smørdal tlf. 932 29 249 eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf. 916 53 176. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen. KontaktinformasjonMålfrid Vik Sønstabø, direktør, 91653176 Matae v/Julian Smørdal, 932 29 249 Matae v/Merethe Mæland, 908 72 622 ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5190325917 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.