Me søkjer no tilkallingsvikarar i Balestrand - me treng fleire vikarar på Balestrand helsetun og i heimetenesta. Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert i å jobbe med menneske. Behovet er frå d.d., og det vil bli tilsett fortløpande. Arbeidsoppgåver: • Heilskapleg pleie og omsorg av heimebuande og til bebuarar på sjukeheim • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet • Oppfølging av ernæring • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer • Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø • Reinhold i brukars heim utifrå vedtak • Hjelpe til med andre oppgåver som handling, tilsyn og andre heimesjukepleieoppgåver Kvalifikasjonar: • Assistentar, elevar/studentar innan helsefag • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med norsk autorisasjon • Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt • Beherske norsk, skriftleg og munnleg • Datakunnskap • Må vere over 18 år eller fylle 18 år det året du begynner. • For stilling i heimetenesta: førarkort klasse B Personlege eigenskapar: • Løysingsfokusert • Ha evne og interesse for eldreomsorg • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt Personlege eigenskaper vil verte vektlagde. Me tilbyr: • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gode velferdsordningar • Godt fagleg miljø • Løn etter tariff Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Link til søknadsskjema: Søk her
No er det ledige stillingar hjå oss, og me håpar du vil bli vår nye kollega! Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun og heimeteneste blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot. Balestrand helsetun består av to små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining, og er i same bygg som heimetenesta og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver. Balestrand helsetun har ledig følgjande stillingar som helsefagarbeidar: 100% fast stilling i turnus på helsetunet ledig frå d.d. Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for tilpassingar som til dømes langvakter med 4. kvar helg. Arbeidsoppgåver: • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim. • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer • Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar • Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie • Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar: • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon • Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel • Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering • Beherske norsk, skriftleg og munnleg (krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane) Personlege eigenskapar: • Løysingsfokusert • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Me tilbyr: • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gode velferdsordningar • Godt fagleg miljø • Årsturnus • Løn etter tariff Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord. Berre søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen! Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten, ein sjukepleiar i 100% fast stilling i turnus, ledig frå d.d. For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då 4. kvar helg. Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Vi har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs. Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen. Arbeidsoppgåver: • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar i institusjon • Oppgåver i tilknyting til legevaktssatellitten • Heilskapleg pleie og omsorg • Rettleiar for studentar/lærlingar og andre • Delta i tverrfagleg samarbeid • Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet • Medansvarlig for eit godt læringsmiljø • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet Sentrale ansvarsområde: • Pasientflyt • Pasientjournalsystem - LMP • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta • Medikamenthandtering • Legevisittar • Tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar: • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon • Beherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane. • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi • Førarkort Personlege eigenskapar: • Løysingsfokusert • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt • Ha evne og interesse for eldreomsorg • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde Me tilbyr: • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gode velferdsordningar • Godt fagleg miljø • Lønn etter tariff, med fastsatt lønnstillegg for legevaktssatellitten. • Tilrettelagt årsturnus • Moglegheit for langvakter med lengre helgeintervall. Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord. Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning. Link til søknadsskjema: Søk her
Compare hiring history, company facts and open roles.