I FUS har vi store ambisjonar – vi ønskjer å bli best på barnehage! Vi trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og vi søkjer engasjerte assistent/fagarbeidar som vil vere med på denne reisa. Er du engasjert? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte? Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre? Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar? Ja? Då er du kanskje den vi ser etter! Storebø FUS barnehage er ein base barnehage med ca 75 plassar. Me ligg i nærleiken av butikk, ASV og ungdomsskulen. Hovudfokuset vårt er på leik og relasjonar. Målet vårt er å skapa ein trygg kvardag fylt av leik, glede og utviklingsmoglegheitar for barna. I barnehagen vår er det trygge tilsette med god kompetanse, glød og engasjement som ser barna og byggjer vidare på innspela deira. Me treng dyktige medarbeidere for heltids og deltids vikariat ut barnehageåret (15.12.26-31.07.27) og med moglegheit for oppstart snarest. Vi tilbyr: • Ein variert og aktiv kvardag • Moglegheit for å bidra med eigne relevante ferdigheiter eller interesser • Moglegheit for å bidra til vidare utvikling av barnehagen • Moglegheita for å bli ein del av ein kjede med stort fagleg fokus • Godt samarbeid med andre FUS-barnehagar i eit av Noregs største private barnehagenettverk • Gode løns- og pensjonsvilkår • Eigne FUS-klær Arbeidsoppgåver: • Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet • Bidra til å sørgje for den heilskaplege omsorga av det enkelte barnet og barnegruppa • Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet Vi ønskjer at du: • Er samarbeidsvillig og kan løyse utfordringar saman med andre • Er tilpassingsdyktig – du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, foreldre og kollegaer • Er påliteleg og ansvarsmedviten Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidrar til eit inkluderande fellesskap. Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.
Vi ser etter ein engasjert og varm pedagogisk leiar som har lyst til å vere med og skape ein kvardag full av leik, læring og omsorg i Storebø FUS barnehage. Dette er eit 100% vikariat fra 15.12.2026 - 31.07.2027,med moglegheit for forlengelse, og vi lovar at vi gjer vårt for at du skal kjenne deg som ein viktig del av gjengen frå dag éin. Her får du både faglege utfordringar og mykje latter i løpet av dagen. Du får jobbe i ein barnehage som er ein del av FUS-kjeda, med høg kvalitet, tryggleik og fagleg utvikling i fokus. Hos oss er det kort veg frå idé til handling – og godt rom for å vere både nysgjerrig og leiken, sjølv om du er vaksen. Om rollen Som pedagogisk leiar har du ei nøkkelrolle i barnehagen, både for barna, føresette og kollegaer. Du blir ein viktig premissgjevar for den pedagogiske praksisen på avdelinga, og ein lagspelar som får med deg både små og store. Vi ønskjer oss ein person som trivst med ansvar, men som også veit at den beste kvardagen skapar vi saman. • Ha det overordna pedagogiske ansvaret på eiga avdeling • Planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet • Sikre eit inkluderande, trygt og stimulerande miljø for alle barn • Ha tett og god dialog med føresette, med fokus på samarbeid om barnet • Rettleie og støtte medarbeidarar i det daglege arbeidet • Bidra aktivt i utviklingsarbeid, faglege møte og refleksjon i personalgruppa Kven vi ser etter Du er ein person som møter både barn, føresette og kollegaer med respekt, nysgjerrigheit og varme. Du likar å dele kunnskap, og du er heller ikkje redd for å spørje om hjelp når du treng det. • Utdanning som barnehagelærar • Eller anna relevant utdanning kan bli vurdert • Det må leggjast fram politiattest ved tilsetjing • Trygg i rolle som leiar i barnegruppa, og komfortabel med å ta avgjerder i kvardagen • God evne til å bygge relasjonar og skape tillit, både til barn og vaksne • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, slik at du kan kommunisere godt med barn, føresette og kollegaer • Evner å møte barn i ein kvardag som stadig er i endring Kvifor jobbe hos oss I Storebø FUS barnehage får du ikkje berre ein jobb, men ein gjeng å spele kvar dag med – både fagleg og sosialt. Vi tek fag på alvor, men oss sjølve akkurat passe høgtideleg. Her er det lov å prøve, feile, le og lære – og helst alt på same dag. Du blir del av ein organisasjon som jobbar forskingsbasert og systematisk med kvalitet, og som har sterk satsing på kompetanse og utvikling. Vi gir deg både støtte, rettleiing og rom til å vekse som pedagog og leiar. • Et sterkt fagmiljø med fokus på utvikling • Engasjerande kollegaer • Flott og inkluderande arbeidsmiljø med mykje samarbeidsvilje og humor i kvardagen • Egne FUS klær • Moglegheit til å påverke eigen kvardag og bidra aktivt i utviklinga av barnehagen • Konkurransedyktig lønn Korleis søkje Send inn søknad og CV gjennom den digitale søknadsportalen som er lenka til i utlysinga. Legg gjerne ved relevante vitnemål og attestar dersom du har dei lett tilgjengeleg. Skriv kort kvifor du har lyst til å jobbe akkurat i Storebø FUS barnehage, og kva du kan bidra med i miljøet vårt. Vi går gjennom søknadar fortløpande, og vi kallar inn aktuelle kandidatar til intervju. Vi vurderer søkjarar og gjer tilsettingar fortløpande, og vi vurderer søknader etter kvart som dei kjem inn.
Compare hiring history, company facts and open roles.