Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Vassenden Heimeteneste gir helse- og omsorgstenester til pasientar i alle aldrar, med hovudvekt på eldre. Pasientane bur anten i omsorgsbustad eller i eigen heim rundt om i bygda. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der du får høve til å lære av dyktige kollegaer og bidra til vidareutvikling av tenesta. Vi legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø. Ingen dagar er heilt like i heimetenesta. Du møter pasientar med ulike behov og vil jamleg stå overfor nye situasjonar og utfordringar som krev faglege vurderingar og løysingar. Dette gir deg ei unik moglegheit til å utvikle breiddekompetanse og bruke både kliniske ferdigheiter, fagkunnskap og sjølvstende i praksis. Dersom du trivst med ansvar, variasjon og meiningsfulle arbeidsdagar, håpar vi du vil søke stilling hos oss. Vi har følgande stillingar ledig: • 100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast • 100 % vikariat som sjukepleiar i perioden frå snarast - 31.08.2027 Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg . Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det. Arbeidsoppgåver: • sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar • kartlegging, observasjon og dokumentasjon • medikamenthandtering • tverrfagleg samarbeid med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar • bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta • aktiv bruk av velferdsteknologiske løysingar Kvalifikasjonar: • norsk autorisasjon som sjukepleiar • beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg • førarkort klasse B Vi søkjer etter deg som er: • er fagleg engasjert og løysingsorientert • kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar • har gode samarbeidsevner • er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag • har interesse for teknologi og utvikling av framtidas helsetenester • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing Kva tilbyr vi? • eit godt og inkluderande fagmiljø • fokus på trivsel, samarbeid og godt arbeidsmiljø • ein variert og spennande arbeidskvardag • faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter • arbeidsmetodar med bruk av velferdsteknologi • fleksible turnusløysingar med moglegheit for langvakter og arbeid kvar fjerde helg med samla langfri • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning Politiattest av nyare dato må leggast fram før start i stilling. Du søker elektronisk Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Compare hiring history, company facts and open roles.