Find your next job in Årdal. Explore 2 open vacancies, see top hiring employers and apply directly.
Vil du vere med og skape ein god kvardag for borna? Ved Tangen skule har me no ledig ei 40% fast stilling som fagarbeidar/assistent i SFO. Me ser etter deg som ynskjer å vere ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen i kvardagen til elevane våre. Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar Hjå oss får du vere med på å skape ein inkluderande og stabil kvardag der borna opplever meistring, trivsel og gode relasjonar. Arbeidsdagane vil vere varierte og innhaldsrike. Du vil vere aktiv saman med elevane i leik og aktivitetar, og bidra til at kvar einskild elev får utvikle seg sosialt gjennom godt samspel og kommunikasjon. Samarbeid med kollegaer og heimane til borna er også ein viktig del av arbeidet. Kven ser me etter? Me ynskjer oss ein medarbeidar som trivst i ein aktiv arbeidskvardag – både ute og inne – og som møter born og vaksne med rausheit, fleksibilitet og omsorg. Du er oppteken av å skape gode opplevingar for borna og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø i SFO. Kvalifikasjonar Det er ein fordel om du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men me oppmodar også deg med annan relevant utdanning eller erfaring til å søkje. Du må ha gode norskkunnskapar, og det er krav om godkjend politiattest før tilsetjing. Kva kan me tilby? Me tilbyr ein trygg arbeidsplass i ein veldriven kommune med gode rammevilkår. Du vil bli ein del av eit stabilt og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse, og få kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn vert gitt etter gjeldande tariff og avtaleverk – henholdsvis fagarbeidar/assistent. Det er 11% trekk i løn for å følgje skuleruta. Me ynskjer medarbeidar som ser kvart einskild barn, og som vil vere med på å skape ein trygg, aktiv og god kvardag ved Tangen SFO. Stillinga er lagt opp til ettermiddagsSFO med arbeidstid frå kl 13-16 måndag til fredag. Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me du vil sende oss ein søknad – me gler oss til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Currently 2 vacancies are open in Årdal. The listings are refreshed continuously.
Leading employers in the area include Årdal kommune - Tangen Skule, Årdal kommune Bu og miljøtenesta.
Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til eit anna menneske? Årdal kommune søkjer engasjerte og omsorgsfulle støttekontaktar til Bu- og miljøtenesta. Som støttekontakt får du ei viktig rolle i å bidra til auka livskvalitet, meistring, deltaking og sosialt fellesskap for menneske som av ulike grunnar har behov for litt ekstra støtte i kvardagen. Dette er ei meiningsfull oppgåve for deg som ynskjer å bruka nokre timar i månaden til å skapa gode opplevingar saman med andre. Du treng ikkje vera ekspert – det viktigaste er at du er ein trygg, positiv og påliteleg person som ynskjer å vera der for andre. Kva inneber oppdraget? Som støttekontakt er du ein viktig samtalepartnar og aktivitetspartnar. Oppdraget blir tilpassa den enkelte sitt behov, interesser og ynskje. Det kan til dømes vera å gå turar, trena saman, delta på kultur- og fritidsaktivitetar, ta ein kaffikopp, besøka arrangement eller berre ha ein hyggeleg prat. Målet er å bidra til sosial deltaking, gode opplevingar og ein meir aktiv og meiningsfull kvardag. Omfanget av oppdraget varierer, og arbeidstida blir avtalt i samarbeid med brukar og tenesta. Kven ser me etter? Me ser etter deg som har gode relasjonsevner og interesse for menneske. Du er trygg, tolmodig og inkluderande, og evnar å møta andre med respekt og openheit. Det er ingen krav om formell utdanning, men erfaring frå arbeid med menneske eller frivillig engasjement kan vera ein fordel. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. For enkelte oppdrag kan det vera ynskjeleg med førarkort og tilgang til eigen bil. Kvifor bli støttekontakt? Å vera støttekontakt er ei unik moglegheit til å gjera ein positiv forskjell i livet til eit anna menneske. Samstundes får du verdifulle erfaringar, nye perspektiv og mange gode møte med menneske. Du får nødvendig rettleiing og oppfølging frå Bu- og miljøtenesta, og oppdraget blir godt tilrettelagt ut frå dine interesser og føresetnader. Velkomen som søkjar Har du litt tid til overs og eit ynske om å bidra til at andre får ein rikare og meir sosial kvardag? Då håpar me du tek kontakt med oss. Me ynskjer søkjarar i alle aldrar og livssituasjonar velkomne. Kanskje er det nettopp du som kan bli den personen som gjer den store forskjellen i kvardagen til nokon andre. Søknaden din vert liggande i vårt arkiv, og om me ikkje har ein god match med ein gong, vil du likevel bli vurdert fortløpande ved behov. Velkommen som støttekontakt i Årdal kommune! Link til søknadsskjema: Søk her