Find your next job in Fjaler. Explore 3 open vacancies, see top hiring employers and apply directly.
Fjaler sjukeheim har ledig ei 100 % fast sjukepleiarstilling og søkjer etter fagleg sterke og motiverte medarbeidarar som å ynskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre. Vi har og ledige vikariat grunna svangerskapspermisjon. Sjukeheimen har årsturnus over 52 veker, med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Det er også mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg – denne ordninga er per no frivillig. I februar 2024 starta sjukeheimen opp med eit spennande utviklingsarbeid knytt til oppgåvedeling (TØRN-prosjektet). Målet er at tilsette skal få nye oppgåver og meir ansvar, og at sjukepleiarar på sikt får arbeide meir systematisk med sjukepleiarfagleg kompetanse. Samstundes ser vi på framtidige løysingar for teamarbeid i kommunen. Vårt mål er å yte gode tenester. Vi har varierte og spanande arbeidsoppgåver, både for nyutdanna og for deg med lang erfaring. Vi søkjer deg som har interesse for eldreomsorg, er engasjert i fagutvikling og forbetringsarbeid, og som ønskjer å bidra til at bebuarane våre har eit godt liv på sjukeheimen. Arbeidsoppgåver • Delta i det daglege arbeidet og bidra til at oppgåver blir utførte på ein smidig og god måte • Sjukepleiefaglege vurderingar og dokumentasjon • Sikre fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og godt samarbeid med andre einingar • Rettleiing og fagleg støtte til kollegaer og studentar • Arbeide kunnskapsbasert • Bidra til fagleg utvikling og forbetringsarbeid • Tverrfagleg samarbeid • Vere ein god rollemodell Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar • Sjukepleiarstudentar som er ferdige januar 2027 kan også søkje stillinga • Politiattest samt godkjend MRSA- og tuberkulinattest må leggjast fram før tiltreding • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Engasjement for eldreomsorg • Fleksibel og med gode samarbeidsevner • Evne til å arbeide sjølvstendig • Ansvarsbevisst og løysningsorientert • God kommunikasjonsevne • Positiv og med godt humør • Fagleg engasjert Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyr • Introduksjonsprogram med fadderordning • Løn etter utdanning og erfaring • Kr 35 000 i fast tillegg (alltid på topp) • Støtte og tilrettelegging for vidareutdanning • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Link til søknadsskjema: Søk her
Currently 3 vacancies are open in Fjaler. The listings are refreshed continuously.
Leading employers in the area include Fjaler kommune Fjaler sjukeheim, Fjaler kommune Reinhaldssentralen.
Fjaler Sjukeheim har no ledig 100% stilling som Helsefagarbeidar, og vi søkjer deg som har hjarte for omsorg, fagleg engasjement og eit ynskje om å gjere ein forskjell- kvar einaste dag. Våre tenester er i endring for å møte framtidas behov, og vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring. Som helsefagarbeidar hos oss vert du ein viktig del av eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø. Du vil arbeide tett med bebuarar, pårørande og kollegaer for å sikre trygg, verdig og individuelt tilpassa omsorg. I februar 2024 starta sjukeheimen opp med eit spennande utviklingsarbeid knytt til oppgåvedeling (TØRN-prosjektet). Målet er at Helsefagarbeidarane hos oss skal få nye oppgåver, auka kompetanse og meir ansvar i avdeling. Vi har årsturnus på 52 veker med tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg eller langvakter med arbeid kvar 4.helg. Denne ordninga er for tida frivillig. Har du lyst til å bli ein del av laget vårt og vere med på å skape gode augeblikk for andre? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Arbeidsoppgåver • Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og forsvarleg måte. • Sikre at det vert utført fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar. • Dokumentasjon og oppfølging i tråd med gjeldande rutiner. • Medikamenthandtering. • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane. • Jobbe kunnskapsbasert. • Jobbe for auka fagleg utvikling. • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper og på tvers av avdelingane. • Vere ein god rollemodell. • Rettleiing av elevar og studentar i praksis. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsefagarbeidar • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding. Personlege eigenskapar • Du er omsorgsfull, pålitelig og engasjert • Sjølvstendig og ansvarsbevisst • God på kommunikasjon • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø • Engasjement for eldreomsorg • Fleksibel og med gode samarbeidsevner • Godt humør Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga. Vi tilbyr • Introduksjonsprogram for nytilsette • Fadderordning • Løn etter utdanning og erfaring • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer • Moglegheit for fagleg utvikling Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du bidra til reine, trygge og trivelege bygg? Reinhaldssentralen søkjer etter to engasjerte og pålitelege reinhaldsoperatørar til faste stillingar med oppstart 2. januar 2027. Vi har ledig: • 100 % fast stilling - for tida er arbeidstid måndag–fredag kl. 06.00–13.30. • 50 % fast stilling - for tida er arbeidstid frå kl. 06.00 måndag til fredag. Stillinga inneber for tida arbeid fem dagar i veka. I søknaden ber vi deg opplyse om du søkjer på 100 % stillinga, 50 % stillinga eller begge stillingane. Arbeidsoppgåver • Dagleg og periodisk reinhald • Vedlikehald og behandling av golv • Hovudreinhald • Reinhald på ulike lokasjonar i kommunen • Arbeidet er fysisk og inneber mellom anna å gå ein del i løpet av arbeidsdagen, gå i trapper og handtere og transportere reinhaldsutstyr og varer. • Andre oppgåver innan reinhaldsfaget Kvalifikasjonar • Fagbrev som reinhaldsoperatør. • Søkjarar utan fagbrev kan bli vurderte dersom dei har lang erfaring frå reinhaldsarbeid og er villige til å ta fagbrev innan tre år. • Minimum B1-nivå i norsk, skriftleg og munnleg. • Søkjarar må ha fylt 18 år. • Førarkort klasse B og tilgang til bil Det er ønskjeleg med • Erfaring med bruk av ulike reinhaldsmaskiner. • Erfaring med dagleg og periodisk reinhald. Dersom det skulle bli aktuelt med arbeid i skule eller barnehage, vil det vere krav om politiattest i samsvar med gjeldande regelverk. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • er løysingsorientert og påliteleg • arbeider nøyaktig og sjølvstendig, og har auge for detaljar • trivst med varierte og fysisk krevjande arbeidsoppgåver • er serviceinnstilt og samarbeider godt med andre • er fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver, arbeidstid og arbeidsstad ut frå behov i tenesta • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og tek initiativ når det trengst Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stilliga. Vi tilbyr • Løn etter tariff • 10 000 kroner i fast tillegg på toppen av grunnløna • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer • Moglegheit for tilrettelegging slik at du kan ta fagbrev som reinhaldsoperatør parallelt med arbeidet Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekkje søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Link til søknadsskjema: Søk her