Find your next job in Skjåk. Explore 2 open vacancies, see top hiring employers and apply directly.
Vil du vere fagarbeidar i ein heilt ny barnehage i Skjåk? Vi søkjer fagarbeidarar som vil vere med frå starten og skape ein inkluderande barnehage i godt samarbeid med barn, familiar og kollegaer -- og setje spor i både praksis og kultur. Det var ein gong -- og snart på ordentleg -- ein ny barnehage i Skjåk I oktober 2026 opnar Skjåk den heilt nye Skjåkspira barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft. Skjåkspira barnehage veks fram mellom fjell og skog -- forma for små føter, store tankar og trygge fellesskap. Her blir natur, leik og gode relasjonar vovne saman i ein kvardag prega av tryggleik, undring og livsglede. Er det du som skal bli ein viktig fagarbeidar i barna sine forteljingar -- midt i Skjåk, der barna står i sentrum, og framtida får vekse i trygge hender. Skjåk kommune har behov for fagarbeidarar i stillingar på 100 % ved Skjåkspira barnehage, både i faste stillingar og vikariat. Det er særleg bruk for fagarbeidarar med spesialpedagogisk kompetanse. Som fagarbeidar i Skjåk skal du mellom anna • gje barna omsorg, tryggleik og støtte i kvardagen • fylgje opp barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp, i tett samarbeid med pedagogisk leiar • bidra i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogiske aktivitetar • leggje til rette for leik, fysisk aktivitet og kreativ utfalding • støtte barn si språkutvikling og sosiale kompetanse • bidra til eit inkluderande fellesskap der alle barn opplever meistring og tilhøyrsle • ha open og god dialog med føresette Vi ser etter deg som • har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar - anna relevant erfaring eller utdanning, også høgskuleutdanning kan vere aktuelt • har utdanning eller erfaring innanfor arbeid med spesialpedagogikk • har erfaring frå arbeid med barn med særskilde eller samansette behov • er trygg i å sjå kvart enkelt barn, deltek aktivt i kvardagen, og som er fleksibel og tilpassingsdyktig • er engasjert i barnehageyrket og har interesse for fagleg utvikling • trivst ute og deltek aktivt i leik og aktivitet i all slags vêr • arbeider målretta både sjølvstendig og i team, samt har gode evner til samarbeid og kommunikasjon innanfor faget • har gode norskkunnskapar • har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje. Har du spørsmål? Ta kontakt med: • Styrar, Heidi Jevnheim, telefon 90 19 39 57 . • Dagleg leiar, Karin Fjerdingren, telefon 98 06 47 14 Søknadsfrist: 30.08.2026 Elektronisk søknadsskjema finn du på www.skjaak.kommune.no Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt. Kvifor velje Skjåk? Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, arbeid for eventuell partnar og informasjon om tilbod for barn og fritid. Du kan òg få moglegheit til å prøvebu i bygda. Kontakt: • Heidrun Israelsen -- prosjektleiar >. • Telefon 994 27 902 Sletting av studielån Buset du deg i Skjåk og er i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Les meir om det på vedalgt lenke om sletting av gjeld i utvalgte kommunar.
Currently 2 vacancies are open in Skjåk. The listings are refreshed continuously.
Leading employers in the area include Skjåk Kommune Sentraladministrasjon.
Skjåk kommune har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Vil du ha ein sjukepleiarjobb der turnusen kan tilpassast kvardagen din? Ved Skjåkheimen sjukeheim tilbyr vi fleksible løysingar med moglegheit for langvakter og lengre friperiodar. Sjukepleiestudentar er velkomne til å søkje. Stillinga er for tida på tenesteområde Skjåkheimen sjukeheim i 3-delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Det vil vere moglegheit til å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til langvakt på vekedagar. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar- ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid. Sjukepleiestudentar kan og søkje på stillinga. Arbeidsområde Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både korttidsplassar, langtidsplassar og rehabilitering. Vi vektlegg gode pasientforløp med eit fagleg fokus for å sikre kvalitet og tryggleik i tenestene. Sjukeheimen har høg fagleg kompetanse og arbeider målretta for å gjennomføre ulike prosedyrar og oppgåver lokalt. Dette er særleg viktig sidan vi ligg langt frå sjukehus. Det er nær samhandling mellom heimetenesta, sjukeheimen og legetenesta. Vi har ei målsetting om å vere ein sjukeheim der både bebuarar og tilsette skal trivast i kvardagen. Skjåk kommune har godt utbygd heimesjukepleie og praktisk bistand, og har gjennom fleire år satsa målretta på å utvikle omsorgsbustader med sentral beliggenheit. Heile 14 av desse bustadane er integrerte i same bygg som sjukeheimen, noko som legg til rette for tett samarbeid og god kontinuitet i tenestene. Skjåkheimen og heimesjukepleia har felles nattevaktsteam, der 2 er stasjonert på Skjåkheimen og 1 i heimesjukepleia. Andel tilsette med fagutdanning er høg. Skjåk kommune prioriterer lokalt og interkommunalt utviklingsarbeid. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar • Førarkort klasse B • Godkjent politiattest Anna relevant kompetanse kan bli vurdert dersom det ikkje skulle kome søkjarar med autorisasjon som sjukepleiar. Vi vektlegg at du • er fagleg engasjert. • har gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner. • er initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet. • bidreg aktivt til eit god arbeidsmiljø. • er fleksibel, lojal og er ein lagspelar. • arbeider for å oppretthalde kvardagsmeistring hjå brukarane. • viser fleksibilitet i høve til omstillingar, er løysningsorientert og kan prioritere i ein travel kvardag. • samarbeider med samarbeidspartar som; pårørande, Skjåkheimen, legevakt og spesialisthelsetenesta. • har evne til å arbeide strukturert og målretta • har god norskkunnskap, munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1). • har generell forståing for bruk av informasjonsteknologi. • dokumenterer i høve til lover og forskrifter. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale • Pensjonsordning i KLP Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobiltelefon 489 97 924. Vi har fortløpande opptak på stilling som sjukepleiar. • Elektronisk søknadsskjema • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit. Kommunedirektøren