
Helse, tildeling og koordinering, Ørsta kommune · ørsta
Ved Ørsta helsesenter er det ledig fastlegeheimel med listetak på 650, som kan aukast om ønskeleg. Heimelen er ledig frå 01.12.26, eller tidlegare etter avtale...
Ved Ørsta helsesenter er det ledig fastlegeheimel med listetak på 650, som kan aukast om ønskeleg.
Heimelen er ledig frå 01.12.26, eller tidlegare etter avtale.
Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen og der legane er næringsdrivande. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg.
Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er mange erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin, eller dei er i slik spesialisering. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale.
Tildeling og overdraging av heimelen skjer i samsvar med pkt. 5.5 og 5.6 i ASA 4310 - Rammeavtale mellom KS og Den norske legeforening om allmennlegepraksis i fast legeordningen i kommunene.
Vilkår for drift av praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer fastlegeordninga.
Vi ønsker at du skal vere næringsdrivande fastlege, men dersom du er ALIS-lege, kan du vere fastlønna i inntil to år av ALIS-løpet.
Per i dag er det ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Legesenteret har både LIS1- og ALIS-legar og du må rekne med å delta i rettleiing og supervisjon av desse. Du må også rekne med å kunne få andre oppgåver dersom kommunen ser behov for det.
Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stilling
Legevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, gode lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktsbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor.
Fastlegeoppgåver i samsvar med lov- og avtaleverk.
Du må
Dersom du ikkje er spesialist i allmennmedisin vil du få tilbod om ALIS-avtale
Vi ser etter ein lege som
Vi tilbyr
KontaktinformasjonHege Axe Øvsteng, Dagleg leiar Ørsta helsesenter, hegeaxe@hotmail.com
Runa Bakke, Tenesteleiar, 91621147, runa.bakke@orsta.kommune.no
ArbeidsstadDalevegen 28A
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5143368847
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.07.2026
Om arbeidsstaden Kommunestyret har vedteke å opprette eit nytt legekontor for næringsdrivande i solopraksis i Bekkjarvik sør i kommunen. Det var tidlegare eit kommunalt legekontor på staden fram til 2017. Kommunestyret har vedteke at det skal opprettast som ein 0-heimel. Legekontoret skal opprettast i eit lokale ved kjøpesenteret Bekkjarvik Torg. Utleigar har lokale og utstyr som skal nyttast. Leigeavtale, bustad og utstyr er ikkje kommunen vedkomande, og er ein avtale mellom næringsdrivande lege og utleigar. Kommunen har ikkje ansvar for eventuelle tilsette på legekontoret. Om stillinga Kommunen opnar for å vurdere ulike organisasjonsformer ved legekontoret, til dømes deleliste og/eller rotasjonsordning (Nordsjøturnus). Det er viktig at søkjarar beskriv kva organisasjonsform dei vil nytte, korleis dei vil drifte kontoret og korleis dei vil stette kravet til spesialitet i allmennmedisin. Fastlegen vil ha pliktig deltaking i daglegevakt, og i kommunal legevakt utanom arbeidstid p.t. 7-delt legevakt som næringsdrivande etter vaktklasse 1. Det må påreknast inntil 20% andre offentlege oppgåver, jamfør fastlegeforskrifta. Fastlegen må oppgi styrings- og kvalitetsdata til kommunen, jamfør fastlegeforskrifta §19. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Vi søker person som har langsiktig motivasjon for å bygge opp eit godt fungerande fastlegetilbod i Bekkjarvik. Du har eit heilskapleg syn på fastlegetenesta si rolle i primærhelsetenesta, og vektlegg tverrfagleg samarbeid med kommunale helse- og omsorgstenester. Kvalifikasjonskrav Formelle kvalifikasjonskrav • Formelle kvalifikasjonskrav • Norsk autorisasjon som lege • Som hovudregel skal legen ha gyldig spesialitet i allmennmedisin. Kommunen kan vurdere kravet om spesialisering om val av organisasjonsform stettar krav til forsvarlegheit. • Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B • Plettfri vandel, framvising av politiattest ved tilsetting og det blir undersøkt om autorisasjonsstatus og tilsynssaker • Oppgi referansar i søknaden Personlege eigenskapar • Du er triveleg og engasjert • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne • Brenn for allmennmedisinfaget og pasientane • Du er løysingsorientert og pliktoppfyllande • Gode fagkunnskapar og ferdigheiter • Interesse for legevakt og akuttmedisin Vi tilbyr Avtale som næringsdrivande lege som følger vilkåra i ASA 4310. Heimelshavar har sjølv ansvar for å sørge for kollegial fråværsdekning. Listestorleik inntil 1000 pasientar, lågare listetak kan avtalast. Sidan heimelen er ei 0-liste er den kostnadsfri å erverve. Slik søker du Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Ein fastlegeheimel knytt til Sæthre legekontor er ledig frå hausten 2026. Listetak: 1000 pasientar. Sæthre legekontor består i dag av ein heimel som vert drifta som deleliste. Legekontoret er i prosess med å utvide med to heimlar, og skal flytte til nybygde lokalar, med tentativ oppstart i oktober -26. Lokala ligg særs sentralt plassert i Voss sentrum, med god tilgang på parkering, og nærheit til alt Vossevangen har å tilby. Me gler oss stort til å kunne utvide praksisen med nye kollegaer. Me kan tilby eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, kvalitet, autonomi, og gode pasientforløp. Du får høve til å være med frå start i oppbygging av ny praksis, og du vil ha innflytelse på drift, rutinar og fagleg profil. På fritida har du tilgang til noko av det beste vestlandsnaturen har å tilby, i tillegg til eit rikt lags- og kulturliv. Legekontoret nyttar Infodoc i sky som journalsystem. Til heimlar inngår deltaking i interkommunal legevakt. Me vil kunne tilby rettleiing av legar i spesialisering. Heradet har ordning med styrka basistilskot for næringsdrivande fastlegar, det er og tilrettelagt for fri etter nattevakt med kompensasjon etter legeforeininga sine satsar. Voss herad har dei siste åra fritatt næringsdrivande fastlegar for tilplikting til kommunal bistilling og daglegevakt. Heimel vil kunne overtakast utan vederlag. Ein er sjølv ansvarleg for møblering / utstyr til eige kontor. Fellesutgifter til drift av kontor (støttepersonell, journalsystem, leige mm.) vert dekka i fellesskap etter nærmare avtale. Ønsker du informasjon om økonomiske vilkår kan du gjerne ta kontakt med Jacob Ortega Sæthre. Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som lege • Godkjent LIS1 tjeneste i Norge • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg • Førarkort klasse B • Den som vert tilsett må ha rett til å motta trygderefusjon • Du må gjerne vera spesialist i allmennmedisin, men det er ikkje eit krav. Me ynskjer deg som: • Likar ein hektisk arbeidskvardag • Er interessert i allmennmedisin og fagutvikling • Både er sjølvstendig og arbeidar godt i tverrfaglege team • Har gode evner til samhandling og kommunikasjon • Er ansvarleg og løysingsorientert • Er fleksibel og utviklingsorientert Arbeidsoppgåver: • Kurativ legeteneste • Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid • Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid • Deltaking i daglegevaktsordning lokalt for Voss herad i tillegg til vakter ved Voss interkommunale legevakt. Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden Link til søknadsskjema: Søk her
Næringsdrivende fastlegehjemmel ved Ås Helseklinikk Ås kommune har en av landets mest stabile fastlegeordninger, og tilbyr nå en mulighet til å etablere seg som næringsdrivende fastlege i Ås med omgående overdragelse eller etter avtale. Praksisen er en del av et legesenter med to legehjemler. Legene som jobber ved legesenteret i dag tok over og delte en pasientliste fra en tidligere solopraksis i 2024. Hjemmelen som utlyses har pr dags dato 567 pasienter på listen. Dette er en unik mulighet til å bli med på utvikling av et fastlegekontor med stort potensiale. Legene jobber som selvstendig næringsdrivende. Kontoret ligger sentralt i Ås sentrum og fremstår som lyst og innbydende. Det er egen inngang, venterom, resepsjon, lab og skiftestue, med dertil mulighet for supplerende undersøkelser som blodprøvetaking, EKG, spirometri og 24 timers blodtrykksmåling og EKG, samt prosedyrer som øreskyll, sårstell, injeksjoner og mindre kirurgiske inngrep. Kontoret benytter per i dag Infodoc som EPJ-system. Ås kommune Ås kommune er en mellomstor kommune sør for Oslo, og det tar bare 17 minutter fra Oslo S med tog. Ås sentrum opplever for tiden stor byggeaktivitet og vekst. Vi er vertskommune for blant annet Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), som bidrar til at vi har en relativt sett ung og høyt utdannet befolkning. Ås kommune prioriterer fastlegene sine. Vi har til sammen 17 hjemler, hvorav 12 er næringsdrivende. I tillegg har kommunen Ås kommunale fastlegekontor, som også dekker kommunens legebehov på sykehjem og helsestasjon, og nå også KAD. Vi tok KAD tilbake til Ås fra 01.01.2026, og håper dette skal gjøre at tilbudet blir enda mer tilgjengelig for våre fastleger. Kommunen er registrert utdanningsvirksomhet i allmennmedisin, og har egen administrativ leder for fastlegeordningen som er lett tilgjengelig for dialog og samarbeid, og tar seg også av alle sider ved ALIS-ordningen. Det er også åpen dør til kommuneoverlegen. Kommunen har til enhver tid tre LIS1. I 2025 fikk kommunen vedtatt plan for legetjenestene, som peker vei for de neste årene og fremhever viktigheten av å ha en velfungerende fastlegeordning. Hvert halvår arrangerer kommunen heldags fastlegedag hvor næringsdrivende fastleger mottar praksiskompensasjon. Kommunen og fastlegene har også et velfungerende formelt samarbeid gjennom lokalt samarbeidsutvalg (LSU). Arbeidsoppgaver • Allmennlegeoppgaver som fastlege med listeansvar • Fastleger i Ås har per i dag ikke plikt til legevakt • Deltagelse på halvårlige fastlegedager med alle kommunens fastleger Kvalifikasjoner • Lege med norsk autorisasjon og fullført LIS1 / turnustjeneste • Spesialitet eller erfaring fra allmennmedisin vil være en fordel, men ikke et krav • Annen erfaring som lege vil også kunne telle positivt • Beherske norsk både muntlig og skriftlig på minimum nivå B2 • Politiattest må fremlegges ved ansettelse • Personlig egnethet tillegges betydelig vekt Personlige egenskaper Vi søker etter deg som er trygg og kan tenke helhetlig i møte med pasienter, som samarbeider godt med kollegaer og andre tjenester, og som trives med å arbeide selvstendig og strukturert. Du har et stort hjerte for dine pasienter, men er samtidig tydelig og kan ivareta portvokterrollen. Du er faglig nysgjerrig og ønsker å utvikle deg som lege. Du er effektiv, men samtidig fleksibel og løsningsorientert. Du tar ansvar for drift og videreutvikling av praksisen din, og ser samtidig rollen din som en viktig bidragsyter til tjenestene Ås kommune har plikt til å gi sine innbyggere. Vi tror kontinuitet er en hjørnestein i gode fastlegetjenester, og ønsker derfor i første rekke deg som er motivert til å jobbe som fastlege i Ås i mange år. Vi tilbyr • Hjemmel som næringsdrivende fastlege i spennende kommune i utvikling med en av landets mest stabile fastlegeordninger • Fastlegehjemmel med stort potensiale • Fleksibel hverdag uten krav om kommunal bistilling • Godt samarbeid med kommunen med egen administrativ ansatt for fastlegeordningen, halvårlige fastlegedager, velfungerende LSU og nylig vedtatt plan for legetjenestene • For aktuelle kandidater som er under spesialisering i allmennmedisin (ALIS), tilbyr kommunen tilrettelegging for spesialiseringsløpet Du er hjertelig velkommen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål. KontaktinformasjonHelene Steen Dalbye, Enhetsleder Helsefremmende tjenester, helene.steen.dalbye@as.kommune.no ArbeidsstedMoerveien 6E 1430 Ås Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Ås kommune Referansenr.: 5078289409 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.08.2026