Hoppa till huvudinnehållet
Fjord1 - Maritim Drift logo

Matros i 2:4-turnus!

Fjord1 - Maritim Drift
  • OrtBergen
  • Omfattning–
  • Sista ansökan9 dagar kvar
  • Publicerad18 nov.

Om tjänsten

Ser du etter ein jobb med ansvar, variasjon og gode friperiodar?

Som matros i denne stillinga får du arbeide både i fast sambandsdrift og på reserveferje. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta p.t i sambandet Jondal – Tørvikbygd. Resten av året vil du vere knytt til reserveferja, p.t. MF Sogn, med base på Steinestø ferjekai, om lag 25 minutt nord for Bergen. Her vil du bidra til å halde fartøyet driftsklart og seile ut på samband der det er behov for ekstra kapasitet, avløysing eller støtte i samband med planlagde verkstadsopphald.

Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og ein 98-timars arbeidsveke.

I vinterhalvåret får du dekka reiseutgifter mellom bustad og arbeidsstad når reiseavstanden er over 15 km.

Ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.

Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming
  • Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks for matros

Kvalifikasjonar

  • Ferdighetssertifikat matros
  • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper

Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
  • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
  • Turnus: 2 veker på, og 4 veker fri, 98 timars arbeidsvekeveke.
  • Vinterhalvåret får du dekka reiseutgifter mellom bustad og arbeidsstad når reiseavstanden er over 15 km.
  • Ein bur om bord når ein er på vakt.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted

Fv269 5108

5108 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5209902789

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.11.2026

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen så skickar vi en påminnelse 3 dagar före sista ansökningsdag.

Synka i iPhone-appen →

Restid & pendling

Representerar du Fjord1 - Maritim Drift? Lyft fram annonsen i Bergen och dölj konkurrerande jobb.