Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtHaram
  • Omfattning–
  • Sista ansökan9 dagar kvar
  • Publicerad9 nov.

Om tjänsten

Haram bustader 2, Avdeling Solbakken bukollektiv på Vatne, har ledig stilling som helsefagarbeidar i 51,29 % stilling. Stillinga består for tida av dag- og kveldsvakter, samt langvakter med arbeid kvar 4. helg. Stillinga er ledig frå 1.desember, eller etter avtale.

Tenesteområdet Haram butenester består av tre avdelingar: Haram bustader 1, Haram bustader 2 som består av bustader og Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning.

Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for tenestemottakarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid.
  • Medikamenthandtering.
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome tenestemottakarane sine behov og ynskje.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom tenestemottakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
  • Halde deg fagleg oppdatert.
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
  • Kjennskap til bruk av digitale system, og dokumentasjon.
  • Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Krav om politiattest.
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar.
  • Det kreves også at personleg BankID eller ID-porten kan benyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løysingar ved behov (Helseplattformen, mm).

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse for fagutvikling.
  • Du er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
  • Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
  • Du er en aktiv bidragsyter til et godt arbeidsmiljø.
  • Du evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
  • Rom for å vere kreativ.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.

Kontaktinformasjon

Beate Håholm Dahl, Avdelingsleiar, 96517530, Beate.Haholm.Dahl@haram.kommune.no

Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Ulvestadvegen 6

6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5202460381

Stillingsprosent: 51,29%

Fast

Søknadsfrist: 19.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 19 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Avdeling Haram bustadar 2, Haram kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Haram och dölj konkurrerande annonser på sidan.