Hoppa till huvudinnehållet
Klepp kommune logo
Ledigt jobb

Ringevikar barnehage

Klepp kommune
  • OrtKlepp
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan31 dec.
  • Publicerad1 jan.

Om tjänsten

Vi søkjer ringevikarar til dei kommunale barnehagane i Klepp kommune, både for korte og lengre vikariat.

Vi leitar etter ein påliteleg, samarbeidsvillig og ansvarsbevisst person som ønskjer å vere ringevikar hos oss. Som vikar vil du vere ein viktig ressurs i kvardagen, og du må trivast med å møte nye barn og vaksne – ofte på kort varsel. Vi set stor pris på fleksibilitet, gode samarbeidsevner og ei profesjonell tilnærming til både små og store oppgåver.

Arbeidsmengda vil variere frå veke til veke, avhengig av behovet i barnehagen. Nokre veker kan du få mange vakter, medan andre veker kan vere rolegare.

Før oppstart må du leggje fram politiattest av nyare dato.

Dette er ikkje ei ordinær stillingsutlysing. Du vil få ei stadfesting på at vi har motteke søknaden din, men det blir ikkje sendt ut avslag.

Arbeidsoppgåver​

  • Delta i det daglege arbeidet på avdelinga
Bidra til omsorg, leik og aktivitetar for barna
Støtte barna i rutinar som måltid, påkledning og kviletid
Medverke til eit trygt og godt miljø
Utføre praktiske oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar​

  • Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav
Evne til å skape tryggleik og gode relasjonar til både barn og vaksne
Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra i eit inkluderande arbeidsmiljø
Fleksibel og tilgjengeleg på kort varsel
Ansvarsbevisst, strukturert og påliteleg
God norsk munnleg framstillingsevne. Du bør ha bestått språktest B1.
Personleg eigna for arbeid i barnehage
Kan tilpasse seg ulike avdelingar, arbeidsoppgåver og behov
Evne til å handtere ein aktiv og variert kvardag
Ha fylt 18 år

Personlege eigenskapar​

  • Har ein trygg og roleg framtoning i møte med barn
Evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit positivt miljø
Løysingsorientert og i stand til å handtere uventa situasjonar
Fleksibel og tilpassingsdyktig i ein variert arbeidskvardag
Strukturert og ansvarsbevisst
Sjølvstendig, men også god til å samarbeide
Motivert for å bidra der behovet er størst
Stabil og påliteleg i oppmøte og arbeidsutføring
Stillinga krever politiattest ved ansettelse

Vi tilbyr​

  • Lønn etter tariff og ansiennitet.

KontaktinformasjonMonika Schrøder, Personalkonsulent, +47 40201836

ArbeidsstadBedriftsvegen 4

4353 KLEPP STASJON

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5056044128

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Søknadsfrist: 31.12.2026