Hoppa till huvudinnehållet
Klepp kommune, Byggdrift idrettsbygg logo
Ledigt jobb

Ringjevikar badevakt i Klepphallen

Klepp kommune, Byggdrift idrettsbygg
  • OrtKlepp
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan31 dec.
  • Publicerad11 maj

Om tjänsten

Bli ein del av teamet i Klepphallen, vi søkjer ringevikarar!

Om stillinga

Ønskjer du ein fleksibel og meiningsfull jobb der du kan kombinere arbeid med studiar eller annan jobb? Klepphallen tilbyr ei unik arbeidsopp­leving prega av samhald, tryggleik og fridom. Vi søkjer engasjerte ringevikarar til ulike oppgåver i våre idrettsbygg, med arbeidsoppgåver som badevakt, billettsalg, kundeservice og reinhald i samband med offentleg bading.

Du vil inngå i eit team som har ansvar for tryggleik, hygiene og trivsel for våre badegjester. Som ringevikar vil du vere ein del av vårt faste turnusopplegg med arbeidsøkter på kveld og helg – perfekt for deg som vil ha ekstra inntekt på kveld og helg.

Dersom du er på jakt etter ein jobb der du kan kombinere fleksibilitet med meiningsfullt arbeid, er Klepphallen plassen du bør søkje!

Vi ber om at søkjarar opplyser i søknaden om kor mykje dei ønskjer å arbeide, samt eventuelle avgrensingar i tilgjengelegheit, til dømes kveldar, helger, feriar eller periodar dei ikkje kan arbeide. Dersom du har moglegheit til å arbeide noko på dagtid, ber vi om at dette blir opplyst i søknaden. Det er ein fordel om du kan stille på kort varsel ved behov.

Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysing. Det vil bli sendt ut melding om at søknaden er motteken, men det vil ikkje bli sendt avslag. Kommunen tek kontakt dersom/når det er behov for fleire vikarar.

Arbeidsoppgåver​

  • Billettsal og kundeservice
Tilsyn ved offentleg bading
Enkel administrative oppgåver
Følgje gjeldande HMS-rutinar og arbeidsbeskrivingar
Enkle tilsynsoppgåver og etterkvært teknisk drift
Reinhald

Kvalifikasjonar​

  • Du må bestå ei badevakt prøve, med dykk ned på djupaste del (3,8m) i bassenget. Opplæring vil bli gitt.
Grunna arbeidsoppgavene er god fysisk form viktig.
Grunnleggende datakunnskaper.
Må meistre norsk flytande både skriftleg og munnleg.
Den som blir tilsett må kunne leggja fram politiattest jf. Opplæringslova
  • Attester og vitnemål

Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar​

  • Du har godt humør, er fleksibel, og ikkje redd for å ta i eit tak
Du er trygg i vatn og grunnleggjande symjeferdigheiter
Du har gode kommunikasjonsevner
Bidra til å gjæra kollegaene dine gode og gi kollegastøtte

Vi tilbyr​

  • Fleksibel arbeidstid – perfekt for deg som studerer eller har annan jobb
Variert og sosialt arbeidsmiljø
Variert og meiningsfullt arbeid – bidra til tryggleik og trivsel i lokalsamfunnet
Støttande og inkluderande arbeidsmiljø – bli del av eit team som set pris på samhald og samarbeid
Moglegheit for personleg og fagleg utvikling – få opplæring og erfaring innan ulike arbeidsområde
Gode forsikrings- og pensjonsordninger
Gratis parkering
Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel

KontaktinformasjonThor Gunnar Bore, +47 99580587

ArbeidsstadStasjonsvegen 26A

4350 Kleppe

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5127925506

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Søknadsfrist: 31.12.2026