Hoppa till huvudinnehållet
Bo og mestring logo
Ledigt jobb

Tilkallingsvikarar

Bo og mestring
  • OrtMidt-Telemark
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan31 dec.
  • Publicerad26 maj

Om tjänsten

Vil du ha ein jobb som verkeleg betyr noko?

Bli tilkallingsvikar i miljøtenesta!

Midt-Telemark kommune søkjer deg som vil bruke tid, omsorg og engasjement på menneske som treng det – og få ein meiningsfull jobb tilbake.

Hos oss jobbar du tett på menneske – barn og vaksne med nedsett funksjonsevne – og bidreg til gode dagar fylt med meistring, trivsel og utvikling. Ingen dagar er heilt like, og du får både utfordringar, glede og verdifulle erfaringar.

Kvifor velje oss?​

Ein jobb som gir ekte meining

Du blir kjent med flotte brukarar og gode kollegaer

Perfekt som ekstrajobb eller erfaring innan helse og sosial

Gode moglegheiter for læring og utvikling

Her treng vi deg:​​

Bufellesskapa:

Solbakken

Grauteknapp

Notevarp

Grivihaugen

Arbeidsoppgåver

Kva går jobben ut på? Og du blir ein viktig del av kvardagen til bebuarane våre:

Hjelpe med daglege gjeremål
Skape trygge og gode rammer
Bidra til meiningsfulle aktivitetar
Jobbe målretta med miljøarbeid
Arbeidstid er variert (dag, kveld, natt og langvakter).

Kvalifikasjonar​Ønska kvalifikasjonar/kompetanse:

​

  • Helsefagarbeider, vernepleier, anna helse og sosialfagleg utdanning
Ønskelig med erfaring frå miljøarbeidarbeid retta mot barn og vaksne med nedsatt funksjonsevne.

Særskilde krav:

Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Skal framvisast før oppstart i stilling.
Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

Du treng ikkje vere «ferdig utlært» – det viktigaste er kven du er:

Duer trygg, tolmodig og til å stole på
Du har lyst til å hjelpe andre
Du held roen også når det blir utfordrande
Du kommuniserer godt med både brukarar og kollegaer

Vi tilbyr​

  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

KontaktinformasjonTorunn Hesthag, Einingsleiar, +47 45438072

ArbeidsstadSkrivarvegen 2B

3810 Gvarv

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5134491417

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Søknadsfrist: 31.12.2026