Om tjänsten
Reinhaldsgruppa har ansvar for dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg, mellom anna skular, barnehagar, helse- og omsorgsbygg, idrettsanlegg og kontorbygg. Arbeidet er viktig for å skapa trygge, reine og trivelege omgjevnader for både brukarar og tilsette i kommunen.
Det er ledig fast 50% stilling som reinhaldsoperatør.
Stillinga er del av ei stor reinhaldsgruppe med om lag 40 tilsette, samansett av medarbeidarar med ulik bakgrunn og frå fleire kulturar. Me legg vekt på samarbeid, kvalitet i arbeidet og ein god og føreseieleg arbeidskvardag for dei tilsette.
Arbeidstida startar klokka 06.00. Det er gode moglegheiter for auka stillingsprosent og full stilling på sikt. Stillinga inneber bruk av eigen bil i tenesta, noko som bidreg til fleksibilitet og ein effektiv arbeidskvardag.
Eininga nyttar maskinelt reinhald for å redusere slitasje, betre ergonomien og sikra høg reinhaldskvalitet. Me har òg elektroniske arbeidsplanar som gir struktur, oversikt og god kommunikasjon i kvardagen. Reinhaldstenesta er i kontinuerleg utvikling, med fokus på effektiv drift og god ressursbruk -- utan at det går utover arbeidsmiljø eller kvalitet.
Eit godt arbeidsmiljø og mangfald er viktig for oss, og me jobbar systematisk og i fellesskap med trivsel, samarbeid og nærvær i avdelinga. Over tid har dette gitt gode resultat, mellom anna i form av stabilt og lågt sjukefråvær. Me meiner dette heng saman med god dialog, vilje til å hjelpa kvarandre og felles ansvar for både arbeidsmiljøet og oppgåvene som skal løysast. Målet er ein trygg og føreseieleg arbeidskvardag -- til beste for både dei tilsette og tenestene me leverer.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav:
Me tilbyr:
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.