Hoppa till huvudinnehållet
Helse Bergen HF logo

Sjukepleiar – fast stilling ved Voss sjukehus, oppstart sommaren 2027

Helse Bergen HF
  • OrtVoss
  • Omfattning–
  • Sista ansökan22 dagar kvar
  • Publicerad6 nov.

Om tjänsten

Vil du ha fagleg breidde, tett samarbeid og ansvar – utan å forsvinne i mengda på eit stort sjukehus?

Ved Voss sjukehus får du vere sjukepleiar i ordets rette forstand: tett på pasienten, tett på kollegaene og tett på avgjerdene.

No søkjer me sjukepleiarar i faste heiltidsstillingar frå sommaren 2027 til:

  • Medisinsk sengepost
  • Kirurgisk/ortopedisk sengepost
  • Traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar

👉 Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer, i prioritert rekkjefølgje.

Kvifor velje Voss sjukehus?

  • Lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde og gynekologi
  • Høg aktivitet og variert pasientgrunnlag
  • Tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus
  • Kort veg frå idè til handling
  • Natur, friluftsliv og kulturliv rett utanfor døra

Arbeidsoppgåver

Medisinsk sengepost

Heildøgnspost med pasientar innan mellom anna hjarte, lunge, nyre, mage/tarm, slag, infeksjon, diabetes og kreft.

🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.

Kirurgisk/ortopedisk sengepost

Heildøgnspost innan gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi.

Elektiv drift kombinert med øyeblikkeleg hjelp, samt kompetanse innan palliasjon og kreftomsorg.

🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.

Traineesjukepleiar – for nyutdanna

  • Oppstart juni 2027
  • 100 % fast stilling frå dag éin
  • 2-årig strukturert løp
  • 3 periodar ved ulike einingar (m.a. medisinsk og kirurgisk sengepost)
  • Felles opplæring, fagdagar og gruppebasert rettleiing
  • Dette er eit sterkt springbrett vidare i sjukepleiarkarriera.

📌 For trainee: legg ved karakterutskrift og 2 referansar.

📞 Spørsmål om traineeprogrammet? Ta kontakt med Mari Pedersen, tlf. 938 78 352.

Kvalifikasjonar

Du:

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • kommuniserer godt på norsk, munnleg og skriftleg

Nyutdanna? Erfaren? Begge delar er velkomne!

Personlege eigenskapar

Du:

  • er fagleg nysgjerrig og tek ansvar
  • trivst med teamarbeid, men jobbar òg sjølvstendig
  • møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati

Me tilbyr

  • Fast heiltidsstilling
  • Sterkt fagmiljø og godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Løn, pensjon og forsikring etter avtaleverk

⏱️ Du må kunne jobbe minst 6 av 9 veker i perioden veke 25–33.

Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, +4795890493

Ingrid Tennebekk Bjørke, Seksjonsleiar, +4790046319

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16

5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5206242879

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 29 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Helse Bergen HF

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Voss och dölj konkurrerande annonser på sidan.