Hoppa till huvudinnehållet
Øystre Slidre kommune logo

Fysioterapeut- 80% fast stilling

Øystre Slidre kommune
  • Ortøystre Slidre
  • Omfattning–
  • Sista ansökan20 dagar kvar
  • Publicerad9 nov.

Om tjänsten

Ønskjer du å bidra med heilskaplege fysioterapeutiske tiltak for barn og unge i Øystre Slidre kommune? Vi søkjer fysioterapeut med hovudfokus på barn og unge.

Øystre Slidre kommune har no ledig ei fast stilling som fysioterapeut i 80 % frå nyttår.

Dette er ei variert og meiningsfull stilling som gir deg moglegheit til å arbeide tett med barn på deira eigne arenaer, ved helsestasjon, i barnehage og skule. Du vil òg få moglegheit til å arbeide med andre aldersgrupper, men oppfølging av barn og unge vil vere hovudfokuset.

Du vil vere ein viktig ressurs i arbeidet med å styrkje helsa og meistringsevna til barn, samstundes som du samarbeider tett med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.

Stillinga omfattar òg allmenne fysioterapeutiske arbeidsoppgåver, der du vil bidra inn i den kommunale fysioterapitenesta med vurdering, behandling og oppfølging av brukarar, både individuelt og i grupper.

Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av barn og unge ved helsestasjon, skule og barnehage
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Bidra til vidareutvikling av tenestetilbodet
  • Fysikalsk behandling og målretta rehabilitering i brukaren sin heim ved behov
  • Kurativ behandling av enkeltpersonar og leiing av gruppebasert trening for vaksne og eldre ved Helsetunet
  • Vere koordinator for barn med samansette behov
  • Samarbeide med ergoterapeut om formidling av hjelpemiddel

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad i fysioterapi
  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Det er ønskjeleg med etter- og/eller vidareutdanning innan fysioterapi for barn og unge
  • Erfaring som instruktør for styrke- og balansegupper er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort og tilgang til eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, motivert og engasjert
  • Du er løysingsorientert, fleksibel og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre
  • Du arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Du er ansvarsmedviten, initiativrik og har ei positiv haldning til tverrfagleg samarbeid
  • Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i ein kommune i utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar
  • Eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø med faglege utfordringar og gode moglegheiter for personleg utvikling

Kontaktinformasjon

Gina Kvale Myreng, Avdelingsleiar helsetenesta, +47 90525192

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5207598019

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 04.01.2027

Søknadsfrist: 30.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 30 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Øystre Slidre kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Øystre Slidre och dölj konkurrerande annonser på sidan.