Om stillinga Alver barnevernteneste søkjer familieveileder, og har ledig vikariat frem til 31.07.27. Vikarbehovet kan bli forlenga. Veiledningsteamet vil inngå i tenesta si Barne – og familieavdeling – som består av Veilederteam og Miljøteam. Avdelinga har to operative avdelingsleiarar. Avdelinga skal samhandle og samarbeide om oppgåver og det er forventa at avdelinga utviklar saman og er framtidsretta. Teamet har fem 100% stillingar. Teamet får tilvist saker frå barneverntenesta, og arbeider såleis med identifiserte utfordringar hjå born og foreldre. I dette arbeidet søkjer ein å nytta kunnskapsbaserte metodar. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene til familieveilederne er hovudsakeleg knytt til veiledning av foreldre og born/ungdom som har behov for oppfølging av barneverntenesta der endring av omsorgssituasjonen er målet. Ein veileder også foreldre som har barn under omsorg hjå barnevernet og fosterforeldre. Stundom veileder ein og foreldre som har ungdom med åtferd som krev barnevernstiltak. Då avdelinga utgjer ein del av barneverntenesta som eit heile, er der og andre oppgåver t.d. knytt til observasjonar av samspel, vurdering av born sine omsorgsbehov og foreldre sine omsorgsferdigheiter. Kvalifikasjonskrav Kvalifikasjonskrav: • Sosialfagleg utdanning som barnevernspedagog/sosionom, evt annen 3 årig pedagogisk eller helsefaglig utdanning. • Relevant vidareutdanning, som eksempelvis systemisk familieterapi og/eller erfaring og sertifisering innan kunnskapsbaserte intervensjonar (eks. COS, PMTO, Marte Meo mv.) • Erfaring fra 1. linje barnevernstjeneste og/eller veiledning i barnevernssaker Andre kvalifikasjonar: • Søkjar må ha gode relasjonelle evner • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, men og ha gode samarbeidsevner • Søkjar må ha god arbeidskapasitet. • Søkjar må har kompetanse/erfaring med endringsarbeid. • Søkjar må vere løysningsfokusert – og halde seg fagleg oppdatert. • Søkjar må vera fleksibel og kunna tilpassa seg ulike menneske og miljø • God skriftleg – og munnleg framstillingsevne Førarkort klasse B Personleg høve vil vera avgjerande i val av kandidat til stillinga Vi tilbyr Vi tilbyr: • Sjølvstendig fleksibelt arbeid • Individuell oppfølging • Delta i utviklingsarbeid i avdeling og tenesta som heilskap • Dyktige kollegaer • Fadderordning og opplæring for nytilsette • Godt arbeidsmiljø • Fleksitid • Moderne kontorlokaler i Knarvik Helsehus • God pensjonsordning Det må påreknas noko arbeid på ettermiddag og kveld, men hovudsakleg arbeidstid i kjernetida. Vilkår Du må ha førarkort kl B. Det er krav om godkjend polititattest etter barnevernlova ved tiltrede.
Om stillinga Me har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som sjåfør og røykdykkar knytt til Kaland depot. Stillinga inngår i ein vaktturnus med vakt kvar femte veke. Vaktperioden strekkjer seg frå kl. 15.30 til 08.00 på kvardagar, og frå fredag kl. 15.30 til måndag kl. 08.00 i helgene. Vaktplikta gjeld også på heilagdagar. Stillinga har ein storleik på 2,42%. Ein må pårekne arbeid utover dette, avhengig av oppdragsmengd. Om oss • Nordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149km2, med 34 000 innbyggjarar. • Nordhordland brann og redning (NHBR) er organisert med tre einingar: Operativ, feiing og bustadtilsyn og førebyggjande eining. • Opeativ eining er fordelt på fem brannstasjonar - Knarvik, Lindås, Manger, Mastrevik og Modalen, og to depot på Kaland og Øvre Helland. Alle stasjonar er bemanna av brannkonstablar som jobbar deltid, og Knarvik har i tillegg dagkassernering. Arbeidsoppgåver • Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke • Operative oppgåver/utrykkingar • Røykdykke • Sjåfør brannbil kl. C • Systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse • Bidra til vedlikehald av bilar og operativt utstyr • Bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø • Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga Kvalifikasjonskrav • Fullført og bestått aspirantkurs internt i NHBR • Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav) • Godkjent helsekontroll • Politiattest - I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest før tiltreding • Bustad maks 10 minutt frå Kaland depot • Fysisk og psykisk skikka til stillinga • Førarkort klasse C • Beherske norsk muntleg og skriftleg Ønskjeleg kompetanse • Grunnutdanning som brannkonstabel ved Norges Brannskole • Erfaring frå beredskapsarbeid • Kode 160 (utrykkingskøyring) • Båtførarprov Kven er du? • Vi ser etter deg som er motivert, pålitelig og har god rolleforståing. • Du opptrèr roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere. • Har forståing for risiko med køyring, samt behovet for vedlikehald av tungbil. • Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkjande lagspelar. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Me tilbyr • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkrèt skilnad i livet til ein person / livet til mange. • Oppfølging og rettleiing. • Moglegheit til å utvikla evnene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsle. • God pensjonsordning i KLP. • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det for eksterne kandidatar stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved innan oppstart.
Om stillinga Vi søkjer engasjert og fagleg interessert vernepleiar Om oss Alver kommune, psykisk helse og rus teneste- avdeling heimebuande gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga er delt i tre team – Tidleg innsats og livsmeistring, Oppfølgingsteam Psykisk helse og Oppfølgingsteam Rus og avhengigheit. Avdelinga gjev i hovudsak tilbod på dagtid, men ettermiddag/ kveld må påreknast. Hovudoppgåva for tenesta er psykisk helse og rusarbeid til personar over 18 år som har, eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusproblem. Tilbodet vert gitt som individuell oppfølging, gruppetilbod og arbeids- og aktivitetstilbod. Vi har ein recoveryorientert tankegang og tilnærminga vår er at menneske kan leve meiningsfulle og tilfredsstillande liv, på tross av psykiske helse og rusutfordringar. Arbeidsoppgåver • Individuell oppfølging av brukarar gjennom kartlegging av ressursar og behov, støtte- og motivasjonssamtaler • Leggje til rette for aktivitet og for at brukar skal kunne meistre eigen kvardag • Medisinoppfølging/ LAR • Burettleiing • Delta i gruppetilbod og aktivitetstilbod • Delta i kvalitetsutviklinga av tenesta, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar om eit heilskapleg tenestetilbod • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, utviklingsarbeid og teamarbeid • Koordinere ansvarsgrupper og individuell plan Kvalifikasjonskrav • Treårig bachelorutdanning som vernepleiar. • Minimum fem års relevant erfaring frå arbeid innan fagfeltet, gjerne med både ungdom og vaksne. • Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy • Førarkort klasse B • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Det er ønskeleg: • Ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, psykisk helse- og rusarbeid eller anna relevant vidareutdanning. Dersom du ikkje har vidareutdanning, er det ønskeleg at du er villig til å gjennomføre dette. • Relevant og omfattande erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning. Kven er du? • Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli tillagde stor vekt. • Du har erfaring, interesse og engasjement for arbeid innan fagfeltet. • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst både med teamarbeid og sjølvstendig arbeid. • Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit over tid. • Du er tolmodig, trygg i deg sjølv og god til å motivere, engasjere og inspirere andre. • Du ser ressursane hos den einskilde og er oppteken av å leggje til rette for brukarmedverknad. • Du handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek gode avgjerder under press. • Du er fleksibel og løysingsorientert, ser moglegheiter der andre ser utfordringar, og kan prioritere i ei travel kvardag. • Du kan reflektere fagleg og etisk over komplekse problemstillingar. Vi tilbyr • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til livet til mange • Oppfølging og rettleiing • Arbeidstid -primært 08.00 - 15.30, men kveld må påreknast • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel • Vernepleiarar ligg 9000 over tariff • God pensjonsordning i KLP • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Vi er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Bidrag til utvikling vert godt mottatt. Vi er Alver Vi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Compare hiring history, company facts and open roles.