Intensiv Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for engasjert og dyktig intensivsjukepleiar. Oppstart i løpet av året, eller etter avtale. Om stillinga Stillinga inngår i årsturnus med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Arbeidsstad er Førde sentralsjukehus. Stillinga kan ikkje delast. Det er krav om deltaking i tredelt turnus, inkludert sein- og nattevakter. Om avdelinga Intensivavdelinga i Førde har sentralsjukehusfunksjon for Sogn og Fjordane. Avdelinga behandlar både medisinske og kirurgiske pasientar, frå pasientar som treng oppfølging etter mindre kirurgiske inngrep til intensivpasientar med behov for non-invasiv eller invasiv respirasjonsstøtte. Avdelinga tilbyr pasientar mellom anna hemofiltrasjonsbehandling og hypotermi etter hjartestans. Arbeidsoppgåver • Arbeidsoppgåver varierar frå behandling av postoperative pasientar, til meir avansert overvakings- og intensivbehandling. Kvalifikasjonar • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som sjukepleiar og vitnemål med bestått intensiv vidareutdanning • Ein må kunne handtere/ha erfaring med intensivpasientar og ha kompetanse på teknisk utstyr til denne pasientgruppa • Fagkompetanse er vesentlig • Erfaring vil bli vektlagt • Intensivsjukepleiar med pasientkontakt må beherske norsk munnleg og skriftlig på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarende Bergenstesten) • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Det blir vektlagt at ein kan samarbeide i team, og ha evne til å kunne takle periodar med stress, men og takle roligare perioder der ein likevel jobbar med fag. • Være løysingsorientert Personlige eigenskapar blir vektlagt. Her er team arbeid, fleksibilitet og faglig interesse av stor betydning. Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Triveleg arbeidsmiljø • Høgt fagleg nivå • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift) Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonWenche Hårklau, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 080 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5191880046 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.