Sunnhordland interkommunale legevakt IKS er eit selskap som driftar legevakt og døgnavdeling for Stord, Bømlo og Fitjar kommune. Det er ledig to faste helgestillingar på inntil 15--20 % ved Sunnhordland interkommunale legevakt for autoriserte sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar eller paramedisinarar. Stillingane inngår for tida i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Det er mogleg å tilpasse helgearbeidet ved bruk av langvakter kvar fjerde helg. Søkjer du ein interessant jobb med spennande utfordringar der du får nytta erfaringa og kompetansen din? Då kan du vere rett person for oss. Du får grundig opplæring og oppfølging som ny hos oss. Sunnhordland interkommunale legevakt IKS si viktigaste oppgåve er å levere tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er den viktigaste ressursen for å nå dette målet. Vår kultur og personalpolitikk er basert på å fremje personleg utvikling, ansvarskjensle og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidaren. SIL dekkjer eit legevaktområde for om lag 35 000 innbyggjarar, og er i tillegg legevaktsentral for Kvinnherad og Tysnes kommune. All kontakt på legevakta blir vurdert av sjukepleiar etter hastegrad, og i avdelinga har ein både laboratorieverksemd og utfører medisinske og kirurgiske prosedyrar. Stillingens innhold, ansvar og oppgaver: • Operatør på legevaktssentralen, herunder triagering, faglig rådgiving og informasjon til pasienter. • Samarbeid med lege om prioritering, behandling og organisering av pasientbehandlingen. • Kliniske undersøkelser og observasjoner basert på systematisk bruk av relevante varktøy. • Utføre ulike kliniske og medisinske prosedyrer. • Laboratoriearbeid. • Samarbeid med sykehusene, AMK, ambulanse, politi, brann, • Systematisk kommunikasjon ved bruk av ISBAR. • Journalførings - og regnskapsarbeid. • Bruk av nødnett-radioterminaler og LifeX. • Annet praktisk arbeid. Kompetanse og personlege eigenskapar hos søkjar: • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller autorisert paramedisiner • Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team. • Evne til å meistre eit høgt arbeidspress. • Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit. • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. • Har gode datakunnskaper. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Me tilbyr: • Løn etter tariffavtale • Grundig opplæring • Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga. • Kurs i akuttmedisin og volds- og overgrepshandsaming • Ei heilt ny avdeling med flotte lokalar og med spanande utfordringar. • Internundervisning • Offentleg tenestpensjonsordning gjennom KLP • Bedriftshelseteneste • Medlemskap i Stord ve og vel Ved ytterlegare spørsmål og interesse for stillingane, ta kontakt med Dagleg leiar: Agata Kapuscinska på telefon 40729263 eller send e-post til agata.barbara.kapuscinska@stord.kommune.no Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS driftar legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 35 000 innbyggjarar. SIL er òg legevaktsentral for kommunane Kvinnherad og Tysnes. SIL driftar interkommunal døgnavdeling (IDA) med ni senger. Legevakta held til i lokale ved Stord sjukehus. Dagleg leiar rapporterer til styret for selskapet. Selskapet har om lag 65 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på om lag 35 mill. kr. **Me søkjer ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert leiar til Sunnhordland interkommunale legevakt IKS.**Oppstart etter avtale. Som leiar får du ansvar for drift og strategisk utvikling av tenesta og selskapet. Saman med kompetente og engasjerte medarbeidarar skal du sikra at innbyggarane får legevakt- og akuttenester med høg fagleg kvalitet og god tilgjengelegheit. Arbeidsoppgåver Som leiar skal du: • leia og vidareutvikla tenestene som er knytt til selskapet • ha det overordna ansvaret for drift, økonomistyring, personalleiing • leia og vidareutvikla arbeidet med HMS, kvalitets- og forbetringsarbeid • legga til rette for fagutvikling og kompetanseutvikling blant medarbeidarane • samarbeide tett med styret og eigarkommunane om strategi, drift og framtidig utvikling, Vera ein tydeleg pådrivar i strategi- og utviklingsarbeid • sikre at verksemda vert driven i samsvar med vedtekne rammer, gjeldande lovverk, forskrifter og faglege retningsliner Kvalifikasjonar Me ser etter deg som har: • relevant høgare helsefagleg utdanning • erfaring frå helse- og omsorgstenesta • leiarutdanning og/eller leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd • god kjennskap til akuttmedisin og den akuttmedisinske kjeda • kunnskap om relevant lovverk • God digital dugleik og evne til å ta i bruk nye system som del av utviklinga av selskapet Personlege eigenskapar • God gjennomføringsevne og skapar resultat gjennom målretta og strategisk arbeid • Gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å byggje tillit både internt og eksternt • God arbeidskapasitet og evne til å prioritera og styra ressursar • Evne til å bygge lag, fremje samarbeid og stimulere til fagleg utvikling Me legg stor vekt på personlege eigenskapar samt motivasjon for og evne til å leia endringsarbeid. Me tilbyr: • ei sentral leiarstilling med stor påverknad på utviklinga av selskapet • sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver • høve til å utvikle både organisasjonen og deg sjølv som leiar • eit sterkt og tverrfagleg fagmiljø med vekt på kvalitet og utvikling • eit breitt samarbeid med kommunar, sjukehus og andre beredskapsaktørar • løn og arbeidsvilkår etter avtale I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje. Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakta: styreleiar, Anne Karin Fossdal, telefon 907 62 789 eller nestleiar Anne Økland, telefon 909 86 971.
Compare hiring history, company facts and open roles.