Om stillinga Vi søkjer ein ny kollega til Sveio omsorgssenter i 50 % fast stilling på natt som helsefagarbeidar. Vi er ein kommune som arbeider etter LEAN/KF-prinsipp, og vi jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no i ein prosess der vi ser på korleis vi som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Vi er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til brukarane våre. Dei siste åra har fleire av oppgåvene til sjukehuset blitt overførte til kommunen. Dette gir ein spennande arbeidskvardag med prosedyrar og utfordringar. På natt har vi eit felles team som tener både Sveio omsorgssenter og heimetenesta i kommunen. Vi tek godt imot nytilsette, og du får god opplæring. Er du nyutdanna, legg vi til rette for ein god start. Vi er opptekne av at du trivst og kjenner deg trygg i eininga. Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar: • Vestbakken: lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. • Utsikten: somatisk avdeling og demensgruppe. • Sørbakken: demensavdeling. Alle avdelingane har i dag langtidsplassar. Sjå gjerne på Instagram-kontoen vår, #SveioOmsorgssenter, med flotte bilete frå kvardagen hos oss. Arbeidsoppgåver • utføre faste tilsyn og observasjonar etter individuelle behov • dokumentere hendingar og observasjonar i journalsystemet • bidra til eit godt og trygt miljø for bebuarar og kollegaer • samarbeide med kollegaer og anna fagpersonell ved behov • følgje gjeldande rutinar og prosedyrar for tryggleik og kvalitet Kvalifikasjonar • autorisasjon som helsefagarbeidar • tilfredsstillande politiattest i tråd med gjeldande lovverk • førarkort klasse B Personlege eigenskapar • vere fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevisst • halde deg fagleg oppdatert • vere initiativrik • ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig • ha evne til å setje fag, kvalitet og service i fokus • bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar, som er framtidige kollegaer • personlege eigenskapar blir vektlagde Vi tilbyr • 50 % fast stilling • utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap • eit fagmiljø i utvikling som du får vere med på å påverke og utvikle • faste fagdagar og fagmøte • dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø • moglegheit for vidareutdanning • løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga Sveio kommune har behov for støttekontakt til personar med psykisk utviklingshemming i ulik aldersgruppe. Me søkjer nå særskilt etter deg som har lyst å være støttekontakt for barn, ungdom og vaksne. Me oppfordrar spesielt menn til å søkje på stillinga som støttekontakt. Søknad kan leggjast inn kontinuerleg. Støttekontaktar hjelper personer som har behov for sosial støtte i og utanfor heimen. Normalt er eit oppdrag på 12-16 timar pr. månad, fortrinnsvis utført på ettermiddag. Oppdragsavtalen vert fornya årleg. Arbeidsoppgåver Å vere støttekontakt innebærer at du besøker brukar heime, eller drar ut på aktivitater som er tilpasse brukars funksjonsnivå. Dette kan vere kino, kafébesøk, bading i symjehall, gå ein tur, handarbeid, samtalar eller andre aktivitetar. Støttekontaktar hjelper personer som treng å bli tryggare på seg sjølv og som treng hjelp til å takle ulike livssituasjonar. Ein støttekontakt kan også bidra til at ein person kan klare å omgås andre mennesker i større grad. Du bør ha fylt 18 år. Det vil være ein fordel om du kan disponere bil for å kunne dra ut på aktivitetar. Brukar dekker eventuelle kostnadar til aktivitetar. Kvalifikasjonar Du treng ingen særskilte formelle kvaifikasjonar for å vera støttekontakt. Personlege eigenskapar • du må vere ein trygg og god omsorgsperson • du må vere glad i å vere saman med andre mennesker • du må kunne setje grenser • du må tilpasse deg ulike situasjoner og personer • du må ha god norsk munnleg framstillingsevne Det er krav om politiattest i henhald til lovverk Vi tilbyr • kjøregodtgjerelse etter statlege sats • godgjering og utgiftsdekning etter kommunal sats
Om stillinga Har du eit ønske om å arbeide som vikar som assistent eller fagarbeidar på skule, SFO eller barnehage i Sveio kommune? Arbeidsoppgåver Barnehage: • Delta aktivt i det pedagogiske arbeidet og bidra til planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar. • Skape trygge, inkluderande og stimulerande leike- og læringsmiljø for borna. • Rettleie og støtte barn i sosiale situasjonar, leik og konflikthandtering. • Følgje opp enkeltbarn sine behov i samarbeid med pedagogisk leiar/lærarar og andre tilsette. • Medverke i daglege rutinar som måltid, påkledning, bleieskift, kvile og leik. • Observere og dokumentere borna sin trivsel og utvikling. • Samarbeide tett med kollegaer for å sikre god kvalitet og eit heilskapleg pedagogisk tilbod. • Bidra til et godt foreldresamarbeid gjennom dagleg dialog og informasjon. • Delta i møter, planleggingsarbeid og kompetanseheving. • Sørgje for et trygt, helsefremmjande og ryddig miljø i samsvar med barnehagens rutinar og retningslinjer. Skule: • følgje opp enkeltelevar og elevgrupper i samarbeid med andre tilsette på skulen • ha ansvar for elevar i undervisning og friminutt og elevgrupper på SFO • bidra til å styrke elevmiljøet ved skulen • samarbeide med tilsette og føresette ved behov Kvalifikasjonar • Du snakkar og skriv godt på norsk. • Levere godkjent politiattest ved oppstart. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar som vil bli lagt vekt på er: • roleg og trygg framferd ovanfor både barn og vaksne • evne og vilje til å skape verdfull aktivitet • god helse som taklar ver og vind og deltaking i leik og aktivitet • gode samarbeidsevner • evne til positiv kommunikasjon • er motivert, kreativ, godt humør og kunne undre seg saman med barna • har god relasjonskompetanse og god omsorgsevne • kan arbeide sjølvstendig, være løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet Vi tilbyr Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Compare hiring history, company facts and open roles.