Hos oss får du kombinere det beste frå to verdenar: nær kontakt med pasientane og moglegheita til å påverke kvalitet og fagutvikling i heile organisasjonen. Vi har ledig 100 % stilling og søker engasjert sjukepleiar eller spesialsjukepleiar som ønskjer ei spanande rolle i skjeringspunktet mellom klinisk arbeid, fagutvikling og kvalitetsforbetring. Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) får du ei unik moglegheit til å arbeide på tvers av våre fem avdelingar og bidra til å vidareutvikle tenestane for våre 83 pasientar. Dette er ikkje berre ei sjukepleiarstilling, men ei sentral fagrolle der du får bruke kompetansen din til å styrke kvalitet, pasienttryggleik og kompetanseutvikling i heile organisasjonen. Er dette deg? Du er ein sjukepleiar som brenn for faget og ønskjer å gjere meir enn å dekke vakter. Du trivst med ansvar, ser verdien av gode system og ønskjer å bidra til utvikling av både tenester og medarbeidarar. Du er fagleg trygg, samarbeidar godt med andre og ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Vil du vere med på å utvikle framtidas omsorgstenester i Sykkylven? Då ønskjer vi å høyre frå deg. Om stillinga • Stillinga er fordelt med: 60 % i stabsfunksjon, der du bidreg med sjukepleiefagleg støtte på tvers av avdelingane 40 % klinisk arbeid i avdeling, med direkte pasientoppfølging - denne delen er per tida på Sone 2 I stab funksjonen vil du vere ein viktig ressurs innan: - kvalitetssikring og forbetringsarbeid - undervisning og kompetanseheving - fagleg støtte og rettleiing av sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar - palliasjon og avansert sjukepleie - pasientforløp og dokumentasjon Du får ei sentral rolle i å sikre at alle pasientar ved BUAS får tilgang til sjukepleiefagleg kompetanse. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar. • Beherske dei vanlegaste IT-verktya • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). • Evne til å halde seg fagleg oppdatert • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer Personlege eigenskapar • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Vere strukturert og løysingsorientert • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre • Vise fagleg engasjement • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Kvifor velge denne stillinga? • ✅ Kombinasjon av fagutvikling og pasientnært arbeid ✅ Stor fagleg påverknad på tvers av avdelingar ✅ Variert arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende ✅ Moglegheit til å undervise, rettleie og utvikle kollegaer ✅ Tett samarbeid med sjukeheimslege og erfarne fagmiljø ✅ Rekrutteringstillegg og hjelp til enkel bustad ved behov Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden. KontaktinformasjonWenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadHaugneset 16 6230 SYKKYLVEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5195974182 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.11.2026
Vil du skape gode måltidsopplevingar og bidra til livskvalitet for eldre og andre brukarar? Ved Måltid og ernæring på Sykkylven bu- og aktivitetssenter har vi ledig 80 % fast stilling som faglært kokk, med dagarbeid og arbeid kvar fjerde helg. Hos oss står matglede, kvalitet og ernæring i fokus. Vi lagar heimelaga og næringsrik mat etter kok-server-prinsippet, og leverer måltid til bebuarar, dagsenter og heimebuande. Arbeidsoppgåver • Produksjon av varm og kald mat • Baking og tilrettelegging av måltid • Oppfølging av avdelingar i spørsmål om mat og ernæring • Varebestilling, mottak og kvalitetskontroll • Reinhald, oppvask og dagleg drift av kjøkkenet Vi ser etter deg som: ✅ Har fagbrev som ernæringskokk, institusjonskokk eller anna relevant matfagleg utdanning ✅ Har interesse for ernæring, spesialkost og kvalitet i alle ledd ✅ Arbeider sjølvstendig, strukturert og har gode samarbeidsevner ✅ Brenn for gode matopplevingar og service Vi tilbyr Vi tilbyr 💙 Ei meiningsfull stilling der du bidreg til matglede og livskvalitet 💙 Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer 💙 Varierte arbeidsoppgåver og fagleg utvikling 💙 Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP 💙 Løn etter gjeldande tariffavtale Vil du bli ein del av laget vårt? Vi gler oss til å høyre frå deg! 🍽️✨ Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden KontaktinformasjonWenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadHaugneset 16 6230 SYKKYLVEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5195979896 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 01.11.2026
Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) har vi ledig fast 80 % stilling på natt for helsefagabeidar. Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkunnskapen din til å gjere ein forskjell kvar natt? Vi søkjer ein helsefagarbeidar til fast nattstilling i eit inkluderande arbeidsmiljø der fagleg kvalitet og samarbeid står sterkt. 🌟 På natt er du ein del av eit team på 7 medarbeidarar som samarbeider tett for å gi brukarane våre tryggleik, omsorg og gode tenester. Du arbeider sjølvstendig, men aldri åleine. Det er alltid ein sjukepleiar på «topp». BUAS er ein variert arbeidsplass med 83 plassar fordelt på fem avdelingar, mellom anna demensomsorg, rehabilitering, korttidsopphald, KAD-plass og heildøgns omsorg. Du må påregne å jobbe i alle avdelingane. Kvifor velje oss? 💙 Du blir ein del av eit godt og stabilt nattevaktmiljø 💙 Du får varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar 💙 Du arbeider i ein organisasjon som set kvalitet og omsorg høgt 💙 Moglegheiter for fagleg utvikling Bli med på laget vårt! Arbeidsoppgåver • Pleie- og omsorgsoppgåver ut frå brukarane sine behov og vedtak • Tilsyn, kliniske observasjonar, vurderingar, palliasjon og oppfølging gjennom natta • Bidra til tryggleik og trivsel for bebuarane • Dokumentasjon og rapportering • Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsefagarbeidar • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Interesse for arbeid med eldre og personar med samansette omsorgsbehov • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar Personlege eigenskapar • Er positiv og vektlegg å samarbeida godt med andre • Har eit personleg og fagleg engasjement for brukergruppe • Liker å arbeide i eit skiftande tempo og tilpassa arbeidsmåten etter det • Er motivert, serviceinnstilt og fleksibel Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonNina Hovdenakk, Avdelingsleiar Natt, 90580264, nina.hovdenakk@sykkylven.kommune.no Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadHaugneset 16 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5192908182 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 26.10.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.