Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAKonsulenter ved Arrangementskontoret Ved Arrangementskontoret ved Universitetsdirektøren sitt kontor er det to ledige stillingar i 10 % som vertar knytt til gjennomføring av arrangement i våre lokale. Arrangementskontoret har følgjande arenaer i porteføljen sin: Universitetsaulaen i Bergen, UiB Læringsarena, Tårnsalen i Universitetsmuseet, Knut Fægris hus og Lønningen lystgard. Universitetsaulaen er ein viktig formidlingsarena for Universitetet og for Bergen, og huser ei rekkje profilerte arrangement som føredrag, seminar, konferansar, debattar, symposium, konsertar, mottakingar og middagar. Universitetet sitt kurs- og konferansesenter, UiB Læringsarena i Nygårdsgaten 5, har vorte svært populært og har høg aktivitet. Kontoret er organisert som ein del av universitetsdirektøren sin stab og er lokalisert på Museplassen 1. Tenestene til Arrangementskontoret spenner frå prosjektleiing for årlege større arrangement til enklare tilrettelegging og rådgjeving for einingar som skal gjennomføre arrangement. Døme på faste arrangement som Arrangementskontoret har ansvar for, er doktorpromosjonane, prisutdelinga frå Meltzerfondet, Christiekonferansen og Barneuniversitetet. Kontoret har òg prosjektleiing for løpande arrangement som jubileum, opningar av bygg og andre seminar og konferansar. Arbeidsoppgåver: Vertane skal vere vertskap for UiB ved arrangement i våre arenaer. Som vert representerer du Universitetet i Bergen og medverkar til at arrangørar, føredragshaldarar og gjester blir tekne imot på ein profesjonell og imøtekomande måte. Som vert vil du mellom anna: • møte arrangør i god tid før arrangementet og bistå med praktiske førebuingar • vere kontaktperson for arrangør under arrangementet • halde oversikt over program og kjøreplan • bistå med registrering, møblering og anna praktisk tilrettelegging • følgje opp leverandørar, til dømes catering • opne og stengje arenaene • medverke til at tryggleik og gode rutinar blir ivaretekne under arrangementet All nødvendig opplæring vil bli gitt. Arbeidet går hovudsakleg føre seg på dagtid, men det er òg til tider høg aktivitet på kveldstid og i helgar. I periodar med mindre arrangementsaktivitet kan det vere aktuelt med enklare administrative oppgåver ved Arrangementskontoret. Det kan òg vere aktuelt med vakter ved UiB-arrangement som blir gjennomførte utanfor Arrangementskontoret sine eigne arenaer. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Vi søkjer kandidatar som: • har fullført vidaregåande skule • har erfaring som arrangementsvert eller frå tilsvarande service- og vertskapsroller, gjerne innan kultursektoren, hotell-, eller konferanseverksemd • har erfaring med planlegging og koordinering av arrangement, gjerne gjennom frivillig arbeid eller organisasjonsarbeid • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Stillinga passar godt for studentar i starten av studieløpet som ønskjer relevant arbeidserfaring innan arrangementsgjennomføring og vertskap. Personlege eigenskapar: • serviceorientert og trivst i møte med menneske • har interesse for arrangementsgjennomføring og rolla som vert • samarbeider godt med andre, samstundes som du arbeider sjølvstendig • er sjølvgåande og ser kva som må gjerast • tek initiativ og bidreg til gode løysningar • er komfortabel med å arbeide åleine når det er nødvendig • handterer høgt tempo og uventa situasjonar på ein roleg og profesjonell måte Det vil bli lagt stor vekt på personleg egnethet. Vi tilbyr: • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø • Stilling som konsulent (kode 1065) i årsløn kr. 481 000 - 495 500 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. • Medlemskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: Leiar for Arrangementkontoret, Bente Krossøy, tlf.: 55 58 20 23/ 92 69 41 72, e-post: bente.krossoy@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Senter for ernæring, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på fire (4) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” NutriCa65 ”, finansiert av EU programmet Horizon Europe og Universitetet i Bergen. Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % karrierefremmande, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Karrierefremmande kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet. Om prosjektet/arbeidsoppgåver • Vere med på å gjennomføre to kliniske studiar med persontilpassa ernæringsbehandling for kreftpasientar, både ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen og ved Københavns Universitetshospital, avdelingane Herlev og Gentofte Hospital. Dette inneber eit opphald i København på om lag 10 månader. • Rekruttering og oppfølging av pasientar i studiane. • Koordinering av kliniske studiar og samarbeid med studiepartnarar i EU. • Analyse og publisering av studieresultat knytte til livskvalitet, ernæringsstatus og fysisk funksjon. • Deltaking i fagforumet for kliniske ernæringsfysiologar (Dietitians’ Forum) i prosjektet NutriCa65 og utvikling av opplæringsmateriell i samarbeid med EFAD. • Analyse av ein smarttelefonapplikasjon retta mot kreftpasientar Kvalifikasjonar og eigenskapar Søkjar må ha fullført mastergrad i klinisk ernæring og inneha autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog i Norge. Det er krav om kunnskaper på minimum C2 nivå. Arbeidserfaring som klinisk ernæringsfysiolog med kreftpasienter vil telje positivt. Erfaring med innsamling av antropometriske data og måling av energibehov med bruk av indirekte kalorimetri vil bli vektlagd. • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner, • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt • God skriftleg og munnleg norsk og engelsk, sjå dokumentasjonskrav for engelsk. • Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB Sjå krav om engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet Forskarutdanning (Ph.d.-programmet) Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagde arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga. Stipendiatstilling: Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Vi tilbyr • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø • Løn for tida kr 600 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 615 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 635 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.) • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar • Søkjarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til • Eventuelle publikasjonar (pdf) • To referansar (namn og kontaktinformasjon) Generell informasjon: Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte professor Jutta Dierkes e-post: jutta.dierkes@uib.no . For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar HildeJohannessen e-post: Hilde.b.johannessen@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor Ved Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er det ledig ei fast 30 % stilling som universitetslektor. Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er eit nasjonalt kompetansesenter ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. SUJO arbeider for å styrkje den undersøkande journalistikken gjennom utdanning, kompetanseutvikling og samarbeid med mediebransjen, med særleg vekt på lokale og regionale redaksjonar. Senteret held til i Media City Bergen og er det einaste senteret av sitt slag i Noreg. Arbeidsoppgåver: • Rettleie og undervise journalistar i å tolke kvantitative data og forstå den journalistiske verdien av slike data • Rettleie og undervise journalistar i deira arbeid med å tilarbeide tal, til dømes ved å drive opplæring i Excel • Innhente, analysere og tilarbeide kvantitative data frå ulike datakjelder og leggja til rette desse for journalistisk behandling. • Utvikle journalistiske verktøy Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt behov og kontinuerlege utviklingsarbeid Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Mastergrad innan statsvitskap eller tilsvarande kompetanse • Erfaring som dataanalytikar • Erfaring med undervisning og rettleiing av journalistar i handtering av kvantitative data • Erfaring med utvikling av datadrevet journalistikk • God journalistisk forståing og erfaring frå journalistisk arbeid • Erfaring med programmeringsspråk og databasar • God kjennskap til norsk mediebransje • God forståing for samfunnsvitskapleg metode • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert • Gode kommunikasjons- og samarbeids- og koordineringsevner. • God kompetanse i munnleg og skriftleg norsk og engelsk • Ha pedagogisk basisutdanning. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt. Vi tilbyr: • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning • Årsløn som universitetslektor, kode 1009, mellom kr. 670 000 – 720 000. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. • Medlemskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Følgjebrev • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid) • Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknader som vert sendt på e-post eller som manglar etterspurd dokumentasjon vil ikkje verte vurderte. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar ved Senter for undersøkande journalistikk, Kristine Holmelid, kristine.holmelid@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgARådgjevar Ved Institutt for geovitskap er det eit ledig vikariat i 100% stilling som rådgjevar / administrativ koordinator for det nasjonale nettverket Centre for Integrated Earth System Education (iEarth) og Centre for Mountains in Transitions (CMT). Vikariatet er for 9 månader, med moglegheit for forlenging. Ønska oppstart i stillinga er 4. januar 2027. Ansvarsomårde og arbeidsoppgåver: Stillinga har arbeidsplass ved Institutt for geovitskap (GEO) og vil vere ein del av administrasjonen ved GEO. Den tilsette vil ha ei sentral rolle knytt til administrativ koordinering av både lokale og nasjonale aktivitetar innan utdanning, samhandling og forsking. Stillinga omfattar administrativ koordinering av det nasjonale geovitskaplege nettverket iEarth, administrativ koordinering av Centre for Mountains in Transition (CMT), samt studieadministrative oppgåver ved instituttet. Den tilsette vil arbeide tett med fagleg leiing, forskarar, studentar og administrativ stab, og bidra til å sikre god drift, samhandling og utvikling på tvers av fleire satsingar. iEarth er eit nasjonalt nettverk innan geovitskapleg utdanning, etablert gjennom ordninga Senter for framifrå utdanning (SFU). Etter at SFU-finansieringa vert avslutta, skal nettverket bli vidareført med same målsetjing om å styrke kvaliteten på geovitskapleg utdanning gjennom lokalt og nasjonalt samarbeid. Centre for Mountains in Transition (CMT) er eit forskingssenter som samlar forskarar og samarbeidspartnarar kring forsking på fjellområde i endring. Stillinga vil bidra til den administrative drifta av senteret og støtte opp under aktivitetar, arrangement og kommunikasjon. Stillinga omfattar òg administrativt ansvar for GEOV298 Geopraksis, inkludert koordinering mellom studentar, fagmiljø og praksisvertar. Den som vert tilsett, vil samarbeide tett med studieadministrasjonen ved instituttet. Døme på sentrale arbeidsoppgåver er: • Administrasjon av iEarth lokalt • Koordinasjon av det nasjonale nettverket. • Studentkontakt med studentrepresentantar nasjonalt og lokalt. • Administrativ koordinering av CMT • Dokumentasjonsarbeid og rapportering • Administrativt ansvar for Geopraksis. • Sikre overordna drift, inkludert drift av websider, samt utvikling og framdrift av nettverket sine aktivitetar i samsvar med prosjektplanen. • Organisering av konferansar og møter. • Innkjøpsansvar for iEarth-nettverket. • Vere ein brubyggar mellom vitskapleg tilsette, studentar og administrasjonen gjennom lokale undervisningsmøter. • Oppfølging av forskingsprosjektet innan utdanningsfeltet i tett samarbeid med forskingsrådgjevar ved Institutt for geovitskap. • Samarbeide med studieadministrasjonen ved Institutt for geovitskap om utvikling av undervisning og studieprogram. Næraste overordna er fagleg ansvarleg for iEarth, og nettverkskoordinator rapporterer til denne. Stillinga inngår i den administrative staben ved Institutt for geovitskap og har administrasjonssjefen som personalleiar. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Kvalifikasjonar: • Søkjar må ha relevant utdanning på masternivå. Relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning. • Relevant praksis og dokumentert erfaring frå prosjektkoordinering og utdanningsutvikling er eit krav. • Søkjar må ha god kjennskap til Office 365. • Søkjar må ha erfaring med formidlingsarbeid, og dokumentert erfaring med å formidle munnleg og skriftleg på begge målformer og engelsk. Gode skriftlege ferdigheiter på både engelsk og norsk er eit krav. • Erfaring med drift av websider og sosiale media er ein føremon. Personlege eigenskapar: • evne til å ha oversikt, vere utviklingsorientert og raskt tileigne seg ny kunnskap. • sjølvstendig, initiativrik og kreativ. • systematisk og løysingsorientert med god gjennomføringsevne. • effektiv, fleksibel og serviceinnstilt. • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjarane vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Vi kan tilby: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønnsspenn kr 642 000 – 700 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor og senterleiar Jostein Bakke, e-post: jostein.bakke@uib.no, telefon 55 58 35 03 eller administrasjonssjef Andrea Grimnes, e-post: andrea.grimnes@uib.no, telefon 55 58 33 00. For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post: mathilde.hogalmen@uib.no. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFast stilling som kommunikasjonsrådgjevar Er du motivert for å vere ei drivkraft i kommunikasjonsarbeidet ved eit ambisiøst fakultet? Velkomen som søkjar til ei fast 100 % stilling som kommunikasjonsrådgjevar og web-ansvarleg ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vi søkjer ein dyktig kommunikasjonsrådgjevar som kan arbeide både strategisk og operativt i eit breitt kommunikasjonsfagleg landskap. Det er ønskeleg med oppstart så snart som mogleg. Om arbeidsplassen Det humanistiske fakultet (HF) har ein ambisiøs strategi, ein stor og spanande fagportefølje og mange framifrå forskingsmiljø og forskarar. Fakultetet er sett saman av fire institutt, som er grunneiningane for forsking, undervising og formidling, og har også administrativt ansvar for to tverrfakultære senter. Fakultetet har om lag 3700 studentar og 460 tilsette. Her finn du meir informasjon om Det humanistiske fakultet. Stillinga er knytt til Seksjon for forsking og formidling ved fakultetsadministrasjonen. Du vil jobbe tett med leiing på ulike nivå og på tvers av faglege og administrative fagfelt. Stillinga har ei dreiing mot arbeid med nettsider og formidling av forsking og utdanning, men har også andre viktige oppgåver. Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere: Formidling av forsking og utdanning: • bidra til å utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar • arbeide med å synleggjere satsingsområde, utdanningsportefølje og forsking • arbeide for å gjere fakultetets verksemd synleg i offentlegheita Ansvar for fakultetet sine nettsider og andre digitale flater: • vere operativ webredaktør med ansvar for forvalting og utvikling av fakultet sine nettsider, i samråd med fakultetsleiinga og UiBs kommunikasjonsavdeling • produsere og kvalitetssikre innhald (tekst, layout, video og bilete) for ulike digitale kanalar og sosiale medium • leie nettverk for lokale webkontaktar ved fakultets einingar, inkludert opplæring og oppfølging • representere HF i relevante nettverk ved UiB og bidra til godt samarbeid mellom nivåa Kommunikasjonsrådgiving: • gje kommunikasjonsfaglege råd til fakultetsleiinga og leiinga ved institutt/senter, og til lokale webkontaktar • bidra kommunikasjonsfagleg i aktivitetar knytt til marknadsføring av studietilbod og studentrekruttering • vedlikehalde og vidareutvikle interne kommunikasjonskanalar og arbeide for god intern informasjonsflyt på fakultetet • delta i produksjon og formidling av nyheiter om verksemda ved fakultetet • bidra i planlegging og gjennomføring av arrangement (som seremoniar og konferansar) Det er ein føresetnad at du oppdaterer deg fagleg og bidreg til utviklinga av eit felt som stadig er i endring. Du må vere open for endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt. Alle i administrasjonen må vere førebudde på å ta del i felles arbeidsoppgåver. Kvalifikasjonar: • Det er krav om relevant utdanning på mastergradsnivå. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere delvis for manglande formell utdanning. • Relevant kommunikasjonsfagleg arbeidserfaring er ein føresetnad. • Du må ha god kompetanse og arbeidserfaring frå digitale kommunikasjonsverktøy og sosiale medium. • Du må ha svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk. • Du må ha erfaring med å skrive tekst for ulike målgrupper. • Du bør meistre tekstsjangrar som tale og kronikk og kunne skrive tekstar for andre. • Du bør ha forståing og interesse for humanistiske fag og deira plass i samfunnet. I tillegg ønsker vi at du: • er ansvarleg og løysingsorientert • samarbeider og kommuniserer godt • arbeider nøyaktig, systematisk, analytisk og har god gjennomføringsevne • er sjølvstendig, serviceinnstilt og initiativrik • taklar høgt arbeidstempo med krevjande arbeidsoppgåver og korte tidsfristar • er positiv, raus og inkluderande og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø • er ein god lagspelar og relasjonsbyggar Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Vi kan tilby: • eit sosialt, fagleg og utviklande arbeidsmiljø • ein trygg og fleksibel arbeidskvardag, med fleksitid, sommartid frå mai til september, og moglegheit for heimekontor etter avtale • gode velferdsordningar, mellom anna ulike kultur- og idrettstilbod inkludert moglegheit til trening i arbeidstida • ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur • Løn som rådgjevar (kode 1434) med ei brutto årsløn på mellom kr. 700 000- 750 000 – avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga, og om erfaringar og eigenskapar du meiner er særleg relevante. • Under «CV», gje informasjon om: • personalia • erfaringar og kvalifikasjonar • språkferdigheiter • minst tre referansepersonar (ein av desse bør vere nåverande eller tidlegare overordna) • Under «Vedlegg», last følgjande opp som separate dokument: • karakterutskrift og vitnemål frå Vitnemålsportalen (dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, last opp som PDF-filer) • relevante attestar som dokumenterer dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar Søknadstekst og CV må vere på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må bli lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte seksjonssjef Kirsten Moen på telefon 55 58 80 85, eller via e-post kirsten.moen@uib.no. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillinga: Fadder- og mangfaldskoordinator (75 %-stilling) Velkomstveka er ofte det første møtet med Universitetet i Bergen (UiB) for nye studentar. Den er viktig for å legge eit godt grunnlag for ein god start på studia. Veka er ei innhaldsrik med mange ulike aktivitetar og arrangement. Studentgruppa er mangfaldig, og vi er opptekne av at aktivitetane som blir planlagde i velkomstveka treff ulike studentgrupper og legg til rette for ei inkluderande start på studia. Aktivitetane i velkomstveka skal bidra til at dei nye studentane blir kjente med kvarandre, universitetet, og med studentbyen Bergen. Vi lyser ut ei 75 % stilling som fadder- og mangfaldskoordinator. Stillinga er mellombels og tilsetjingsperioden strekker seg frå november 2026, og ut august 2027. Koordinatoren skal, i dialog med fakulteta, dei studenttillitsvalte og leiinga sentralt, bidra til å sikre at programmet for velkomstveka blir godt ag at det legg til rette for dette og for at alle nye studentar blir godt inkluderte i studiemiljøet sitt, både fagleg og sosialt. Arbeidsoppgåver: • Legge til rette for eit breitt tilbod av aktivitetar, og inkluderande fellesarrangement i velkomstveka som retter seg mot ei mangfaldig studentgruppe • Vere med å utforme eit program for velkomstveka som legg til rette for at alle studentar kan delta og føler seg inkludert • Arrangere fadderkurs og sikre god opplæring og innføring i rolla som fadder for nye studentar • Ha tett kontakt med leiinga og dei studenttillitsvalte både sentralt og på fakulteta • Vere kontaktpunkt for koordinatorar frå andre utdanningsinstitusjonar i byen, og for arrangement i samarbeid med andre institusjonar • Bidra i arbeidet med studentkommunikasjon • Planlegge og gjennomføre ein introdag for nye studentar hausten 2027 • Følgje opp tiltak som studiestasjon og språkkafé i samarbeid med Universitetsbiblioteket Det skal skrivast ein kort rapport frå arbeidet. Sidan arbeidet med velkomstveka er i utvikling, kan arbeidsoppgåvene endre seg som følgje av dette. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Fersk kjennskap til studentlivet og høgare utdanning • Kunnskap om, og erfaring med inkludering- og mangfaldsarbeid • Relevant utdanning • Erfaring frå studentfrivilligheit, prosjekt eller organisasjonsarbeid • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk • Erfaring med utvikling og gjennomføring av kurs er ein føremon Personlege eigenskapar: • Gode kommunikasjonsevner • Systematisk, metodisk og strukturert • Service- og løysingsorientert haldning • Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre • Engasjement for feltet Ved vurdering av søkarane, vil vi legge vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Vi kan tilby: • Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende • Interessante utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr. 612 000 – 660 000 tilsvarande 100% stilling, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn • Fleksibel arbeidstidsordning • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Studieavdelinga på UiB v/ Konstituert seksjonsleiar Martin Kahrs Lie martin.lie@uib.no, tlf: 55585114 eller seniorrådgjevar Iren Igesund iren.igesund@uib.no, tlf: 55589483. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVil du bidra til å utvikle forsking og forskarutdanning ved Det medisinske fakultet? Det medisinske fakultet søker ein engasjert og strategisk orientert seksjonssjef for forskingsseksjonen. I stillinga skal du bidra til å vidareutvikle forskingsverksemda ved fakultetet og styrke arbeidet med nasjonal og internasjonal forskingsfinansiering. Som seksjonssjef leiar du eit kompetent fagmiljø som arbeider med forskingsstøtte, ekstern finansiering, forskarutdanning og strategiske forskingssatsingar. Du vil ha ei sentral rolle i å sikre gode tenester til institutta og at fakultetet når ambisjonane sine innan forsking, innovasjon og forskarutdanning. Arbeidsoppgåver: • Leie og utvikle forskingsseksjonen fagleg, strategisk og administrativt • Ha personalansvar for seksjonen. • Bidra til utvikling og gjennomføring av fakultetets og UiBs forskingsstrategiar. • Leggje til rette for ekstern finansiering frå nasjonale og internasjonale kjelder gjennom søknadsaktivitet • Sørgje for gode og framtidsretta tenester innan forskingsstøtte og forskarutdanning. • Vere ein strategisk rådgivar for fakultetsleiinga i forskingsrelaterte saker. • Delta i administrative utviklingsprosjekt og prosessar. • Representere fakultet i relevante nettverk og samarbeidsfora. Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjar må ha høgare utdanning på masternivå. Doktorgrad er ein fordel. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning • God forståing for forsking, forskingspolitikk og universitets- og høgskulesektoren • Erfaring med leiing av kunnskapsorganisasjonar eller komplekse fagmiljø • Erfaring med strategisk arbeid og organisasjonsutvikling • God kjennskap til forskingsfinansiering og verkemiddelapparatet • God kompetanse innanfor digitale arbeidsverktøy • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Vi søkjer ein person som • er ein lyttande og inkluderande leiar. • har gode samarbeids- og relasjonsbyggjande ferdigheiter. • har god evne til å tenkje strategisk og sjå heilskaplege løysingar • er utviklingsorientert og evnar å drive endringsprosessar. • har stor gjennomføringsevne og kan handtere komplekse problemstillingar Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Vi tilbyr: • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø • Spennende arbeidsoppgaver i skjæringspunktet mellom strategi, forskning og ledelse • Løn som seksjonssjef (kode 1211) er 990 000 - 1090 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fakultetsdirektør Synnøve Myhre, tlf. 93 48 46 14, epost: synnove.myhre@uib.no. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-seniorrådgjevar Therese Myhre Odfjell, tlf. 55 58 52 88, epost: therese.odfjell@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere. Vi oppmodar menn om å søkje på stillinga. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAØnskjer du å leie og utvikle Universitetsbibliotekets arbeid med digitale infrastrukturar og forskingsdata? Blir du inspirert av å arbeide tverrfagleg i innovative og kunnskapsrike miljø? Vi søker seniorrådgjevar til å leie og utvikle Faggruppa for digitale infrastrukturar og forskingsdata innanfor Seksjon for digitale infrastrukturar og open vitskap. Seniorrådgjevar (gruppeleiar – digitale infrastrukturar og forskingsdata) Ved Universitetsbiblioteket i Bergen er det ledig ei fast 100 % stilling som seniorrådgjevar - gruppeleiar for Faggruppa for digitale infrastrukturar og forskingsdata innanfor Seksjon for digitale infrastrukturar og open vitskap. Seksjon for digitale infrastrukturar og open vitskap består av to faggrupper: Digitale språksamlingar og Digitale infrastrukturar og forskingsdata. Faggruppa for digitale infrastrukturar og forskingsdata har for tida 13 medarbeidarar. Faggruppa for digitale infrastrukturar og forskingsdata spelar ei nøkkelrolle i Universitetsbibliotekets arbeid med å utvikle digitale tenester for interne og eksterne prosjekt, UiBs forskarmiljø, og også å vere med å utforme tiltak og rammeverk for open vitskap, særleg innan opne forskingsdata. Eit grunnleggjande prinsipp for gruppas arbeid er å være brukarnær i si tilnærming. Difor har gruppa ein tverrfagleg kompetanseprofil der medarbeidarane har eit nært samarbeid med andre einingar og miljø på UiB, til dømes dei norske ordbøkene, IT-avdelinga ved UiB, Fagspråksenteret og andre senter, samt i prosjekt og nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Gruppeleiaren for digitale infrastrukturar og forskingsdata rapporterer til seksjonsleiaren og inngår i seksjonsleiaren si leiargruppe, samt bibliotekdirektøren si utvida leiargruppe. Gruppeleiar bidreg dermed i begge leiargrupper ved Universitetsbiblioteket og tek eit aktivt ansvar både for seksjonen si samla oppgåveportefølje og Universitetsbibliotekets strategiske målsettingar. Ansvars- og arbeidsområde: Som gruppeleiar vil du ha eit heilskapleg ansvar for å leie og utvikle arbeidet i gruppa. Stillinga inneber både fagleg leiing, personalleiing, tett samarbeid med seksjonsleiaren og resten av Universitetsbibliotekets leiing, samt andre fagmiljø. Personalansvar • dagleg arbeidsleiing av medarbeidarane i gruppa • delegerte personaloppgåver (bl.a. medarbeidarsamtalar og oppfølging av fråvær) • bidra i rekruttering og mottak av nytilsette • leggje til rette for kompetanseutvikling Fagleg leiing • sikre kvalitet, framdrift og måloppnåing innan ansvarsområda til gruppa • planleggje og koordinere arbeidsoppgåver, arbeidsflyt og samarbeid for gruppa slik at seksjonen kan levere i tråd med fastsette prioriteringar • være med å utvikle tenester i tett samarbeid med UiBs forskarmiljø • bidra til effektiv ressursutnytting • utvikle samarbeid internt på UB og UiB, samt i nasjonale og internasjonale fora og nettverk • leggje til rette for tverrgåande prosessar i organisasjonen • bidra til god intern og ekstern kommunikasjon Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjar må ha • høgare utdanning på minst masternivå. I særskilte tilfelle kan relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kompensere for utdanningskravet • erfaring frå digital utvikling, forskingsdata eller arbeid med digitale infrastrukturar for forsking eller frå arkiv-, bibliotek- og museumssektoren • gode leiareigenskapar og leiarerfaring med dokumenterbare resultat • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk/nordisk og engelsk Det er eit føremon om søkjar har • kjennskap til UH-sektoren • erfaring med prosjektleiing eller liknande • kunnskap om FAIR-prinsippa for forskingsdata og personvern • kunnskap om datatryggleik, systemarkitektur og kunstig intelligens Vi søkjer ein leiar som • blir inspirert av å jobbe i tverrfaglege miljø • er strukturert og har god gjennomføringsevne • har evne til å motivere og utvikle medarbeidarar • har gode samarbeidsevner • arbeider sjølvstendig og strategisk • er oppteken av brukarperspektivet i tenesteutvikling Ved vurdering av søkjaren vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Vi tilbyr: • UB kan tilby eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike medarbeidarar • eit fagleg sterkt og utviklingsorientert arbeidsmiljø • spennande oppgåver knytt til forvalting og formidling av unike samlingar • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling • løn som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr. 770 000 – kr. 820 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. • medlemskap i Statens pensjonskasse • fleksible arbeidsordningar og gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar Paul Simon Svanberg, telefon +47 55 58 25 07, e-post: paul.simon.svanberg@uib.no eller bibliotekdirektør Maria-Carme Torras, telefon + 47 55 58 25 01, e-post: maria.carme.torras@uib.no. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og resultat frå aktivt likestillings- og mangfaldsarbeid tilleggas vekt ved rekruttering av leiarar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Compare hiring history, company facts and open roles.