Voss sjukehus har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar på Medisinsk seksjon, sengepost. Stillinga er ledige frå 01.12.2026 eller etter avtale. Vi har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved sengeposten i Medisinsk seksjon fram til 30.11.2027. Vi ser etter deg som ynskjer å arbeida i eit aktivt miljø med høg faglegheit. Stillinga inngår i todelt vaktordning (dag, kveld) og arbeid kvar 3. helg. OM AVDELINGA Medisinsk sengepost er lokalisert under Medisinsk seksjon, og har 20 heildøgnssengeplassar. Det blir behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar, som til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft. Sengeposten har nært samarbeid med andre profesjonar i sjukehuset. OM SJUKEHUSET Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på fem kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger. OM VOSS Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo. Arbeidsoppgåver • Pleie og oppfylgjing av pasientar • Observasjon av pasientar (NEWS) • Oppgåver knytt til ernæring, hygiene og generell drift av sengeposten Kvalifikasjonar • Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon • Søkjar må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar Personlege eigenskapar Vi tenkjer at du: • Er ein god teamarbeidar • Trivst i eit aktivt og travelt miljø • Likar utfordringar • Har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å vidareutvikla kompetansen din Vi tilbyr • Opplæring med fadder • Medverknad til arbeidsplan • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø i Medisinsk seksjon og på Voss sjukehus • Løn etter gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 56533780, sissel.marie.finne@helse-bergen.no Stine Hernes, Ass seksjonsleiar, 56533780, stine.hernes@helse-bergen.no ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5195676129 Stillingsprosent: 80% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 30.10.2026
Om stillinga: Voss Sjukehus, Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat for LIS3 innan ortopedisk kirurgi frå 01.01. - 31.12.27. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga. Om avdelinga: Det er per i dag 8 LIS 2/3 stillingar ved kirurgisk avdeling, 3 på ortopedi og 5 på kirurgi. Det er 7 spesialistar i ortopedisk kirurgi ved sjukehuset. Voss sjukehus behandlar både elektiv ortopedi og ortopedisk traumatologi. Elektiv kirurgi omfattar mellom anna artroskopi i skulder og kne, skulderkirurgi, handkirurgi, fot- og ankelkirurgi, og protesekirurgi i hofte og kne. Om Voss sjukehus: Me har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, medisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggarar, fordelt på 6 kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn. Me er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset er under stadig utvikling og har fine lokalitetar. Det er fire godt utstyrte operasjonsstover og sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank. Om Voss: Folketalet i Voss herad aukar, og er for tida på rundt 16.000 innbyggjarar. Staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar både for vaksne og born. Det er tilbod innan heil mengd ulike idrettar, fleire skianlegg og ein flott golfbane i bygda, og me har rabattar hjå fleire av dei. Kulturlivet er rikt og variert med mellom anna Vossa Jazz, Bluesfestival og Osafestival. Det er eit godt utbygd skuletilbod her, og god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo. Sjå her: Å bu og jobbe på Voss Arbeidsoppgåver • Poliklinikk • Visittgang og postarbeid • Operere og assistere på operasjon • Rettleiing og undervising av LIS1 • Internundervising • Forholda vil bli lagt til rette for deltaking i undervising, kurs og anna etterutdanning Kvalifikasjonar • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetjing i LIS3 stilling innan ortopedisk kirurgi • Det vil bli lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring • Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg • God skriftleg dokumentasjonsevne Personlege eigenskapar • Du er engasjert, interessert og motivert for fagfeltet • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg med pasientar og andre samarbeidspartar • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta • Du trives i eit aktivt og travelt miljø Vi tilbyr • Den som blir tilsett som LIS3 ortopedi vil få ein personleg rettleiar og deltar i det regulære utdanningsprogrammet i avdelinga • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og DNLF • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Høgt fagleg nivå • Fagleg og personleg utvikling • Triveleg arbeidsmiljø • Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTrine Ludvigsen, Seksjonsoverlege, 97050446, trine.ludvigsen@helse-bergen.no ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5187846104 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 26.10.2026
Compare hiring history, company facts and open roles.