Find your next job in Ulstein. Explore 12 open vacancies, see top hiring employers and apply directly.
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team? Vi ønskjer å styrke laget vårt med fleire operatørar og hjelpearbeidarar som vil vere med på å jobbe med avanserte skip og store prosjekt i eit miljø der samarbeid, fagleg stoltheit og kontinuerleg læring står sterkt. Kvar dag byr på nye utfordringar og moglegheiter til å utvikle deg saman med dyktige kollegaer som spelar kvarandre gode. Oppgåver du vil jobbe med Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere: • Stilasbygging • Køyring av kran • Intern transport • Inn- og utdokking av skip • Halde orden på anlegg og prosjekt under arbeid Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare • Fagbrev som Stilasbyggar er ønskjeleg • Truckførarbevis T4 • Godkjend stillasbyggjar over 9 meter • Kurs som maskinførar (M4) • G3- og G4-krankurs • Teleskoptruck C1 og C2 • Erfaring med høgtrykksvask • Gode kommunikasjoneevner på norsk og/eller engelsk Vi veit at motivasjon, engasjement og læringsvilje ofte er like viktig som erfaring. Har du ikkje alle kvalifikasjonane vi etterspør oppmodar vi deg likevel til å søkje. Kvifor velje Ulsten som arbeidsplass • Gode utviklingsmoglegheiter • Nødvendig opplæring og kompetanseheving • Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer • Ein trygg og trivsam arbeidsplass med sterk lagånd Kontaktinformasjon Andreas Hatløy, Supervisor - Scaffolding, +47 47671301, andreas.hatloy@ulstein.com Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +47 91581013, stig_b.slettebakk@ulstein.com Arbeidsstad Osnesvegen 110 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS Referansenr.: 5170042138 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026
Ulstein kommune har fire kommunale barnehagar; Høddvoll barnehage, Sundgotmarka barnehage, Sætra barnehage og Almejordet barnehage. Almejordet og Sætra barnehage skal etter planen flyttast og slåast saman til ny barnehage på Skeide frå barnehageåret 2027/2028. Her kan du lese meir om barnehagane. Vi vil frå desember ha ledig stilling som barnehagelærar i Sætra barnehage. Vi er på jakt etter ein topp motivert, engasjert og kvalitetsbevisst barnehagelærar som kan legge til rette for leik og trygge relasjonar. Barnehagane arbeidar med uteliv og inkluderande barnehagemiljø, der gode naturopplevingar og alternativ kommunikasjon (ASK) er sentrale deler av kvardagen. Dei tilsette arbeidar ut frå tanken om at barna skal vere i sentrum, og at barn er verdifulle, kompetente og sosiale. Oppstart etter avtale. Arbeidsoppgåver • Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samhandling med andre tilsette • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarn og barnegrupper • Påverke og delta i endrings- og utviklingsarbeid • Samhandling med andre instansar • Medverke til godt foreldresamarbeid • Ha kunnskap og handlingskompetanse om barnas leik, leikemiljø og kunne delta og rettleie barn i leik • Gjennomføre og delta i avdelingsmøte, personalmøte, foreldremøte, utviklingssamtalar m.m. • Rettleie kollegaer for å fremme eit godt leike- og læringsmiljø med fokus på gode relasjonar Kvalifikasjonar • Krav om godkjend utdanning som barnehagelærar • God relasjons- og leikekompetanse • God munnleg og skriftleg kompetanse og digitale ferdigheiter • Gode leiareigenskapar med evne til å jobbe sjølvstendig og bygge gode lag rundt barna Personlege eigenskapar • Gode kommunekasjon- og samarbeidsevne • Løysingsorientert • Autoritativ • God motivator • Evne til å vere strukturert og handtere fleire oppgåver samtidig Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Det er viktig at du kan arbeide i tråd med kjerneverdiane til kommunen: Nyskaping - omsorg - rausheit - mangfald Vi tilbyr • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø • Varierande og spennande arbeidsoppgåver • Nydeleg nærmiljø med sjø, skog, fjell, strand, parkar og dyr rett utanfor døra • Autonomi • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår • Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest etter barnehagelova §19 KontaktinformasjonKaroline Møller , Styrar Sætra barnehage , 98845843, karoline.moller@ulstein.kommune.no ArbeidsstadSjøgata 63 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten Referansenr.: 5165511567 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026
Vi ønsker å styrke vår tekniske avdeling ved Green Yard Kleven, og søker derfor etter: Senior Prosjektingeniør Rør og Maskin Senior Prosjektingeniør Rør og Maskin får jobbe selvstendig med teknisk saksbehandling i prosjektene innen sitt fagområde, og inngå i team som samarbeider innenfor teknisk avdeling ut mot andre avdelinger i bedriften, i tillegg til samarbeidspartnere, underleverandører og kunder. Teknisk avdeling har flere ulike displiner med erfarne prosjektingeniører, med ansvar for å sikre et godt teknisk underlag til alle fartøy som blir bygd, ombygd eller reparert ved begge våre verft, Green Yard Kleven og Green Yard Feda. Arbeidsoppgaver: • Teknisk arbeid/saksbehandling • Rådgiving for kunden • Dokumentasjonshåndtering innen fagområdene rør og maskin • Gi faglig støtte til prosjektene og være verftets faglige kontakt mot leverandører og samarbeidsparter • Bidra til underlag i salgsprosesser Kvalifikasjoner: • Relevante fagbrev innen rør- og maskinfag • Teknisk fagskole, høyskole eller tilsvarende, relevant erfaring kan erstatte utdanning • Bransjeerfaring fra verft/designselskap/rederi eller annen maritim industri • Beherske norsk og/eller engelsk, både skriftlig og muntlig Personlige egenskaper: • Det er viktig at du har interesse for faget ditt, og ønsker å lære mer • God evne til å finne løsninger for kundene • Du tar initiativ og bidrar til et godt arbeidsmiljø og utvikling av avdelingen og bedriften • Det er viktig med gode samarbeidsevner, siden du i prosjektene kommer til å jobbe tett med andre fagområder. Like viktig er det å kunne jobbe selvstendig Vi tilbyr: • Faglig dyktige kollegaer med et inkluderende arbeidsmiljø • God opplæring • Varierte og faglig utviklende arbeidsoppgaver • AFP-bedrift med gode og utvidede pensjons- og forsikringsordninger • Fleksitidsordning Arbeidssted er Green Yard Kleven i Ulsteinvik. Merk søknaden med: "Senior Prosjektingeniør Rør og Maskin" Kontaktpersoner: Teknisk sjef: Svein-Ove Jøsok, tlf 95 28 94 75, e-post: svein-ove.josok@greenyard.no HR-sjef: Lillian Haddal, tlf 90 83 77 98, e-post: lillian.haddal@greenyard.no
Likar du å arbeide med avanserte tekniske løysingar for framtidas grøne fartøy? Ulstein Power & Control, er Ulstein Group sitt systemintegrasjon- og serviceselskap, som leverer avanserte og optimaliserte kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland. Ulsteins engasjement for innovasjon, pålitelegheit og fornøgde kundar gjer oss til ein partnar å stole på i den maritime industrien. Ulstein Power & Control AS sine integrerte løysingar gjer det mogleg for skipseigarar å oppnå nye nivå av effektivitet, redusere kostnader og ta betydelege steg mot ei meir berekraftig framtid. I stillinga som Service Engineer, vert du ein del av eit kunnskapsrikt og innovativt miljø. Service-teamet har ein sentral funksjon i selskapet og leverer tenester til nybygg, Retrofit og service. Du vil få ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag, i tett samarbeid med engasjerte og dyktige kollegaer. Vi ser etter kandidatar som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre. Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik, og avdelingskontor ved Moa i Ålesund. Søknadar vert vurderte løpande, og aktuelle kandidatar kan bli inviterte til samtale før søknadsfristen er ute. Arbeidsoppgåver • Oppstart på kraft- og eller automasjonssystem for nybygg og Retrofit • Servicearbeid for leverte kraft- og/ eller automasjonssystem på båtar som seglar i heile verda, samt via fjernstøtte • Utarbeiding av teknisk underlag, testing og verifikasjon av nye løysingar i lab samt oppstart av desse • Handtering av kundeførespurnader i saksbehandlingssystemet • Stillinga inneber reiseaktivitet Kvalifikasjonar • Teknisk utdanning • Erfaring frå installasjon, oppstart av - og service på kraft- og automasjonssystem eller tilsvarande • Erfaring med Engineering av kraft- og/ eller automasjonssystem til skip • Erfaring med programmering av PLC- og Scada-system eller konfigurering av automasjonssystem. • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk • Nyutdanna innan el-kraft og automasjon oppfordrast å søke Personlege eigenskapar • Du er samarbeidsvillig og likar å arbeide i team • Du er Løysingsorientert, nysgjerrig og lærevillig • Du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag • Du tek initiativ og likar å dele erfaringar og kunnskap Vi tilbyr • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern. • Eit tverrfagleg fagmiljø som vektlegg personleg og fagleg utvikling, sjølvstende og trivsel. • Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, gode pensjons- forsikringsordningar. KontaktinformasjonPer Einar Moldskred, Service Manager, +47 977 92 121 ArbeidsstedOsnesvegen 110 6065 ULSTEINVIK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Ulstein Power & Control AS Referansenr.: 5167855497 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.09.2026
Bli med oss som Service Coordinator! ULSTEINS engasjement for innovasjon, pålitelegheit og fornøgde kundar gjer oss til ein partnar å stole på i den maritime industrien. Våre integrerte løysingar gjer det mogleg for skipseigarar å oppnå nye nivå av effektivitet, redusere kostnader og ta betydelege steg mot ei meir berekraftig framtid. Ulstein Power & Control, er Ulstein Group sitt systemintegrasjon- og serviceselskap, som leverer avanserte og optimaliserte kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland. I rolla som Service Coordinator vert du ein del av eit kunnskapsrikt og innovativt miljø. Stillinga inngår i eit team som er eit sentralt bindeledd mellom kundane våre og tenestene Ulstein Power & Control tilbyr. Du deltek i heile det administrative der mellom anna sal, planlegging og fakturering inngår. Service-teamet er ei viktig og dynamisk avdeling som leverer tenester til nybygg, Retrofit og ettermarknad. Du vil få ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag, i tett samarbeid med dyktige og kjekke kollegaer. Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik, og avdelingskontor ved Moa i Ålesund. Søknadar vert vurderte løpande, og aktuelle kandidatar kan bli inviterte til samtale før søknadsfristen er ute. Arbeidsoppgåver • Kundekontakt, relasjonsbygging og salsfremjande aktivitetar • Gjennomføre sal og ordrehandtering • Planlegging av reiseoppdrag inkludert ressursar, utstyr/ komponentar og dokumentasjon • Prosjektgjennomføring/ sakshandsaming i D365, CRM og ERP herunder også fakturering • Innkjøp ved behov. • Medansvarleg for utvikling av interne løysingar • Noko reiseaktivitet må påreknast Kvalifikasjonar • Teknisk utdanning, erfaring kan kompensere for dette • Bransjekunnskap (elektro, automasjon, skipsbygging, drift av/arbeid på fartøy mm) • Bakgrunn frå maritim bransje som reisemøntør, seglande, prosjektarbeid, Engineering eller sal-/ettermarknadsarbeid • Kjennskap til CRM og ERP-system • Erfaring med digitalisering og datainnsamling kan ver ein fordel • Gode norsk og engelsk kunnskapar Personlege eigenskapar • Engasjert og kreativ • Strukturert • God evne til å kommunisere og bygge relasjonar • Gode samarbeidsevner • Fleksibel Vi tilbyr • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern. • Eit tverrfagleg fagmiljø som vektlegg personleg og fagleg utvikling, sjølvstende og trivsel. • Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, og gode pensjons- og forsikringsordningar. KontaktinformasjonPer Einar Moldskred, Service Manager, +47 977 92 121 ArbeidsstadOsnesvegen 110 6065 ULSTEINVIK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ulstein Power & Control AS Referansenr.: 5167832494 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.09.2026
Vi søker ein engasjert og framtidsretta bibliotektilsett i ei mellombels prosjektstilling på 1 år. Stillinga er ei styrking av bemanninga ved biblioteket i samband med eit utviklingsprosjekt, der målet er å vidareutvikle samarbeidet mellom folkebiblioteket og skulebiblioteka. Slik vil vi bidra til at fleire barn og unge får lyst til å lese, lære og utforske verda gjennom litteratur. Stillinga er ei prosjektstilling på 100% (1 år) med moglegheit for forlenging dersom prosjektet blir vidareført. Du blir ein del av bibliotekteamet og arbeider i tett samarbeid med kollegaer ved biblioteket, i tillegg til kontakt med elevar, lærarar og skuleleiing. Arbeidsoppgåver • Delta i planlegging og gjennomføring av tiltak som knyter folkebiblioteket og skulebiblioteka tettare saman (til dømes felles leseprosjekt, forfattarbesøk, temaveker og klassebesøk). • Medverke til å utvikle struktur og rutinar for skulebiblioteka saman med lærarar og leiarar i skule. • Bidra til å utvikle skulebiblioteka som ressurs for leselyst. • Vere med på å vidareutvikle biblioteket som ein inkluderande møteplass for barn og unge Kvalifikasjonar • Relevant utdanning, gjerne innan bibliotek, pedagogikk eller liknande. • Erfaring frå arbeid i bibliotek, skulebibliotek er ein fordel. • Kjennskap til barn og unge sine lesevanar, og interesse for litteratur og formidling til denne målgruppa. • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk. Personlege eigenskapar • Du er initiativrik, sjølvstendig og likar å få ting til å skje. • Du trivst med å arbeide saman med andre, byggje relasjonar og skape engasjement. • Du har eit varmt engasjement for barn og unge, lesing, kunnskap og like moglegheiter. Vi tilbyr • Ei spennande moglegheit til å vere med å utvikle framtidas bibliotek- og skulebibliotektilbod i kommunen vår. • Eit fagleg miljø med høve til påverknad, utvikling og samarbeid. • Varierte arbeidsdagar. • Løn etter tariff. KontaktinformasjonBritt Opsahl Myrene, Biblioteksjef Ulstein bibliotek, britt.opsahl.myrene@ulstein.kommune.no ArbeidsstadSjøgata 63 6065 ULSTEINVIK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ulstein kommune Referansenr.: 5167528707 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 04.09.2026
Vil du jobbe med avanserte tekniske løysingar for framtidas fartøy? Ulstein er kjend for innovasjon, pålitelegheit og sterke relasjonar til kundane våre. Ulstein Power & Control AS leverer integrerte løysingar som bidreg til at skipseigarar oppnår høgare effektivitet, reduserte kostnadar og kan ta viktige steg mot ei meir berekraftig framtid. Ulstein Power & Control er systemintegrasjons- og serviceselskapet i Ulstein Group. Vi leverer avanserte og optimaliserte kraft- og automasjonsløysingar til kundar over heile verda. Løysingane våre omfattar også fjernoperasjonsteknologi som plasserer oss i front innan dette området. Selskapet er i vekst og utvikling, og vi søker etter fleire nye medarbeidarar. I stilling som Senior Engineer Automation vil du verte del av eit kunnskapsrikt, innovativt og engasjert fagmiljø. Ingeniørteamet spelar ei sentral rolle i selskapet og jobbar med nybygg, oppgraderingar og serviceprosjekt. Du får ein variert og spennande arbeidskvardag i tett samarbeid med dyktige kollegaer løyser utfordringar i eit selskap som gir høve til både personleg og fagleg utvikling. Vi ser etter ein kandidatar som ønskjer å påverke, utvikle og skape resultat i samarbeid med andre. Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik og avdelingskontor på Moa i Ålesund. Søknadar blir vurderte fortløpande, og aktuelle kandidatar kan bli inviterte til samtale før søknadsfristen er ute. ArbeidsoppgåverIntegrasjon av kraft- og automasjonsløysingar Konfigurering og programmering av kontrollsystem. Utarbeide av ordrespesifikk dokumentasjon, her under CAD og teknisk spesifikasjon Testing og verifikasjon av software og hardware Klasse-test (FAT/HAT/SAT) Produktspesifikasjon og PLM Sals-støtte og oppfølging av prosjekt Legge til rette for kursing av kundar i våre system Delta i utvikling av berekraftige løysingar KvalifikasjonarRelevant teknisk utdanning på bachelor- eller masternivå God forståing for marine system og grensesnitt knytte til desse Erfaring med å utvikle og konfigurere Integrated Automation System (IAS), Power Management System (PMS) og Energy Management System (EMS) Erfaring med regelverk frå klasseselskap, og klassegodkjenning Erfaring med industrielle kommunikasjonsprotokoller Erfaring med Linux og Python Erfaring med X-Connect er en fordel. Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk Personlege eigenskaparGode evner til kommunikasjon og samarbeid Løysingsorientert Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag Vilje til å søke ny kunnskap og dele erfaringar Kvifor velje Ulstein Power & Control? Eit framtidsretta og kompetent miljø Du blir del av eit sterkt fagmiljø som jobbar med leiande maritime teknologiløysingar og har eit tydeleg fokus på innovasjon og berekraft. Gode utviklingsmoglegheiter Hos oss får du fagleg påfyll, ansvar og høve til å påverke retninga på både prosjekt og teknologiutvikling. Fleksibilitet og konkurransedyktige vilkår Vi tilbyr løysingar som gjer det lettare å kombinere jobb og kvardag, i tillegg til gode og marknadstilpassa vilkår. Samarbeid med bransjens beste Du jobbar tett med engasjerte, dyktige kollegaer og bidreg til å forme morgondagens maritime system og løysingar. KontaktinformasjonStephen Thorheim Røyset, Project & Engineering Manager, 958 61 161 Katrine Sundal, HR Manager, 480 17 937 ArbeidsstadOsnesvegen 110 6065 ULSTEINVIK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ulstein Power & Control AS Referansenr.: 5163985860 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.08.2026
Bli en sentral del av et internasjonalt teknologimiljø hvor innovasjon, bærekraft og ingeniørkunst møtes. Hos Eltorque utvikler vi elektriske aktuatorer og kontrollsystemer som bidrar til en mer energieffektiv og bærekraftig maritim og landbasert industri. Våre løsninger brukes av kunder over hele verden, og vi er stolte av å levere teknologi som gjør en forskjell. Nå søker vi en Sales Project Engineer som ønsker en sentral rolle i skjæringspunktet mellom teknologi, prosjektledelse og kundeoppfølging. Hos oss får du ansvar for spennende internasjonale prosjekter og muligheten til å samarbeide med noen av bransjens dyktigste fagmiljøer innen utvikling, produksjon og engineering. Dette er en stilling for deg som motiveres av å skape gode kundeopplevelser, trives med tekniske utfordringer og ønsker å bidra til utviklingen av fremtidens energieffektive løsninger. Om stillingen Eltorque søker en engasjert og strukturert Sales Project Engineer som ønsker å være med på å forme fremtidens maritime og landbaserte industri gjennom innovative løsninger med fokus på energieffektivitet og bærekraft. Arbeidsoppgaver Som Sales Project Engineer vil du ha en sentral rolle i gjennomføringen av kundeprosjekter, og du vil blant annet: • Sikre at kundene får leveranser som møter – og gjerne overgår – deres forventninger. • Planlegge, koordinere og følge opp kundeprosjekter fra ordre til ferdigstillelse. • Samarbeide tett med utvikling (R&D), produksjon og salgsorganisasjonen for å sikre gode prosjektgjennomføringer. • Utarbeide prosjektplaner og følge opp fremdrift, kvalitet og leveranser. • Bidra med teknisk rådgivning og fungere som teknisk støtte gjennom hele prosjektets livssyklus. • Bygge gode relasjoner med kunder og interne samarbeidspartnere. Kvalifikasjoner Vi ser etter deg som har: • Bachelor- eller mastergrad innen maskin, elektro, automasjon eller tilsvarende tekniske fag. • Erfaring fra prosjektgjennomføring innen maritim industri, prosessindustri, offshore eller annen teknisk industri. • Gode analytiske evner og en strukturert arbeidsform. • Evne til å arbeide selvstendig samtidig som du trives i tverrfaglige team. • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. • Behersker både norsk og engelsk, skriftlig og muntlig. Hvorfor velge Eltorque? Hos Eltorque får du muligheten til å: • Jobbe med spennende og internasjonale prosjekter som bidrar til økt energieffektivitet og bærekraft. • Bli en del av et innovativt teknologimiljø med høy fagkompetanse. • Arbeide tett med dyktige kollegaer i et uformelt og inkluderende arbeidsmiljø. • Få konkurransedyktige lønns- og pensjonsordninger, samt gode forsikringsordninger. • Videreutvikle din kompetanse gjennom varierte arbeidsoppgaver og gode utviklingsmuligheter. En arbeidsplass med mangfold Eltorque er opptatt av å skape et inkluderende arbeidsmiljø hvor mangfold verdsettes, og hvor alle medarbeidere får muligheten til å utvikle seg og lykkes. Vil du være med å utvikle fremtidens løsninger? Dersom du ønsker å bidra til utviklingen av innovative og bærekraftige løsninger for den maritime og landbaserte industrien, ser vi frem til å høre fra deg. Høres dette interessant ut? Send oss din CV og søknad. Alle henvendelser behandles konfidensielt. Ved spørsmål kontakt Senior Advisor Executive Search and Recruitment - Peter Høvik Telefon: 930 90 170 E-post: peter@wsgs.no Søknadsfrist: Snarest Vi vurderer søknader fortløpende og ser frem til å høre fra deg.
Vil du vere med å utvikle Ulstein kommune? Ulstein kommune søkjer ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert leiar til ei nyoppretta stilling som kommunalsjef for personal og organisasjon. Ulstein kommune etablerer ei ny eining der personal, HR, organisasjonsutvikling, digitalisering, kommunikasjon og kvalitetsarbeid vert samla under felles leiing. Du får ei sentral rolle i kommunedirektøren sitt leiarteam og skal bidra til å byggje ein heilskapleg, robust og framtidsretta organisasjon. Arbeidsoppgåver • leie og vidareutvikle kommunen sin arbeidsgivar- og HR-strategi • leie arbeid med organisasjons- og leiarutvikling • styrke rekruttering, kompetanse og arbeidsmiljø • leie utvikling av digitale og effektive arbeidsprosessar • ansvar for kommunikasjon, dokumentforvaltning og service mot innbyggarane • leie og vidareutvikle system for kvalitet, internkontroll og beredskap • vere ein tydeleg støttespelar for leiarar i heile organisasjonen Du får ansvar for fag, personal, økonomi og resultat innan eiga eining. Samstundes skal du bidra aktivt i den samla utviklinga av kommunen. Kvalifikasjonar • relevant høgare utdanning • leiarerfaring frå kompleks organisasjon • solid erfaring og forståing for HR, organisasjonsutvikling og offentleg forvaltning Personlege eigenskapar • du tenkjer strategisk og ser heilskapen i organisasjonen • du skaper framdrift og får oppgåver gjennomførte • du samarbeider godt, kommuniserer tydeleg og byggjer gode relasjonar • du er ein trygg og tydeleg leiar som motiverer og skaper tillit Vi tilbyr • ei sentral leiarstilling med stor påverknad • moglegheit til å bygge opp ei ny eining • tett samarbeid med kommunedirektør og leiargruppa • eit sterkt fagmiljø prega av tillit og samarbeid • løn etter avtale KontaktinformasjonJarl Martin Møller, Kommunedirektør, +47 97506761 ArbeidsstadSjøgata 63 6065 ULSTEINVIK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ulstein kommune Referansenr.: 5148260872 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Ulstein Design & Solutions søkjer Sales Manager Aftermarket Har du interesse for sal, nettverksbygging og maritime løysingar? Vi søkjer ein engasjert Sales Manager Aftermarket som vil vere med å utvikle - samt styrke relasjonane våre med kundar i drift. Du blir ein sentral del av ettermarknadsteamet vårt – eit miljø der samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og løysingsorientert arbeid står i sentrum. Du er ein person som trivst i møte med folk, som likar å sjå moglegheiter og som får energi av å skape gode resultat. Du er nysgjerrig, framoverlent og utadvent. Du har interesse for sal, design, tekniske løysingar og forbetring av arbeidsprosessar. I rolla som Sales Manager Aftermarket blir du ein del av eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø i Ulstein Design & Solutions – ein plass der ingen dagar er like. Du jobbar tett med både kundar og kollegaer for å finne dei beste løysingane, og sal, tilbod og nettverksbygging er ein naturleg del av kvardagen. Du får ei sentral rolle i å marknadsføre og selje engineeringtenester knytt til reparasjonar, vedlikehald og ombyggingar av skip, i tett samarbeid med kundar, leiar for ettermarknad og interne fagmiljø. I tillegg må du rekne med noko prosjektarbeid og bidra aktivt i forbetring av arbeidsprosessar. Du vil vere ein sentral bidragsytar i å styrke selskapet sin posisjon i marknaden, og rolla gir deg ei unik moglegheit til å jobbe kommersielt i skjeringspunktet mellom sal, teknisk og maritime løysingar. Er dette noko for deg? Då ser vi fram til å høyre frå deg! KontaktinformasjonRunar Muren, Managing Director, +4795170764 ArbeidsstedOsnesvegen 110 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Ulstein Design & Solutions AS Referansenr.: 5128703168 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Annonsen gjeld stillingar i Sundgotmarka barnehage, Høddvoll barnehage, Sætra barnehage og Almejordet barnehage. Som hovudregel vert ledige stillingar lyst ut med eiga annonse, men vi kan i periodar også ha behov for tilkallingsvikarar eller vikarar for korte periodar og lyser med dette ut annonse for det. Dersom du ønskjer å bli tilkallingsvikar, kan du vise interesse ved å sende oss elektronisk søknad. ArbeidsoppgåverSom tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med alle barnegrupper i alderen 0-6 år. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode.KvalifikasjonarDet vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding. Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som: • har barnet i fokus og kan legge til rette for god leik • er opptatt av barnets utvikling og trivsel • er ansvarsbevisst • har gode norskkunnskapar • har gode kommunikasjonsferdigheiter Vi legg vekt på evne til god kommunikasjon, samarbeid, stabilitet og fleksibilitet. Vi tilbyr Informasjon om avtale som tilkallingshjelp: Avtale som tilkallingshjelp betyr at Ulstein kommune tek kontakt med arbeidstakar ved behov for midlertidig tilsetting, jf. AML § 14-9. Det er kommunen sitt behov som er utgangspunktet for førespurnaden til arbeidstakaren. Avtalen inneber i seg sjølv inga plikt for arbeidstakaren til å utføre arbeid i kommunen. Arbeidsgjevar har rett til å inngå tilsvarande avtale om tilkallingshjelp med andre, og kommunen står fritt i val av arbeidstakar i det einskilde høve. Tilkallingsavtalen er saman med arbeidsplan/vaktliste ein godkjent arbeidsavtale, og Ulstein kommune har arbeidsgjevaransvar frå du kjem på jobb og til arbeidsdagen er ferdig. Du er i denne perioden omfatta av kommunens sine pensjons- og forsikringsordningar. Krav til dokumentasjon: For dei fleste stillingar i barnehagen er det krav om politiattest jf. barnehagelova. Tilfredsstillande politiattest skal vere levert før start i stilling. Arbeidsgivar må skriftleg stadfeste behov for politiattest, før ein kan søke om dette. Det kan vere behandlingstid hos politiet. Dei som vert tilsett kan bli pålagt å ta tuberkuloseprøve. Det er krav om vitnemål og dokumentasjon av arbeidserfaring (attest) ved fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år til dokumentasjon er levert og vurdert. Elektronisk søknadsprosess: Vi rår til at du lastar opp vitnemål og attestar og eventuelt studentbevis som viser kva studie du tek og kva semester du er inne i, i portalen. Desse dokumenta vert ein del av den elektroniske søknaden. Vi tek i mot søknader fortløpande, og ønsker deg velkommen som søkjar her hos oss i Ulstein kommune. Til informasjon vil styrarane i barnehagane få tilgang til søknaden din. Om vi ved seinare høve lyser ut ledig stilling som er interessant for deg, gjer vi merksam på at du må sende inn ny søknad til den konkrete stillinga. Generell informasjon: Søkjarlister er offentlege. Løn- og arbeidsvilkår er etter gjeldande lov- og avtaleverk. KontaktinformasjonKaroline Møller , Styrar Sætra barnehage , +47 98845843 Kathrin Riise , Styrar Høddvoll barnehage , +47 90880048 Nora Wingsternes , Styrar Sungdogtmarka barnehage, +47 91577715 Linda Christin Arneberg, Styrar Almejorde barnehage, +47 96208637 ArbeidsstadRådhuset 6065 ULSTEINVIK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tilkallingsvikar Referansenr.: 5141886163 Stillingsprosent: 100% Fast
Hva vi ser etter Strukturert og systematisk, vise yrkesstoltheit, fagbrev, beherske norsk, førerkort klasse B, godkjent vandel, gode datakunnskaper. Arbeidsoppgaver Service, vedlikehold, reparasjoner og PKK ( EU )kontroller. Vi tilbyr God opplæring i våres systemer og rutiner. Interessante og varierte arbeidsoppgaver. Konkurransedyktig lønn. Godt arbeidsmiljø. Tariff og pensjonsavtale.
Currently 12 vacancies are open in Ulstein. The listings are refreshed continuously.
Leading employers in the area include Ulstein Power & Control AS, Ulstein kommune, Eltorque AS.